Innstilling frå næringskomiteen om lov om endringar i lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og i einskilde andre lover

Dette dokument

Til Odelstinget

1. Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen gjer departementet framlegg til lovendringar som ein meiner er nødvendig for å kunne gjennomføre større makeskiftesaker i tråd med føresetnadene til Stortinget. Forslaga gjeld kompetanse for jordskifteretten til å halde avtaleskjønn for erstatningseigedom utanfor jordskiftefeltet, avvik mellom grunnverdi før og etter skiftet, avtalebasert delingsgrunnlag og om voldgiftsmakeskifte. Vidare foreslår ein endringar i odelslova slik at reglane om odelsovergang skal nyttast både der heile og delar av eigedomar vert skifta etter jordskiftelova § 85 andre ledd. Ein foreslår ein regel om odelsfrigjering og mindre endringar i veglova, gjerdelova og servituttlova. Forslaga inneber at jordskifteretten sin kompetanse til å halde avtaleskjønn etter dei nemnde føresegnene òg vil omfatte dei kombinerte skjønnssakene etter jordskiftelova § 6 første til tredje ledd.

I samband med lovarbeidet har departementet funne det formålstenleg å ta opp nokre mindre endringar av jordskiftelova som ikkje har samanheng med makeskiftespørsmålet. Dette gjeld bl.a. samansetjinga av jordskifteretten i kombinerte saker etter jordskiftelova § 6 og saksbehandlinga av rettsfastsetjande vedtak.

Endeleg foreslår ein endringar i lova slik at jordskifteretten får ein uttrykkeleg heimel til å halde grensegang for grenser som gjeld offentlegrettsleg råderettsinnskrenking.

1.1 Bakgrunnen for og arbeidet med lovforslaget

Under behandlinga av St.meld. nr. 11 (1998-1999) Om regionalt skyte- og øvingsfelt for Forsvarets avdelinger på Østlandet - Regionfelt Østlandet, jf. Innst. S. nr. 129 (1998-1999), tok ein mellom anna opp spørsmåla om framgangsmåte og erstatning ved overtaking av grunn. Stortinget viste til gjennomføringa av saka om Rødsmoen, Rena leir, og streka under at det var viktig at det blei nytta erstatningsareal og jordskifte også i saka som no stod føre. Stortinget gav uttrykk for tilsvarande synspunkt under behandlinga av St.meld. nr. 40 (1994-1995) Opptrapping av barskogvernet fram mot år 2000 (Barskogvernmeldingen). Ein viser til Innst. S. nr. 220 (1995-1996).

Den 6. oktober 1997 sette Landbruksdepartementet ned eit utval, leidd av landbruksdirektør Idun N. Christie, til å evaluere dei jordskiftefaglege sidene av jordskiftesaka i samband med Forsvarets etablering av Rena leir, Rødsmoen i Åmot kommune i Hedmark. Innstillinga frå utvalet var samrøystes og er datert 19. august 1998. Utvalet uttaler på s. 6 i innstillinga:

«Hovedkonklusjonen er at voldgiftsjordskiftesaken er gjennomført på en måte som i sin helhet framstår som vellykket og som er gjennomført med stor profesjonell dyktighet fra sakens ulike aktører. Saken har fått anerkjennelse fra berørte grunneiere, utbygger (Forsvarets bygningstjeneste, FBT), lokale forvaltningsmyndigheter og lokale politiske myndigheter. Et kjennetegn ved saken er fraværet av «støy».

Utvalget deler konklusjonene og anbefalingene til Silkosetutvalget når det gjelder jordskifte (arealbytte) som alternativ til tradisjonell gjennomføring av grunnerverv/ekspropriasjon og tilrår at jordskifte blir vurdert ved framtidig gjennomføring av utbyggings- og vernetiltak.»

Christieutvalet gav vidare uttrykk for at ein burde endre jordskiftelova - slik at ein på nokre avgrensa område i lova får klarare heimlar - ved framtidige liknande saker.

