9.1 Samandrag

9.1.1 Innleiing

I dag er det ei rekkje ordningar med mellombelse dommarar. Stortinget har fleire gonger peika på problema ved bruk av konstituerte dommarar.

9.1.2 Reglane for bruk av mellombelse dommarar

Konstitusjon av vikarar kan skje m.a. når dommarstillingar er ledige, når det ligg føre omorganiseringsplanar eller når det oppstår ein tidsavgrensa trong for ekstra dommarkapasitet.

Det stillingsvernet utnemnde dommarar har etter Grunnloven § 22 gjeld og dommarar som vert konstituerte i statsråd. Dommarar som vert konstituerte ved departementsavgjerd er derimot underlagde dei same oppseiings- og avskilsreglar som ordinære statstenestemenn.

Departementet konstituerer gjennomsnittleg 15-20 dommarar pr. år, og det vart gjennomsnittleg konstituert 17 dommarar pr. år av Kongen i statsråd i perioden 1990 til 1998.

Bruken av dommarfullmektigar har lang tradisjon i Noreg. Normal tenestetid er to år, men den kan lengjast til tre år. Dommarfullmektigane sin funksjon og makt er med nokre avgrensingar formelt likestilt med embetsdommarar. Departementet har fleire gonger åtvara mot å gje for omfattande og krevjande dømmande oppgåver til dommarfullmektigar med avgrensa erfaring. Dommarfullmektigane utgjorde ved årsskiftet 1999/2000 ca. 34 pst. av alle dømmande stillingar i første instans.

Justisdepartementet har i ei årrekkje oppnemnt pensjonerte juristar, først og fremst pensjonerte dommarar, til å gjere teneste som ekstraordinære lagdommarar. I 1999 utførte desse 16,8 pst. av rettstimane i lagmannsretten, medan 19 pst. vart utført av herads- og byrettsdommarar som vart tilkalla til teneste i lagmannsrett.

9.1.3 Bruken av mellombelse dommarar i andre land

Mellombelse dommarar har vore brukt i stor utstrekning i Danmark, og ein søkjer no å avgrense bruken. I Finland og Sverige har rekrutteringa til domstolane i svært stor grad vore intern. Mellombelse dommarar vert m.a. nytta som vikarar, eventuelt ut over oppnådd alderspensjon.

Praksis i Norden og einskilde andre land vert referert i proposisjonen, jf. pkt. 9.3.

9.1.4 Domstolkommisjonen sitt forslag

Domstolkommisjonen foreslår at ein, før ein går til konstitusjon av personar utanfor domstolane, undersøker om det er mogleg å utnytte kapasitet ved andre domstolar. Vidare vert det foreslått å opprette faste dommarstillingar felles for fleire domstolar innanfor same instans, der dommaren fast held til ved éin domstol. Endeleg har kommisjonen foreslått at det vert prøvd ut ei ordning der det vert oppretta nokre nye, faste dommarstillingar ved nokre store domstolar, utover det talet på dommarar som domstolane sine eigne saker gjev grunnlag for. Domstolen skal ha plikt til å avgje desse dommarane til å handsame saker ved sideordna domstol i regionen svarande til eit visst vekeverk pr. år.

Faste dommarar som vert utnemnde med flytteplikt kan setjast inn ved dei domstolane som til ein kvar tid har mest å gjere. Kommisjonen meiner dette òg kan prøvast ut, til tross for at ein trur det vil vere liten interesse for stillingane.

Ved ein settedommarkonstitusjon grip Kongen, Justisdepartementet eller fylkesmannen inn i domstolane si saksfordeling og fastset kven som skal avgjere ei konkret sak. Domstolkommisjonen finn dette prinsipielt uheldig, og meiner settedommartrongen kan løysast utan at eit organ utanfor domstolane tek stilling til saksfordelinga.

Høgsterettsdommarar bør framleis konstituerast i statsråd etter forslag sett fram av Høgsterett.

Dommarfullmektigar må gjevast det same stillingsvernet som konstituerte dommarar og kome inn under dei same reglane om disiplinærordning og sidegjeremål. Kommisjonen foreslår at dommarfullmektigar skal tilsetjast med same tenestetid som i dag av eit lokalt tilsetjingsråd for domstolane. Særordninga med at ein etter dommarfullmektigtida kan få ny dommarfullmektigstilling ved store byrettar, vert fjerna. Det bør ikkje vere fleire dommarfullmektigar enn faste dommarar ved nokon domstol.

