2. Endring i merverdiavgiftsloven § 16andre ledd bokstav b

Sammendrag

Etter meirverdiavgiftslova § 16 andre ledd bokstav b kan Finansdepartementet i saker som gjeld spørsmål om ein publikasjon er omfatta av fritaket for aviser, bøker og tidsskrift, avgjere om ein publikasjon er friteken frå avgiftsplikt, etter å ha innhenta fråsegn frå det rådgjevande utvalet. Utvalet vart etter oppnemninga i 1969 nytta da Finansdepartementet utarbeida forskrifter som avgrensar fritaket og har sidan vorte nytta til å vurdere konkrete saker som er innkomne til Finansdepartementet for avgjerd.

Departementet gjer framlegg om at den særskilde saksbehandlinga for trykt skrift saker og ordninga med eit eige rådgjevande utval fell bort. Behandlingsmåten er tidsmessig krevjande og Finansdepartementet har ikkje makta å avgjere sakene så fort som ønskeleg ut frå vanlege forvaltningsrettslege prinsipper. I tillegg blir praksis vanskeleg tilgjengeleg når ein har ei slik ordning med mange enkeltavgjerder. Dette er ein uheldig situasjon for avgiftsstyremaktene og for dei næringsdrivande innan bransjen.

Perioden for det siste oppnemnde utvalet gjekk ut 31. desember 1997, og det er ikkje oppnemnt eit nytt utval. Bakgrunnen for dette har vore at det har vist seg å vere vanskeleg å etablere eit utval som fungerer godt, og at restansesituasjonen var problematisk. Finansdepartementet har derfor i fleire saker den seinare tid gitt fortolkningsfråsegner på området utan å legge saka fram for eit utval først. Saker om trykt skrift har såleis blitt behandla på same måte som andre saker som gjeld spørsmål om rekkevidda av avgiftsplikta etter meirverdiavgiftslova. Stortinget blei orientert om dette i St.prp. nr. 1 (1998-1999) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.

Sjølv om reglane om nullsats for trykt skrift gjer sitt til å komplisere meirverdiavgiftssystemet, er dette rettsområdet etter kvart blitt fastsett gjennom forskrifter og lang forvaltningspraksis.

Finansdepartementet gjer på denne bakgrunn framlegg om å oppheve meirverdiavgiftslova § 16 andre ledd bokstav b.

Framlegget vil føre til at trykt skrift saker blir behandla på ordinær måte. Den næringsdrivande vil såleis kunne be fylkesskattekontoret i første instans om å vurdere om ein publikasjon er omfatta av fritaket for trykt skrift, og avgiftsforvaltninga vil gi fråsegn på bakgrunn av ei begrunna oppfatning om publikasjonen sin avgiftsmessige status. I tilfelle kor avgiftsstyremaktene fattar eit etterberegningsvedtak, kan ein klage vedtaket inn for Klagenemnda for meirverdiavgift. Klagenemnda sitt vedtak kan vidare bli brakt inn for domstolen. Prosedyrane for saksbehandlinga vil bli enklare og dette har som siktemål å korte ned saksbehandlingstida, både for den avgiftspliktige og for avgiftsstyremaktene.

Ei oppheving av § 16 andre ledd bokstav b vil ikkje få betydning for departementet sin kompetanse til å gi forskrifter om utfylling, avgrensing og gjennomføring av fritaket for trykt skrift, fordi departementet framleis vil ha heimel til dette i meirverdiavgiftslova § 16 andre ledd bokstav a.

Departementet viser til framlegg til endring av meirverdiavgiftslova § 16 andre ledd bokstav b. Departementet gjer framlegg om at endringa skal gjelde med verknad straks.

Alle saker om trykt skrift blir i dag først vurdert av fylkesskattekontoret og Skattedirektoratet. Mange saker blir òg avslutta etter at den næringsdrivande har fått ei fråsegn frå ein av desse instansane. Dei underliggjande organ har såleis allereie i dag monaleg kompetanse på området. Finansdepartementet meiner at det ikkje vil være særleg meir arbeidskrevjande i større grad å svare den næringsdrivande direkte framfor å førebu og oversende saka til Finansdepartementet. Dersom framlegget til endring av meirverdiavgiftslova blir vedteke, vil Finansdepartementet utarbeide oversikt over praksis i dei sakene som er behandla etter å ha vore lagde fram for det rådgjevande utval for trykt skrift.

Framlegget inneber inga endring av materiell karakter.

For Finansdepartementet vil endringa medføre ein reduksjon av sakstilgangen, ved at det for framtida berre vil vere tvilsame og prinsipielle saker som skal bli lagde fram for departementet for fråsegn.

Ein legg òg til grunn at dei avgiftspliktige får raskare avklaring og at praksis blir meir tilgjengeleg. Finansdepartementet kan såleis heller ikkje sjå at framlegget skulle medføre negative administrative eller økonomiske konsekvenser for desse.

Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om endring i merverdiavgiftsloven § 16 annet ledd bokstav b.