Lovforslaget byggjer på departementet sitt høyringsnotat frå juli 2000. Departementet har i alt motteke 28 høyringsfråsegner. Eit stort fleirtal av høyringsinstansane slutter seg til forslaga. Dette gjeld sentrale høyringsorgan som Den Norske Advokat­forening, Forsvarets bygningstjeneste, Direktoratet for naturforvaltning, Norges Skogeierforbund, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og småbrukarlag mv. Den norske Dommerforening og lagmannsrettane (Borgarting, Agder) har ingen merknader til dei konkrete lovforslaga, men har generelle merknader. Departementet viser vidare til at Regjeringa har oppnemnt eit breitt samansatt utval for å vurdere jordskifterettane sin framtidige stilling og funksjonar. Utvalet, som er leia av Johan C. Løken, har medlemar frå Den Norske Advokatforening og Den norske Dommerforening. Utvalet, som har hatt fleire møter, skal avgi innstillinga si innan 1. juni 2002.

1.2 Endringar i jordskiftelova

1.2.1 Avtaleskjønn for eigedomar (erstatningsareal) som ligg utanfor jordskiftefeltet

Etter gjeldande rett er jordskifteretten ikkje sakleg kompetente til å halde avtaleskjønn for erstatningsareal (eigedom) utover det som er heimla i oreigningslova § 6 (sekundær ekspropriasjon). I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om at jordskiftelova § 6 fjerde ledd vert endra slik at jordskifteretten får kompetanse til å halde avtaleskjønn for erstatningseigedomar som ligg utanfor jordskiftefeltet. Skjønnet skal haldast som ein del av jordskiftesaka. Dei fleste av høyringsinstansane slutter seg til departementet sitt forslag. Høyringsfråsegna til NLH fører til at jordskifteomgrepet vert endra, og får eit nytt innhald. Departementet meiner difor spørsmålet må utgreiast på breitt grunnlag ved seinare lovarbeid.

Departementet vil ikkje foreslå endringar av jordskiftelova § 25 som går ut på at jordskiftefeltet skal omfatte erstatningsareal uavhengig av kor areala ligg i forhold til ekspropriasjonsgjenstanden eller verneområdet. Det bør i regelen vere eit minimum av økonomisk interessefellesskap mellom partane (eigedomane) innanfor eit jordskiftefelt.

I proposisjonen er beskreve døme der avtaleskjønn må haldast av dei alminnelege skjønnsrettane parallelt med jordskiftesaka. Dette vil medføre at jordskifteretten fastset verdien av erstatningsareal innanfor jordskiftefeltet i medhald av jordskiftelova § 19 og vidare verdien av areala som ein konkret eks­propriat avstår eigedomsrett eller råderett til, mens ein annan skjønnsrett fastset vederlaget for det den same eksproprianten tek imot. Dette opnar for variasjonar i verdsetjinga av det arealet som blir ekspropriert, og det erstatningsarealet som ein tek imot. Ei ordning med to skjønnsrettar vil og medføre prosessuelle problem, auke saksbehandlingstida òg medføre auka sakskostnader. På bakgrunn av det ovannemnde foreslår departementet at jordskifteretten får heimel til å halde avtaleskjønn for erstatningsareal som ligg utanfor jordskiftefeltet i samband med kombinerte saker etter jordskiftelova § 6 første til tredje ledd.

Forslaga til endringar av § 6 fjerde ledd og gjerdelova § 16 andre ledd, servituttlova § 19 andre ledd og veglova § 60 andre ledd medfører berre tekniske endringar av saksbehandlingsreglane i jordskiftelova.

1.2.2 Samansetjinga av jordskifteretten i kombinerte skjønn og jordskiftesaker etter jordskiftelova § 6 første til tredje ledd - endring av jordskiftelova § 9

Jordskifteretten skal som hovudregel etter jordskiftelova setjast med fire meddommarar og unntaksvis med seks meddommarar i dei kombinerte sakene. Frå dommarhald er det gitt uttrykk for at den ordninga at jordskifteretten i dei kombinerte sakene vert sett med fire jordskiftemeddommarar, i nokre tilfelle er unødig tungvint. Ein ønskjer ei smidigare ordning som gjer det mogeleg å kunne setje retten med to meddommarar når desse er representerte både i skjønnsmannsutvalet etter skjønnsprosesslova og i meddommarutvalet etter jordskiftelova. Departementet foreslår derfor etter dette at jordskiftelova § 9 sjuande ledd blir endra slik at føresegna i unntakstilfelle gjer det mogeleg å setje retten med to meddommarar. Ein føreset at desse samstundes er medlemmer både i skjønnsmannsutvalet etter skjønnsprosesslova og i meddommarutvalet etter jordskiftelova.

