Petroleumsskattelova inneheld eit stort antall føresegner
som gir Kongen fullmakt til å fastsetje nærare
forskrifter eller til å treffe vedtak. Fullmakta etter
dei aktuelle føresegnene er i enkelte tilfelle delegert
til departementet, anten Finansdepartementet eller Olje- og energidepartementet.
Den generelle fullmakten for Kongen til å gi nærare
regler til utfylling og gjennomføring av loven i petroleumsskattelova § 8
blei delegert til Finansdepartementet ved kongeleg resolusjon av
16. april 1999.
Departementet gjer framlegg om at dei fleste av føresegnene
i petroleumsskattelova som gir fullmakt til Kongen endrast, slik
at fullmakta i staden blir gitt til departementet. Etter departementet
sin oppfatning vil dette gi eit meir smidig og effektivt system,
og bidra til ei meir føremålsteneleg arbeidsfordeling
mellom Regjeringa og departementet, ved at forskrifter og vedtak
av til dels svært teknisk karakter ikkje lenger må opp
til avgjerd i Statsråd. Når fullmakta etter dei sentrale
delane av lova alt er delegert til departementet, blir det ei meir
konsekvent og samordna løysing at ei allmenn og brei delegering
blir vedteke i sjølve lova, framfor i nye kongelege resolusjonar
om delegering.
Når det gjeld Kongens fullmakt til å nemna
opp medlemer av Oljeskattenemnda etter § 6 nr.
1 bokstav b og Klagenemnda for petroleumsskatt etter § 6
nr. 1 bokstav d, gjer departementet likevel ikkje framlegg om nokon
endring. Omsynet til nemndenes frie stilling talar for at fullmakta
til å nemna opp medlemer av nemndene framleis bør
liggje hos Kongen. Særleg gjeld dette fordi søksmål
etter petroleumsskattelova skal anleggjast mot staten v/Finansdepartementet,
jf. petroleumsskattelova § 6 nr. 3 første
avsnitt.
Av omsyn til oversikta i regelverket, gjer departementet framlegg
om endring også i dei føresegnene kor fullmakta
alt er delegert. Etter dette blir det foreslått at «Kongen» blir
erstatta med «departementet» i følgjande
føresegner i petroleumsskattelova: §§ 1,
3, 4, 5, 6 bortsett frå nr. 1 bokstav b og d, 6a, 7, 8,
9 og 10.
Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med
verknad straks.
Ein viser til utkast til endringar i petroleumsskattelova.
Komiteen slutter seg til Regjeringens
forslag om endring i petroleumsskatteloven §§ 1,
3, 4, 5, 6 bortsett fra nr. 1 bokstav b og d, 6a, 7, 8, 9 og 10.