10.1 Samandrag

10.1.1 Innleiing

Norske dommarar står relativt fritt til å inneha sidegjeremål, og det er berre i ei viss utstrekning gjeve rettslege avgrensingar i form av forbod eller krav om godkjenning. Det gjeld ikkje noko krav om at sidegjeremål skal registrerast.

10.1.2 Dagens ordning

Hovudtariffavtala innskrenkar statstilsette sin rett til å inneha lønna sidegjeremål, og regelen om dette er òg tatt inn i arbeidsavtalen som er inngått med kvar einskild dommar.

I medhald av domstolloven er det vidare forbod mot at dommarar er advokatar, medlem av forliksrådet, lagrettemedlem eller meddommar. Kombinasjonen skifteforvaltar og overformyndar er og ulovleg.

Høgsterett har utarbeidd «Midlertidige regler om høyesterettsdommeres oppdrag og verv utenfor Høyesterett». I reglane vert det skilt mellom verv som høgsterettsdommarar ikkje må ha, verv som skal føreleggjast justitiarius og verv som er registreringspliktige. Alle dommarane i Høgsterett deltar i denne frivillige registreringsordninga. Registeret er offentleg.

Domstolkommisjonen har gjennomført ei spørjeundersøking som viste at mange dommarar har sidegjeremål. Dommarane sine inntekter er i stor grad knytt til nokre typar av sidegjeremål, særleg frå deltaking i statlege styre, råd og utval, frå næringsverksemd og frå anna juridisk verksemd.

I proposisjonen punkt 10.3 vert det gjort greie for internasjonale ordningar og erfaringar frå Danmark og Sverige.

10.1.3 Domstolkommisjonen sitt forslag

Domstolkommisjonen foreslår at det vert innført rettsleg regulering av dommarane sine sidegjeremål. Reguleringa vil i hovudsak vere registrering av sidegjeremål, ei godkjenningsordning for ein del sidegjeremål, og ei viss utviding av dagens forbodsordning.

Dei forboda som gjeld i dag, held fram. I tillegg vert det foreslått at ein dommar ikkje skal kunne utøve rettshjelpsverksemd, eller vere medlem av voldgiftsrett etter oppnemning av éin part.

Kommisjonen går vidare inn for at det i større utstrekning enn i dag vert innført reglar om godkjenning av sidegjeremål og at desse reglene vert lovfesta. Dette gjeld sidegjeremål som kan medføre at dommaren meir enn stundom kan verte ugild, som hemmar/sinkar arbeidet i dommarstillinga, sidegjeremål i kollegiale forvaltningsorgan der ein må rekne med at organet sine avgjerder kan bli brakt inn for domstolane, sidegjeremål i privat eller offentleg næringsverksemd og i private tvisteløysande nemnder, eller oppnemning som medlem av voldgiftsrett.

Tre tilfelle vert foreslått unntatt frå godkjenning. Dette gjeld val eller oppnemning som vert gjort av Stortinget eller av Kongen i statsråd, val som stortingsrepresentant, medlem av Sametinget eller av folkevalde organ i kommunar og fylkeskommunar, og verv i registrerte politiske parti.

Kommisjonen foreslår at ei rekkje av dommarane sine sidegjeremål skal registrerast. Det same gjeld opplysning om siste stilling før tilsetjing som dommar. Unntatt frå registrering er medlemskap i politiske parti, trussamfunn, interesseorganisasjonar eller i ideelle lag, verv og liknande i ideelle lag som har færre enn 100 medlemer, samt enkeltståande foredrag og liknande.

Det er dissens i kommisjonen med omsyn til om det skal innførast registreringsordning for medlemskap i ideelle lag der medlemene har særlege plikter overfor kvarandre (brorskap- og søstersamband). Etter mindretalet sitt forslag skal medlemskap eller verv i slike organisasjonar omfattast av registreringsplikta, medan fleirtalet går mot registreringsplikt her.

Vidare foreslår Domstolkommisjonen at investeringar som representerer eigarinteresser i selskap, skal registrerast dersom dei kjem over ei grense som vert fastsett av Kongen.

Ein kvar skal ha rett til å gjere seg kjent med opplysningane i registeret.

10.1.4 Høyringsinstansane sine vurderingar

Det store fleirtalet av domstolar som har avgitt høyringsuttale, stør hovudtrekka i kommisjonen sitt forslag. Den norske Dommerforening er skeptisk til forslaget om at verv i ideelle lag skal registrerast, og fleire er imot kommisjonen sitt forslag om å forby voldgiftsoppdrag etter oppnemning av ein part.

Det er elles ulike syn blant høyringsinstansane på ulike delar av kommisjonen sitt forslag.