1.2.3 Behandling av rettsfastsetjande vedtak etter § 17 a fjerde ledd

§ 17 a fjerde ledd kom inn ved lovrevisjonen i 1998 og har følgjande ordlyd:

«Når vedtaket er rettsfastsetjande og byggjer på at partane er samde, skal retten forkynne utkastet for partane og gje dei ein frist til å seie frå dersom det inneheld feil eller mistydingar eller det likevel ikkje er semje. Når fristen er ute, skal vedtak fattast så snart som råd.»

Dei fleste jordskiftedommarane og jordskifte­overdommarane har gitt melding om at sakshandsamingsreglane - i enkelte samanhenger - kan verke for detaljregulerende. Partar og prosessfullmektigar har gitt uttrykk for tilsvarande oppfatning. I høyringsnotatet gjorde ein framlegg om at det vert innført ein unntaksregel i jordskiftelova § 17 slik at jordskifteretten kan fatte eit rettsfastsetjande vedtak straks i dei høve partane er samde i vedtaket. Vilkåra er at vedtaket er lese opp for partane i eit rettsmøte, og at dei seier frå seg retten til forkynning etter paragrafen sin fjerde ledd. Ingen av høyringsinstansane går i mot å forenkle sakshandsamingsreglane for rettsfastsetjande vedtak. Departementet foreslår derfor å innføre ein unntaksregel for dei tilfella at slutninga i vedtaket omfattar ein avtale som er komen i stand tidlegare. Vidare vert foreslått at unntaksregelen skal nyttast på enkle og oversiktlege rettsspørsmål. På same måte som det som gjeld for rettsforlik, jf. tvistemålslova § 285, føreset ein at alle avtalepartane er til stades på vedkommande rettsmøte. Vidare byggjer forslaget på at ankefristen skal reknast frå vedkommande rettsmøte.

1.2.4 Skiftegrunnlaget i skog - jordskiftelova § 28

Skiftegrunnlaget i skog er i dag regulert av §§ 27 (i sameige) og 28 (utanom sameige). I sameige skal ein skifte på grunnlag av «partshøvet» i sameiget. Dersom ikkje særskilt «høvetal» er kjent eller ingen har særrettar i sameiget, skal ein skifte etter skatteskylda. Utanom sameige er hovudregelen at ein skal skifte slik at kvart bruk får igjen tilsvarande den grunnverdien som det gir frå seg.

Ved lovrevisjonen i 1998 fikk § 28 et nytt andre ledd, ein unntaksregel for skifte i skog. Det nye leddet lyder slik:

«Dersom det framtidige verdiforholdet mellom eigedomane ikkje blir endra på avgjerande måte ved skifte i skog og det er mindre tenleg å skifte på grunnlag av grunnverdien åleine, kan verdien av standskogen dragast inn i skiftegrunnlaget eller ein kan skifte på grunnlag av samla bruksverdi.»

Christieutvalet tok bl.a. opp spørsmålet om skiftegrunnlaget i skog. Utvalet peika i innstillinga på uheldige verknader knytt til den tradisjonelle bruken av grunnverdi som skiftegrunnlag i skog, og gav bl.a. uttrykk for at ein bør vurdere å gi uttrykkeleg heimel til å trekkje inn verdien av standskogen fullt ut dersom partane er samde om dette. Departementet sluttar seg til forslaget frå Christieutvalet og foreslår at § 28 i jordskiftelova får eit nytt ledd som opnar for at skiftegrunnlaget i skog kan avtalast mellom partane i saker etter § 85 andre ledd.

Jordskifterettens oppgåve når det blir skifta på grunnlag av avtale mellom partane etter § 85, blir bl.a. å kvalitetssikre at den totale verdien av avgitt og motteke areal skal vere lik før og etter skiftet for den enkelte eigedomen. Ein har kome til at det ikkje er formålstenleg å binde opp jordskifterettens vurdering av grunnverdi til ein konkret «grenseverdi». Bakgrunnen for at ein ikkje vil ha nokon «grenseverdi» for tillate slingringsmonn i grunnverdi når ein skiftar etter unntaksregelen med samla bruksverdi, ligg bl.a. i kritiske synspunkt den siste tida frå forskarhald på grunnverdi som skiftegrunnlag.

