Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erling Brandsnes, Gunnar Breimo, Mimmi Bæivi, Karin Kjølmoen, Kjell Opseth og Rita Tveiten, fra Fremskrittspartiet, øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, fra Kristelig Folkeparti, Randi Karlstrøm og Jon Lilletun, fra Høyre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, fra Senterpartiet, lederen Morten Lund, og fra Venstre, Leif Helge Kongshaug, har merka seg at fiskerinæringa er Noregs nest største eksportnæring basert på fornybare ressursar, og at oppdrett åleine sto for 12 mrd. kroner av til saman om lag 30 mrd. kroner i 1999. Komiteen er kjent med rapporten «Norges muligheter for verdiskaping innen havbruk» utgitt av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskap og Norges Tekniske Videnskapakademi. Der vert verdiskapingspotensialet basert på marine ressursar berekna til 230 mrd. kroner i 2030.

Komiteen syner til Innst. S. nr. 93 (1998-1999) der det heiter at:

«Komiteen er kjend med at fiskefangsten har nådd ei førebels grense på om lag 90 mill. årstonn på verdsbasis. Det er ikkje forventa at dette uttaket kan aukast i særleg grad. Det er difor først og fremst oppdrett som må stå for veksten i framtida.

Komiteen ser for seg at produksjonsvolumet i oppdrettsnæringa må aukast på verdsbasis om ikkje sjømat sin plass i verdshushaldninga skal gå ned når folketalet aukar.»

Komiteen syner vidare til St.meld. nr. 43 (1998-1999) Vern og bruk i kystsona som konkluderer med at:

«Komiteen mener det er grunn til å understreke at verdiskapingspotensialet basert på marine ressurser kun kan realiserest ved at det legges til grunn en forvaltning som ivaretar både miljø- og næringsmessige hensyn og at det skapes aksept for at driftsanlegg i kystsonen kan bli like vanlig som på land.»

Komiteen meiner oppdrettsnæringa har lagt bak seg den første utviklingsfasen med prøving og feiling og at næringa no er over i ein fase basert på forsking og kunnskap. Dette medfører auka ansvar for aktørane i oppdrettsnæringa. På den andre sida må offentlege styresmakter revidera lovverket som regulerer området ofte nok til at det dekkjer næringa sitt behov. I åra som kjem vil oppdrettsvolumet auka monaleg både for laks og aure, men også for nye artar som skjel, kveite, steinbit og torsk.

Komiteen kjenner til at strukturen i næringa har utvikla seg mot større vertikal integrasjon når det gjeld eigarskap og samarbeid i verdikjeda.

Komiteens medlemer, alle unnteke Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, meiner dette er i naturleg utvikling ettersom produksjonssida må kunna handtera ein aukande internasjonal konkurranse og kjededanning på varehandelsida.

Komiteens medlemer frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre er samde i at næringa må setjast i stand til å handtera ein aukande internasjonal konkurranse og kjededanning på varehandelssida. Desse medlemer vil koma attende til kva for struktur som er best for å nå dette målet.

Komiteen er samd med departementet i at det er ein målsetnad å gje livsgrunnlag også for små einingar, og dermed sørgja for ein variert næringsstruktur i oppdrettsnæringa. Komiteen vil understreka at krava til seriøs drift må gjelda for alle.

Noreg har komparative føremoner med kaldt klima, relativt lite avrenning frå land og eit av dei mest næringsrike havområda i verda. Komiteen meiner desse føremonene må forvaltast i eit langsiktig perspektiv.

Komiteen vil understreka den positive utviklinga me har hatt i oppdrettsnæringa med reduksjon i sjukdomsutbrot og bruk av antibiotika. Komiteen syner til at areal- og marknadstilgang samt tiltru hjå forbrukarane vert avgjerande for vidare vekst for næringa. I eit slikt lys meiner komiteen det trengst fokus på dei miljømessige sidene ved næringa. Komiteen vil peika på at når marknadstilgang vert ein av dei mest sentrale suksessfaktorane for utviklinga av oppdrettsnæringa vil det vera eit vesentleg konkurranseføremon å kunna dokumentera miljøstandarden innan næringa. Dette vil få auka merksemd i alle omsetningsledda frametter, noko Eksportutvalet for fisk understrekar i si høyringsfråsegn.

Komiteen meiner dette i seg sjølv krev auka fokus på kvalitetssikring og miljøkrav. Komiteen syner til at retten til å driva oppdrett er eksklusiv for dei som får konsesjon.

Etter komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Høyre, sitt syn, er det rimeleg at det vert innført heimel for innkrevjing av gebyr knytt til dei utgiftene offentlege styresmakter har knytt til oppdrettsnæringa. Flertallet vil likevel understreka at det må synast måtehald med kva utgifter næringa skal hefta for.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener det ikke er riktig å gi en egen hjemmel for å innføre et slikt gebyr nå. Før man vurderer innføring av et slikt gebyr, er det behov for en gjennomgang av næringens avgifts- og gebyrbelastning på ulike områder. Disse medlemmer mener det vil være naturlig med en slik samlet gjennomgang i forbindelse med den varslede revisjon av oppdrettsloven.

Komiteen er kjend med Fiskeridepartementet sine miljøpolitiske mål om å vidareutvikla driftsformer som vektlegg sjukdomsførebyggjande arbeid og effektiv og miljøvenleg tiltak for å nedkjempa lakselus, og å vidareutvikla teknologi og driftsformer som minimaliserer utslepp og rømming og som ikkje medfører negative effekter på det marine biologiske mangfaldet og havmiljøet, og sluttar seg til desse.

Komiteen er samd i at det vert etablert heimel i oppdrettslova som gjer at det kan setjast i verk tiltak som vil redusera miljøbelastinga frå oppdrettsnæringa og at det vert innført ei godkjenningsordning for anlegg, innretningar og utstyr i oppdrettsverksemder. Det vil etter komiteen sitt syn i auka grad legitimera oppdrettsaktiviteten i kystsona, ikkje minst sett i lys av problemet med rømming av fisk frå oppdrettsanlegga.

Komiteen meiner ordninga med internkontroll kan medverka til betre rutinar, sikrare drift og vedlikehald av anlegga.

Komiteen er kjend med at oppdrettsnæringa står under sterkt press frå omgjevnaden og meiner det vil vera bruk for auka dokumentasjon knytt til miljøverknadene av oppdrettsverksemda. Dette vil betra høvet til å gripa inn i tide om utviklinga tek ei uheldig vending.

Komiteen er kjend med at det er innført verne- og buffersonar i einskilde fjordsystem og ser at det også vil vera naudsynt i framtida. Men komiteen vil understreka at tiltaka nøye må vurderast i høve verneformålet, slik det går fram av handsaminga av St.meld. nr. 43 (1998-1999) Vern og bruk i kystsona. I eit slikt lys støttar komiteen innføring av ein ny og klarare heimel til å innføra forbod mot oppdrettsverksemd i bestemte område.

Komiteen meiner oppdrettsnæringa må jamstillast med andre næringar det er naturleg å samanlikna seg med når det gjeld straffeansvar, og minner om at ansvaret for Noreg sitt omdøme som påliteleg leverandør av sjømat i ein internasjonal marknad forpliktar.