Innleiing

Hovudføremålet med å fremme proposisjonen er å foreslå ein reform av den sentrale administrasjonen av domstolane. Proposisjonen er ei oppfølgjing av Domstolkommisjonen sitt arbeid jf. NOU 1999:19, Domstolene i samfunnet.

Prinsippet om at domstolane er uavhengige i den dømmande verksemda er ein føresetnad, men kjem ikkje direkte til uttrykk i Grunnloven. Fleirtalet i Domstolkommisjonen har foreslått at dette prinsippet skal grunnlovfestast.

Organisering av den sentrale domstol­administrasjonen

Den sentrale administrasjonen av dei alminnelege domstolane er i dag lagt til Justisdepartementet. Justisdepartementet foreslår at det vert oppretta ein domstoladministrasjon utanfor departementet med eit eige styre med sju personar som vert oppnemnde dels av Kongen, dels av Stortinget. Det skal framleis liggje eit ansvar hos ein parlamentarisk ansvarleg, men departementet skal ikkje lenger ha alminneleg instruksjonsrett over domstoladministrasjonen eller den einskilde domstolen i administrative spørsmål. Regjeringa skal ved kongeleg resolusjon i unntakstilfelle kunne instruere domstoladministrasjonen i administrative einskildsaker.

Styret sine vedtak overfor domstolane skal som hovudregel vere offentlege. Kongen i statsråd vil ha høve til å avsette styret på visse vilkår.

Budsjettet for domstoladministrasjonen og dom­stolane skal framleis inngå som ein del av regjeringa sitt samla budsjettframlegg for Stortinget. Innanfor dei retningslinene og dei økonomiske rammene som vert trekte opp i budsjettproposisjonen skal domstol­administrasjonen ha monaleg handlefridom når det gjeld val av verkemiddel. Domstoladministrasjonen bør sjølv kunne sende sitt budsjettframlegg til Stortinget.

Justisdepartementet foreslår at domstoladministrasjonen vert lokalisert til Trondheim.

Utnemning av dommarar

Ifølgje Grunnloven er det Kongen i statsråd som har rett til å utnemne dommarar.

Det vert no foreslått etablert eit nytt eksternt Innstillingsråd ved dommarutnemningar for alle dommarar med unntak av høgsterettsjustitiarius. Innstillingsrådet skal innstille 3 søkjarar, og den aktuelle domstolleiaren skal trekkjast aktivt inn i tilsetjingsprosessen. Justisdepartementet skal deretter berre i svært avgrensa grad vurdere forslaget.

Namn og rangering av dei søkjarane som vert innstilte bør vere offentleg tilgjengeleg, medan Innstillingsrådet si grunngjeving for innstillinga ikkje bør offentleggjerast. Opplysningane om ein søkjar kan haldast utanfor offentleg innsyn dersom søkjaren sjølv ber om det.

Mellombelse dommarar

Bruken av mellombelse dommarar har ved fleire høve blitt kritisert. Justisdepartementet foreslår at det vert gjennomført forsøk med å opprette faste dommarstillingar felles for fleire domstolar, men der dommaren fast høyrer til ein domstol. Vidare vert det gjennomført forsøk med øyremerking av nokre nye faste dommarstillingar ved nokre store domstolar, utover det dommartalet som domstolane sine eigne saker gjev grunnlag for. Domstolen vil ha plikt til å gje frå seg dommarar til handsaming av saker ved andre domstolar i regionen tilsvarande eit visst vekeverk pr. år. Retten til å konstituere dommarar som ekstrahjelp og som vikar held fram, men berre som subsidiær løysing.

Det skal ikkje vere fleire dommarfullmektigar enn faste dommarar ved nokon domstol. Meir systematiske opplæringstiltak og meir systematisk siling av kva for saker som vert gjeve til dommarfullmektigar, bør finne stad.

Lagmannsretten skal framleis kunne nytte pensjonerte dommarar som ekstraordinære dommarar og tilkalla dommarar frå første instans. Det vert likevel lovfesta ei avgrensing, ved at det berre kan delta éin tilkalla eller ekstraordinær dommar ved handsaming av ei sak.

Alle mellombelse dommarar vert sikra det same utvida stillingsvernet som følgjer av Grunnloven § 22 andre leddet.

Dommarane sine sidegjeremål

Norske dommarar står relativt fritt til å ha sidegjeremål. Justisdepartementet foreslår at det vert innført ei registreringsordning som omfattar ein vesentleg del av sidegjeremåla for dommarar. Registeret skal førast av domstoladministrasjonen og skal vere opent for alminneleg innsyn. Berre i liten utstrekning vert det gjort framlegg om forbodsordningar. I noko større grad vert det foreslått godkjenningsordningar for ulike typar sidegjeremål.

Ny klage og disiplinærordning

Departementet foreslår at det vert etablert ei ny klage- og disiplinærordning for dommarar. Kjerneområdet for ordninga vil vere kritikkverdige tilhøve i tenesten, det vil seie framferd i strid med «god dommarskikk». Brot på arbeidsrettslege plikter bør også omfattast, og unntaksvis tilhøve utanfor tenesten der dette har verknad for dommargjerninga.

Alle som har vore utsette for påstått kritikkverdig framferd skal kunne klage på dommaren. Det same gjeld domstolleiar, domstoladministrasjonen og Justisdepartementet. Dommaren kan òg sjølv bringe ei sak inn for klage- og disiplinærorganet, som dessutan av eige tiltak kan ta opp ei sak. For tilhøve utanfor tenesten har berre domstolleiar, domstoladministrasjonen og Justisdepartementet klagerett.

Det nye klage- og disiplinærorganet vert eit eige organ kalla Tilsynsutvalet for dommarar, som vert oppnemnt av regjeringa.

Administrative og økonomiske konsekvensar

Stillingstrongen ved den nye domstoladministrasjonen er om lag 65 årsverk. Dette skal dekkjast ved overføring frå Justisdepartementet og Rettsvesenets IT- og fagadministrasjon (RIFT). Etablerings- og omstillingskostnader vert om lag 29 mill. kroner. Dei årlege driftskostnader vert førebels rekna til ca. 40 mill. kroner, der 35 mill. skal overførast frå Justisdepartementet og Herads- og byrettane sine budsjettkapittel. Ein reknar med at den nye domstoladministrasjonen tidlegast kan etablerast andre halvår 2002.

Meirutgifter i samband med ny handsamingsmåte for dommarutnemning vert sett til kr 500 000 pr. år, medan auka utgifter i samband med forslaga knytt til dommarfullmektigar er sett til ca. kr 6 900 000 pr. år.

Departementet foreslår at det vert oppretta 5-8 nye lagdommarstillingar for å kompensere den reduserte bruken av tilkalla dommarar og ekstraordinære dommarar i lagmannsrettane. Dette vil gje ein samla årleg kostnad på 3-5 mill. kroner.

Utgiftene til oppretting av eit offentleg tilgjengeleg register over sidegjeremål reknar ein med vil koste ca. kr 150 000, medan driftsutgifter er rekna til ca. kr 100 000 pr. år.

Kostnadene til Tilsynsutvalet for dommarar vert omkring kr 250 000.