1.2.5 Voldgiftsmakeskifte - jordskifteloven § 85 nytt andre ledd

I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om at jordskiftelova § 85 får eit nytt andre og tredje ledd slik at jordskiftedommaren får kompetanse til å halde eit friviljug makeskifte med heimel i voldgiftsavtale. Vilkåra er at slikt friviljug makeskifte vert gjennomført i samsvar med føresegnene i jordskiftelova, med unntak av § 1, og at voldgiftsavtala kjem i staden for offentleg ekspropriasjon eller regulering av eigarrådevelde. Ein legg til grunn at grunneigarar, tiltakshavarar, lokale politiske myndigheiter og Stortinget ønskjer at overtakingar eller reguleringar skal kunne gjennomførast med grunnlag i arealbytte i form av jordskifte eller makeskifte.

Departementet ønskjer av prinsipielle grunnar ikkje å endre § 1, som inneheld eit ufråvikeleg krav om at ein gjennom skiftet oppnår ei meir tenleg løysing i jordskiftefeltet. Ei slik endring vil etter departementet si oppfatning rokke ved sjølve berebjelken i jordskifteomgrepet. Ein har derfor valt å fremje forslag om å innføre høve til å gjennomføre eit avtalebasert makeskifte på grunnlag av ei voldgiftsavtale med jordskiftedommaren som voldgiftsdommar. Vidare foreslås at eit slikt makeskifte skal få tvangs- og rettskraftverknader som eit offentleg jordskifte.

Dei alminnelege føresegnene i jordskiftelova vil gjelde. På same måte som ved voldgiftsjordskifte vil ikkje føresegnene om rettsmiddel gjelde. Jordskifte etter voldgiftsavtale kan ein berre angripe ved sak for by- og heradsrettane etter føresegnene i tvistemålslova. Tilsvarande vil gjelde for makeskifte etter voldgiftsavtale. Jordskiftelova § 1 gjeld ikkje. Det vil såleis ikkje være høve til å voldgi saker etter føresegnene i jordskiftelova § 6 første til fjerde ledd første punktum (kombinerte saker).

1.2.6 Om høvet til å nytte rettsmiddel etter jordskiftelova § 85 første ledd

Ved ei lovendring i 1992 blei rettsmiddelordninga i jordskiftelova endra. Det blei bl.a. i visse høve tillate å nytte rettsmiddelet kjæremål mot avgjerder treft av jordskifteretten. Ordlyden i § 85 første ledd blei ved ein inkurie ikkje endra som følgje av dette. For å bringe ordlyden i samsvar med det ein legg til grunn er gjeldande rett, foreslår departementet at jordskiftelova § 85 første ledd blir endra slik at det i andre punktum går fram at det ikkje kan nyttast rettsmiddel etter kapittel 7 over jordskifte halde av ein jordskiftedommar med heimel i voldgiftsavtale.

1.2.7 Grensegang - offentlegrettslege råderettsinnskrenkingar

Høyringsnotatet hadde framlegg om at jordskiftelova § 88 vert endra slik at jordskifteretten får heimel til å halde grensegangssak for grenser som gjeld offentlegrettslege råderettsinnskrenkingar. Det er behov for ei profesjonell handtering av grenser som blir etablerte i samband med råderettsinnskrenkingar. For grunneigarane er det viktig å kunne bruke aktivt dei delane av eigedomane som ikkje er ramma av vedkomande råderettsinnskrenking. Departementet meiner det òg er viktig å få klarlagt og merka slike grenser for dei tilfella vedkomande råderettsinnskrenking er erstatningspliktig. Dei same omsyna vil, i all hovudsak, gjelde for dei offentlege styresmaktene som forvaltar vedkomande lov og regulering. Departementet foreslår at heimelen i jordskiftelova § 88 første ledd første punktum og andre ledd første punktum blir gjort generell, og at kompetansen til å halde grensegangssak etter den nemnde føresegna skal omfatte både dei grensene som alt er fysisk etablerte, og dei som skal etablerast. Avgjerda skal vere i samsvar med vedtaket for vedkomande råderettsinnskrenking, til dømes den kongelege resolusjonen. Heimelen er strengt knytt til dette vilkåret.

