Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I følgje skatteloven § 2-2 første ledd bokstav g skal interkommunale selskap der deltakarane har delt ansvar for pliktene til selskapet, liknast som eigne skattesubjekt. Paragrafen viser til selskapsloven § 1-1 femte ledd for å klargjere kva for selskap det her er snakk om. Ved lov av 29. januar 1999 nr. 6 blei det vedteke ny lov om interkommunale selskap. I samband med dette blei også selskapsloven § 1-1 femte ledd endra. Etter denne lovendringa er det ikkje lenger naturleg å vise frå skatteloven § 2-2 første ledd bokstav g til selskapsloven § 1-1 femte ledd, men til lov om interkommunale selskaper, fordi slike selskap no er regulert i denne loven.
I skatteloven § 10-10 andre og tredje ledd er det gitt ein definisjon av kva uttrykka «aksjonær» og «aksje» skal jamstellast med i dette kapittelet. Ordlyden i andre og tredje ledd er ført direkte vidare frå selskapsskatteloven av 1991 § 3-1 andre og tredje ledd. I den sist nemnde lova sto paragrafen i eit eige kapittel om skattlegging av utbytte. Når skatteloven § 10-10 viser til dette kapittel, viser den til langt fleire paragrafer enn dei som omhandlar skattlegging av utbytte. Det har ikkje vore tilsikta noko realitetsendring her. Departementet legg derfor fram forslag om å endre ordlyden i skatteloven § 10-10 andre og tredje ledd, slik at det blir vist til dei paragrafane som gjeld utbytte, det vil seie §§ 10-10 til 10-13.
Etter skatteloven § 14-5 fjerde ledd bokstav e skal «Nedskrivningsbeløpet etter b og c tas til inntekt ved utløpet av det påfølgende inntektsåret, i den utstrekning beløpet ikke motsvarer tap i inntektsåret». I følgje ordlyden i skatteloven av 1911 § 50 andre ledd som regulerte dette tidlegare, skal også frådrag som omtalt i § 14-5 fjerde ledd bokstav d handsamast på denne måten. Departementet foreslår derfor ei endring i skatteloven § 14-5 fjerde ledd bokstav e slik at bokstaven omfattar nedskrivingsbeløp etter bokstav b, c og d.
I skatteloven § 14-48 første ledd siste punktum er det vist til §§ 14-15 til 14-48. Paragrafen som svarer til denne i skatteloven av 1911, er § 44A-10, som viser til § 44A. Endringa kom inn i loven i samband med vedtakinga av ny skattelov. Det har ikkje vore sikta til å gjere nokon realitetsendring på dette punktet. Departementet foreslår derfor at skatteloven § 14-48 første ledd siste punktum blir endra slik at det i § 14-48 første ledd siste punktum blir vist til §§ 14-40 til 14-48.
Departementet viser til forslag til endringar i skatteloven §§ 2-2, 10-10, 14-5 og 14-48.
Komiteen sluttar seg til Regjeringa sitt forslag.