7. Forslag om å heve aldersgrensene formilitær tenestegjering

Etter Forsvarsdepartementet si vurdering bør det gjerast endringar av heimevernslova og vernepliktslova, slik at lovverket oppstiller eit absolutt og generelt forbod mot tvungen rekruttering av barn under 18 år til Forsvaret i fred, beredskap og krig, samt eit tilsvarande forbod mot frivillig rekruttering til stridsrelatert verksemd eller anna deltaking i væpna konfliktar. Departementet kjem i proposisjonen med framlegg om dette. Dette vil harmonisere norsk lovgiving med dei nye internasjonale folkerettsinstrumenta på området, og gje eit viktig signal om at Noreg følgjer opp det internasjonale arbeidet for å heve aldersgrensa for rekruttering til væpna styrkar eller andre krigførande partar. Lovendringane vil truleg ikkje få korkje økonomiske konsekvensar eller konsekvensar for beredskapen.

På sidane 8-13 i proposisjonen vert ei rekkje høyringsuttalelser gjengjeve.

Forsvarsdepartementet er, trass i innvendingane frå eit fåtal av høyringsinstansane, kome til at det ikkje vil vere noko god løysing å heve aldersgrensa for våpentrening. Departementet legg her vekt på at våpentreninga klart ikkje er av stridsrelatert karakter. Ramma rundt skytetreninga har konkurransepreg, og Forsvarsdepartementet er ikkje samd med Barneombodet i at ei samanlikning med skiskyting og skyttarlag ikkje er relevant. Eit absolutt forbod mot våpenopplæring før fylte 17 eller 18 år for HV-ungdom vil dessutan få negative konsekvensar for gjennomføring av militære feltsportdisiplinar, Det Frivillige Skyttervesen og skiskytingsporten. Forsvarsdepartementet ser det elles som ei urealistisk løysing at skytetrening for HV-ungdom skulle «setjast bort» til sivile skyttarlag e.l., og kan vanskeleg sjå kva for føremonar eit slikt opplegg vil ha. Tvert om vil ei slik ordning mest sannsynleg skape praktiske og økonomiske problem for gjennomføringa av utdanninga av HV-ungdom. Departementet vil difor på det noverande tidspunkt ikkje tilrå at det vert teke noko initiativ med sikte på å heve aldersgrensa for våpentenesta for HV-ungdomen, eller at våpentreninga i Forsvaret sin regi vert fjerna. Dagens ordning med at HV-aspirantar ikkje skal ha opplæring på AG-3 automatgevær, vil likevel bli ført vidare.

Dei same reglane som er omtalt ovanfor, vil òg gjelde for annan frivillig teneste i Forsvaret. Dette inneber mellom anna at lovendringsframlegga ikkje vil få konsekvensar for frivillig rekruttering av personar under 18 år til Forsvarets utdanningsinstitusjonar, til dømes inntak av lærlingar etter Reform 94, så lenge personellet ikkje får opplæring i stridsrelaterte disiplinar, og så lenge ein syter for dimisjon av personellet i tilfelle beredskap og krig, jf. ovanfor om dette. Lovframlegget tek altså ikkje fullt ut sikte på å hindre at personar som ønskjer dette, kan gjere teneste i eller på annan måte ha ei formalisert tilknyting til Forsvaret før dei har fylt 18 år. Framlegget tar likevel sikte på å utelukke ein kvar sjanse for at personar under 18 år får trening i stridsrelaterte disiplinar eller får høve til å delta i stridsrelatert verksemd, både i fred, krise og krig. Slik vil ein dermed sikre at barn i tilfelle væpna konflikt ikkje vil bli utsett for kamphandlingar som følgje av at dei gjer teneste i eller har noko anna tilknyting til Forsvaret.

Som nemnd ovanfor, er det sannsynleg at Noreg vil binde seg til ei 18-års aldersgrense for frivillig rekruttering til Forsvaret ved ein eventuell ratifikasjon av den nye tilleggsprotokollen til FN sin barnekonvensjon. Spørsmålet er da om dei lovendringar som er nemnde i proposisjonen vil vere nok til å gjere det norske regelverket i samsvar med ei slik folkerettsleg regulering. Etter departementet sitt syn vil lovendringane medføre at norsk lovgjeving vil vere i samsvar med ei slik 18-års grense. Rett nok vil 16-åringar etter norsk rett framleis kunne ha eit formalisert forhold til Forsvaret. Men dei skal altså ikkje få nokon praktisk opplæring eller på annan måte delta i stridsrelatert verksemd, heller ikkje skal dei verte mobiliseringsdisponerte/innrullerte som vernepliktige eller få lov til å halde fram i tenesta i Forsvaret i tilfelle der det kan tenkjast at Forsvaret må delta i kamphandlingar. Desse forholda gjer det klart at 16-åringar, anten det er HV-aspirantar, lærlingar eller andre, ikkje kan reknast som rekrutterte («recruited») til dei væpna styrkane, av di det må leggjast til grunn at ein person ikkje er «rekruttert» før vedkommande formelt eller de facto har vorte «medlem» av dei væpna styrkane med dei rettar og plikter dette medfører.

Av di personar under 18 år etter framlegget ikkje vil vere å rekne som medlem av dei væpna styrkane, er det departementet sitt syn at dei heller ikkje skal være underlagt militær disiplinærmakt. For HV-ungdomen inneber dette ingen endringar, då ein heller ikkje tidlegare har meint at aspirantar og ungdom i HV-ungdomen var omfatta av lov om militær disiplinærmyndighet. Det vil heller ikkje vere naturleg å rek­ne frivillige under 18 år som «ved rikets vebnede makt ansette eller dertil hørende personer» eller å gjere «tjeneste ved den vebnede makt eller følger avdeling av samme», slik det følgjer av den militære straffelov § 9 nr. 1 og 3.

Departementet vil likevel understreke at det å nekte personar under 18 år å gjere teneste i landets væpna styrkar, ikkje på nokon måte kan reknast som eit inngrep i den einskilde sin rett til sjølvforsvar i ein krigssituasjon.