1.2.8 Fordeling av kostnader i grensegangssak ved etablering av offentlegrettslege råderetts­innskrenkingar

Departementet gjer framlegg om eit nytt fjerde ledd i jordskiftelova § 76 slik at miljøvernstyresmaktene skal betale jordskiftekostnadene i saker i grensegangssak som gjeld grenser for offentlegrettsleg råderettsinnskrenking etter jordskiftelova § 88.

1.2.9 Sideutgifter i grensegangssak ved etablering av offentlegrettslege råderettsinnskrenkingar

Departementet foreslår at prinsippet om sideutgifter blir innført for grensegangssaker etter jordskiftelova § 88 første ledd første punktum, avgrensa til grenser ved etablering av offentlegrettslege råderetts­innskrenkingar (grenser som tidlegare ikkje er blitt fysisk etablerte). Ein gjer derfor framlegg om at jordskiftelova § 74 andre ledd får eit nytt fjerde punktum.

1.3 Endringar i andre lover

1.3.1 Om makeskifte og odelsrett

For å sikre ein smidig og føreseieleg makeskifteprosess er det viktig at den odelsrettslege statusen på dei aktuelle eigedomane blir avklart så tidleg som mogeleg i makeskifteprosessen.

Ved reglane om odelsovergang i odelslova § 16 har ein eit stykke på veg oppnådd dette: Dersom tiltakshavaren ønskjer å overta teigen A frå ein odelseigedom og eigaren (x) i bytte mot A får tilbod om teigen B, vil B falle inn under odelen på x» eigedom. Odelsretten til teigen A fell da bort. Der heile eigedomar blir trekt inn i makeskiftet, gjeld likevel ikkje dette. Der vesentlege delar av eigedom blir trekt inn i makeskiftet, er det usikkert om reglane om odelsovergang gjeld. For dei tilfella der reglane om odelsovergang ikkje gjeld, må ein falle tilbake på reglane om odelsfrigjering. Men behandlinga av søknad om odelsfrigjering tek tid, og det er heller ikkje gitt kva utfallet av søknaden vil bli, ettersom avgjerda byggjer på eit skjønn der ulike omsyn gjer seg gjeldande. For tiltakshavaren eller vernemyndigheitene vil det derfor vere ein fordel med reglar som sikrar at odelsretten fell bort utan at ein må gå vegen om å søkje om odelsfrigjering - dersom ein ved makeskifte etter jordskiftelova § 85 andre ledd innfører ein regel om odelsovergang som gjeld generelt.

Departementet foreslår etter dette at odelslova § 16 tredje ledd får eit tillegg som inneber at reglane om den odelsrettslege stillinga etter første ledd gjeld ved makeskifte som omhandla i jordskiftelova § 85 andre ledd. Vidare gjer ein framlegg om ein regel om at odelsfrigjering i odelslova § 32 første ledd får eit nytt andre punktum som presiserer at eldre odelsrett fell bort på den eigedomen som eigaren gjev frå seg.

1.3.2 Endringar i grannegjerdelova, servituttlova og veglova

Som del av ei kombinert sak etter jordskiftelova § 6 første til tredje ledd har jordskifteretten kompetanse til å halde skjønn etter gjerdelova og til å halde eks­propriasjonsskjønn etter veglova (private vegar) enda om dei ligg utanfor jordskiftefeltet. Som eiga sak - uavhengig av jordskifte - har jordskifteretten kompetanse til å halde gjerdeskjønn, ekspropriasjonsskjønn for private vegar og servituttskjønn.

Departementet føreslår at jordskifteretten får kompetanse til å halde skjønn etter ovannemnde lover i samband med avtaleskjønn for erstatningsareal (eigedom), jf. forslaget til endring av § 6 fjerde ledd første punktum. Endringsforslaga er grunna i praktiske og prosessøkonomiske omsyn. I staden for å halde to til fire separate avtaleskjønn for ein og same eigedom kan ein halde skjønnet som ei og same sak i samband med skjønn etter jordskiftelova § 6 første til tredje ledd og forslaget til fjerde ledd første punktum.

1.4 Konsekvensar av lovforslaget

Departementet legg til grunn at lovforslaget ikkje vil ha nemnande budsjettmessige konsekvensar.