10.1.5 Justisdepartementet sine vurderingar og forslag

Innleiing

Som Domstolkommisjonen, meiner Justisdepartementet at registrering av sidegjeremål bør vere det viktigaste elementet i den samla reguleringa av dommarane sine sidegjeremål. Forbod vert i liten grad foreslått, medan det vert innført ei godkjenningsordning.

Datatilsynet tilrår i si høyringsuttale at det bør vurderast å lovfeste ein rett til å fråvike registreringsplikta i dei tilfella personvernomsynet veg tyngre enn omsynet til registreringsordninga. Domstolkommisjonen meinte at dette ikkje var noko god løysing, men departementet finn grunn til å opne for eit slikt unntak i spesielle tilfelle, jf. forslaget til ny § 121 k i domstolloven.

Domstolkommisjonen har peika på at dommardeltaking i SEFO reiser vesentlege prinsipielle problem. Departementet ønskjer å hauste noko meir erfaring med utviklinga i samansetjinga av organet før det eventuelt vert sett i gong eit nytt utgreiingsarbeid på dette området.

Registrering

I utgangspunktet skal alle sidegjeremål for dommarar registrerast, likevel slik at det vert gjort unntak frå registreringsplikta i tråd med kommisjonen sitt forslag.

Så vel medlemskap som verv i brorskap- og søstersamband vert registreringspliktig fordi dette vil bringe klåre liner og offentleg innsyn, og gjere det enklare for partar og prosessfullmektigar å vurdere eventuelt ugildskap tidleg i prosessen.

Godkjenning

Konkret foreslår departementet at dommarar ikkje utan godkjenning skal kunne påta seg gjeremål som er utan direkte samanhang med dommarstillinga, og som gjer det vanskeleg å utføre dei pliktene som er knytt til den. Innføringa av ei godkjenningsordning for arbeidstyngande sidegjeremål representerer ikkje noko anna eller meir enn det som følgjer av den alminnelege, ulovfesta lojalitetsplikten i arbeidstilhøve. Det nye er at ordninga vert lovfesta. Ei tilsvarande ordning vert innført for sidegjeremål som meir enn stundom kan gjere dommaren ugild.

Det vert gjort unntak for alle val og oppnemningar som vert gjorde av Stortinget eller av Kongen i statsråd, også til granskingskommisjonar. Reglane om godkjenning bør derimot gjelde for val som vert gjort av eit anna folkevald organ eller av eit politisk parti.

Departementet foreslår ikkje å følgje opp kommisjonen sitt forslag om forbod mot at dommarar tek på seg voldgiftsoppdrag på grunnlag av oppnemning berre av den eine parten, men følgjer elles opp kommisjonen sitt forslag til godkjenningsordning, jf. ny § 121 c i domstolloven.

Forbod

Eksisterande forbod mot stillings- og funksjonskombinasjonar vert førte vidare. Forbodet mot advokatverksemd vert utvida til å omfatte eit forbod mot å utøve rettshjelp stendig eller mot vederlag.

Det vert vidare foreslått innført eit alminneleg forbod mot at personar som vert tilsette fast som dommar kan ha permisjon frå tidlegare stilling, og mot at dommarar tek imot løn eller anna godtgjering frå tidlegare eller framtidig arbeidsgjevar.

Det praktiske opplegget for godkjenning og registrering av sidegjeremål

Domstolkommisjonen sitt fleirtal har foreslått at godkjenningskompetansen vert lagt til den sentrale domstoladministrasjonen. Fleire høyringsinstansar har gått inn for at ein vesentleg del av godkjenningskompetansen bør leggjast til domstolleiar.

Justisdepartementets er einig i at domstolleiar bør ha ansvaret for å ta stilling til godkjenningssaker for dommarane ved vedkomande domstol. Departementet foreslår likevel at det er domstoladministrasjonen som skal handsamast desse sakene i den aller første fasen, men at det vert opna opp for å delegere retten til domstolleiar.

Domstolleiaren si avgjerd kan klagast inn for domstoladministrasjonen som og skal vere registeransvarleg. De nærare detaljane om godkjenning og registrering av sidegjeremål vil bli nedfelt i føresegner.

10.1.6 Administrative og økonomiske konsekvensar

Samla sett vil ein få ein eingangskostnad ved etablering av registrerings- og godkjenningsordninga på ca. kr 250 000. Dei årlege kostnadene til arbeid med registrering, godkjenning og systemvedlikehald ventar ein vil utgjere ca. kr 100 000.

10.2 Merknader frå komiteen

Komiteen er samd i at reglane om sidegjeremål vert fastsette i lov for dommarar. Forliksrådsmedlemer, meddommarar og dommarar i særdomstolane vert ikkje i denne omgangen omfatta av ordninga.

Komiteen er samd i at registrering av sidegjeremål bør utgjere det vesentlegaste elementet i den samla reguleringa av dommarane sine sidegjeremål. Nærare detaljar om opplegget for godkjenning og for registrering av sidegjeremål må bli nedfelt i føresegner.