2. Merknader frå Komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Erling Brandsnes, Gunnar Breimo, Mimmi Bæivi, Karin Kjølmoen, Kjell Opseth og Rita Tveiten, frå Kristeleg Folkeparti, Randi Karlstrøm og Jon Lilletun, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, frå Senterpartiet, leiaren Morten Lund, frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, og representanten Terje Knudsen, merker seg at Stortinget tidlegare har tatt opp spørsmål om framgangsmåte og erstatning ved overtaking av grunn. Dette gjeld store skiftesaker slik som Rødsmoen, Rena leir i Åmot kommune i Hedmark. Dessutan har Direktoratet for naturforvaltning ei rekke grensegangssaker i samband med til dømes verning av skog.

Komiteen merker seg at Ot.prp. nr. 76 (2000-2001) kjem til handsaming for å endre jordskiftelova, slik at jordskifteretten får klåre heimlar ved framtidige liknande saker. Dessutan er det tatt med endringar i odels- og åsetesretten, i lova om grannegjerde, i veglova og i lova om særlege råderettar over framand eigedom.

Komiteen merker seg at jordskifteretten aukar sin kompetanse etter lovendringa og at lagmannsretten er kritisk til dette. Det er difor eit ønske om ein gjennomgang av tilhøvet mellom jordskifteretten og det ordinære domstolsapparatet. Komiteen merker seg at Regjeringa har sett ned eit breitt samansett utval for å vurdere jordskifterettane sin framtidige stilling og funksjon, det såkalla Løken-utvalet som skal avgje innstilling innan 1. juni 2002.

Komiteen merker seg at jordskifteretten etter lovendringa får kompetanse til å halde avtaleskjønn også for erstatningsareal som ligg utanfor jordskiftefeltet, og at skjønnet skal haldast som ein del av jordskiftesaka. Dei jordskiftefaglege sidene i jordskiftesaka ved Forsvaret si etablering av Rena leir er evaluert av Christie-utvalet. Komiteen merker seg at hovudkonklusjonen etter denne saka er at den framstår som svært vellukka. I denne saka vart det nytta erstatningsareal utanfor jordskiftefeltet.

Komiteen merker seg at ein gjer framlegg om at jordskifterettane skal kunne setjast med to meddommarar i staden for fire. Føresetnaden er at dei to meddommarane er medlem både av skjønnsmannsutvalet og medlem i meddommarutvalet.

Dette siste kan føre til ei forenkling av arbeidet i jordkskifteretten, og komiteen merker seg at forslaget om at jordskifteretten kan fatte eit rettsfastsetjande vedtak straks, der partane er samde i vedtaket, også vil vera ei forenkling.

Komiteen merker seg at § 28 om skiftegrunnlaget i skog har eit endringsforslag slik at det ikkje skal takast omsyn til avvik mellom grunnverdi før og etter skiftet, med mindre nokon kan påførast skade. Komiteen merker seg òg at ved voldgiftsavtale med heimel i § 85 så kan skiftegrunnlaget avtalast mellom partane.

Komiteen merker seg at jordskifteretten etter forslaget får kompetanse til å halde grensegangssaker for grenser som gjeld offentlegrettslege innskrenkingar i råderetten. I slike høve blir det gjort framlegg om at vedkomande offentlege styresmakt skal bere kostnadene.

Komiteen merker seg at forslaget til endringar i odelslova skal sikre ein smidig og føreseieleg makeskifteprosess, der den odelsrettslege statusen blir avklart så tidleg som mogleg. Prinsippet er lik odel før og etter skiftet.

Komiteen merker seg at forslaga til endringar i grannegjerdelova, servituttlova og veglova er gjorde ut frå praktiske og prosessøkonomiske omsyn. Jordskifteretten vil etter dette få kompetanse til å halde skjønn, også etter desse lovene, i saker der ein har erstatningseigedom utanfor jordskiftefeltet.

3. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere følgjande

vedtak til lov

om endringar i lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og i einskilde andre lover

I

I lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. (jordskifteloven) vert det gjort følgjande endringar:

§ 6 fjerde ledd skal lyde:

I samband med sak etter første til tredje ledd kan partane avtale at jordskifteretten held skjønn ved friviljug avståing av grunn, bruksrett eller ved friviljug avgrensing av eigarrådvelde for eigedom som heilt eller dels skal nyttast til erstatning og som ikkje omfattast av jordskifte. I andre høve enn nemnt i første til tredje ledd, kan jordskifteretten halde avtaleskjønn som eiga sak.

§ 6 b første ledd skal lyde:

Skjønn jordskifteretten held som eiga sak med heimel i § 6 fjerde ledd andre punktum eller i anna lov følgjer reglane for rettslege skjønn i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker.

§ 6 b andre ledd første punktum skal lyde:

I saker etter § 6 første, andre, tredje og fjerde ledd første punktum gjeld lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker §§ 4, 8, 20 a, 26, 27, 42, 48, 50, 52, 53, 54 - 54 b, 55, 57 og 58.

§ 9 nytt sjuande til niande ledd skal lyde:

I saker etter § 6 første, andre, tredje og fjerde ledd første punktum skal retten setjast med fire oppnemnde jordskiftemeddommarar. Lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker § 11 første ledd andre og tredje punktum og andre til fjerde ledd gjeld tilsvarande. Halvparten av jordskiftemeddommarane ved jordskiftet skal oppnemnast frå utvalet etter § 14 i same lova. For at retten skal kunne setjast med to jordskiftemeddommarar, er det ein føresetnad at dei er med både i utvalet som er nemnt i § 8, og i utvalet etter lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker § 14.

I saker etter § 6 a skal meddommarane til vanleg oppnemnast frå utvalet etter § 14 i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker.

§ 12 i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker gjeld tilsvarande i saker etter bestemmelsene som er nemnt i sjuande og åttande ledd.

§ 17 a nytt femte ledd skal lyde:

Når partane er samde om det, kan retten i særlege høve fatte vedtak som nemnt i fjerde ledd straks. Vilkåra er at vedtaket er lese opp for partane i eit rettsmøte, og at dei seier frå seg retten til forkynning etter fjerde ledd.

§ 17 noverande femte ledd vert nytt sjette ledd.

§ 28 andre ledd nytt andre punktum skal lyde:

Det skal ikkje takast omsyn til avvik mellom grunnverdi før og etter skiftet med mindre nokon kan påførast tap eller det ligg føre særlege grunnar.

Nytt tredje ledd skal lyde:

Ved voldgiftsavtale med heimel i § 85 andre ledd kan skiftegrunnlaget i skog avtalast mellom partane.

§ 61 andre ledd tredje til femte punktum skal lyde:

Vedtak etter § 87 første punktum i saker etter § 6 første til fjerde ledd første punktum kan ankast til lagmannsretten når det gjeld rettsbruk og sakshandsaming. Det same gjeld for vedtak etter § 62 femte og sjette ledd i saker der jorskiftelova held skjønn etter § 6 første til tredje ledd. I saker som nemnt i § 6 b andre ledd første punktum kan rettsbruken, sakshandsaminga og erstatningsutmålinga ankast til lagmannsretten.

§ 63 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Fristen for rettsfastsetjande vedtak som er handsama etter § 17 a femte ledd, skal reknast frå vedko­mande rettsmøte.

§ 74 andre ledd nytt fjerde punktum skal lyde:

Når det vert krevd grensegangssak etter § 88 første ledd første punktum eller andre ledd første punktum i samband med nye grenser ved offentleg regulering av eigarrådvelde, skal vedkomande offentlege styresmakt betale sideutgifter i samsvar med andre ledd andre og tredje punktum.

§ 76 nytt fjerde ledd skal lyde:

Når det vert krevd grensegang etter § 88 første ledd første punktum eller andre ledd første punktum i samband med nye grenser ved offentleg regulering av eigarrådvelde, ber vedkomande offentlege styresmakt kostnadene.

§ 85 skal lyde:

Jordskifte halde av ein jordskiftedommar med heimel i voldgiftsavtale, har same verknaden som offentleg jordskifte. Over slikt jordskifte kan det ikkje nyttast rettsmiddel etter kap. 7. Kostnadene ved slik sak skal gjerast opp og betalast som for offentleg jordskifte.

Det same gjeld for friviljug makeskifte halde av ein jordskiftedommar med heimel i voldgiftsavtale når makeskiftet vert gjennomført i samsvar med føresegnene i jordskiftelova, med unntak av § 1, og voldgiftsavtala kjem i staden for offentleg oreigning eller regulering av eigarrådevelde. Føresegnene i kapittel 8 gjeld så langt dei høver.

Partane kan ikkje gjere avtale om voldgift etter andre ledd i dei høva som er nemnt i §§ 6 første til fjerde ledd første punktum og 6 a.

§ 88 første ledd første punktum skal lyde:

Eigar kan krevje at jordskifteretten i særskild sak skal klarleggje, merkje av og beskrive eigedomsgrenser, grenser for alltidvarande bruksrett eller grenser for offentleg regulering av eigarrådvelde.

§ 88 andre ledd første punktum skal lyde:

Når det gjeld grensegang for alltidvarande bruksrett og offentleg regulering av eigarrådvelde, kan og bruksrettshavar og offentleg styresmakt krevje grensegang.

II

I lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åseteretten vert det gjort følgjande endringar:

§ 16 tredje og fjerde ledd skal lyde:

Når jord ved jordskifte blir overført frå ein eigedom til ein annan, eller bruksrett blir avløyst med eit grunnstykkje, gjeld det som er sagt i første stykket tilsvarande. Når nokon ved makeskifte etter lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. § 85 andre ledd overlet odlings- eller odelsjord mot å få ny eigedom som det kan hevdast odel til, skal den odelsrettslege stillinga for eigaren, odlaren eller dei som har odelsrett vere den same i høve til den nye eigedomen som dei hadde i høve til den gamle. Det er ein føresetnad at eigedomen ein tek over ved makeskiftet, er odelsfri eller blir det som følge av makeskiftet etter forrige punktum.

Jord som blir lagt til ein eigedom som tilleggsjord etter reglane i lov om jord (jordlova) 12. mai 1995 nr. 23, går inn under odel eller odling på den eigedomen jorda blir tillagt. Dette gjeld og om jorda er gått over ved friviljug handel, når fylkeslandbruksstyret har godkjent kjøpet av di kjøparen bør få tilleggsjord, og jorda - dersom det er odelsjord - er gjort odelsfri i samsvar med reglane om odelsfrigjering.

§ 32 første ledd nytt andre punktum skal lyde:

Når nokon i bytte for odelsjord ved makeskifte etter lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. § 85 andre ledd tek over eigedom som det ikkje kan hevdast odel til, fell eldre odelsrett bort på den eigedomen eigaren gjev frå seg.

III

I lov 5. mai 1961 om grannegjerde skal § 16 andre ledd første punktum lyde:

I områder som er lagt ut som landbruks-, natur- og friluftsområder i medhald av plan- og bygningslova § 20-4 nr. 2 eller er regulert til slik bruk eller vern og i uregulert område, held jordskifteretten skjønet dersom rekvirenten set fram krav om skjøn for jordskifteretten i samband med sak etter jordskiftelova § 6 første til fjerde ledd første punktum eller som eiga sak.

IV

I lov 21. juni 1963 nr. 23 skal § 60 andre ledd første punktum lyde:

I områder som er lagt ut som landbruks-, natur- og friluftsområder i medhald av plan- og bygningslova § 20-4 nr. 2 eller er regulert til slik bruk eller vern og i uregulert område, held jordskifteretten skjønn etter kap. VII dersom rekvirenten set fram krav om skjønn for jordskifteretten i samband med sak etter jordskiftelova § 6 første til fjerde ledd første punktum eller som eiga sak.

V

I lov 29. november 1968 um særlege råderettar over framand eigedom skal § 19 andre ledd første punktum lyde:

I områder som er lagt ut som landbruks-, natur- og friluftsområder i medhald av plan- og bygningslova § 20-4 nr. 2 eller er regulert til slik bruk eller vern og i uregulert område, held jordskifteretten skjønnet dersom rekvirenten set fram krav om skjønn for jordskifteretten i samband med sak etter jordskiftelova § 6 første til fjerde ledd første punktum eller som eiga sak.

VI

Loven trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer.

Oslo, i næringskomiteen, den 21. mai 2001

Morten Lund Erling Brandsnes Kjell Opseth
leiar ordførar sekretær