Domstolkommisjonen har foreslått å avskaffe ordninga med at departementet oppnemner pensjonerte dommarar som ekstraordinære lagdommarar. Kommisjonen foreslår vidare at berre éin av dei tre dommarane i lagmannsretten kan vere ein tilkalla dommar. I dag er dette lovfesta for sivile saker, men avgrensinga bør gjelde generelt.

Domstolkommisjonen har i si lovskisse òg foreslått etablert eit utvida stillingsvern for alle dommarar.

9.1.5 Høyringsinstansane sitt syn

Fleire høyringsinstansar gjev uttrykk for at det prinsipielle utgangspunktet bør vere at dømmande avgjerder vert trefte av fast utnemnde embetsdommarar og at kvar einskild domstol sjølv dekkjer sin trong for arbeidskraft. Unntaka bør grunngjevast i praktiske behov, og bruken av mellombelse dommarar bør reduserast.

Det er elles ulike kommentarar til dei einskilde delane av Domstolkommisjonens forslag.

9.1.6 Justisdepartementet sine vurderingar og forslag

Departementet sitt forslag vert oppsummert slik:

1. Konstitusjonar.

1.1 Retten til å konstituere dommarar som vikar held fram. Dersom det er mogleg, bør ein nytte dommarar felles for fleire domstolar eller bistand frå annan domstol. Det skal ikkje kunne konstituerast vikar til å handsame ein eller fleire konkret fastsette saker.

1.2 Ein vil framleis kunne konstituere dommarar som ekstrahjelp, men berre som subsidiær løysing etter at domstolleiar og domstoladministrasjon har vurdert om trongen kan dekkjast ved dommar felles for fleire domstolar eller bistand frå annan domstol. Ein skal ikkje kunne vedta ekstrahjelpkonstitusjon til å handsame ei eller fleire konkret fastsette saker.

1.3 Retten til å konstituere dommar på grunn av omorganiseringsplanar held fram.

1.4 Det vert gjennomført forsøk med oppretting av faste dommarstillingar felles for fleire domstolar innan same instans, der dommaren har sitt faste tilhald ved ein domstol.

1.5 Det vert gjennomført forsøk med øyremerking av nokre nye faste dommarstillingar ved einskilde store domstolar, utover det talet på dommarar som domstolane sine eigne saker gjev grunnlag for. Domstolen skal ha plikt til å avgje dommarar til handsaming av saker ved andre domstolar i regionen tilsvarande eit visst vekeverk pr. år.

2. Det skal ikkje vere fleire dommarfullmektigar enn faste dommarar ved nokon domstol. Det vert foreslått oppretta nokre dommarstillingar til dei ca. 20 domstolane som i dag ikkje tilfredsstiller dette kravet til erstatning for eit tilsvarande tal på dommarfullmektigar. Meir systematiske opplæringstiltak og meir systematisk siling av kva for saker som vert tildelte dommarfullmektigar mv. bør finne stad.

3. Det vert lovfesta at det berre kan delta éin tilkalla eller ekstraordinær dommar ved handsaming av saker i lagmannsrett.

4. Alle mellombelse dommarar vert sikra det same utvida stillingsvernet for dommarar, jf. Grunnlova § 22 andre leddet.

9.1.7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Ein lengre opplæringsperiode utan dømmande verksemd vil gjere at det for kvart dommarfullmektig­årsverk gjennomsnittleg vil bli avgjort noko færre saker. Forslaget om at det ikkje bør vere fleire dommarfullmektigstillingar enn dommarstillingar ved nokon herads- eller byrett gjer at ca. 20 dommarfullmektigstillingar må gjerast om til dommarstillingar. Meirkostnaden ved desse endringane vil utgjere ca. kr 6 600 000 pr. år.

Departementet trur det er trong for 5-8 lagdommarstillingar for å kompensere for avgrensinga i bruk av tilkalla dommarar og ekstraordinære dommarar. Dette vil gje ein samla årleg kostnad på ca. 3 000 000-5 000 000 kroner.

9.2 Merknader frå komiteen

Komiteen er samd med Regjeringa i at retten til å konstituere dommarar som vikar, som ekstrahjelp, eller på grunn av omorganiseringsplanar vert haldne ved lag. Likeeins er komiteen samd i at det bør gjennomførast forsøk med oppretting av faste dommarstillingar felles for fleire domstolar innan same instans, der dommaren har fast tilhald ved ein domstol, og at det vert gjort forsøk med øyremerking av eit viss tal nye faste dommarstillingar ved nokre store dom­stolar, utover det tal dommarar som domstolen sine eigne saker gjev grunnlag for.

Komiteen er samd i prinsippet om at det ikkje skal vere fleire dommarfullmektigar enn det er faste dommarar ved nokon domstol.

Komiteen har heller ingen merknad til at det vert lovfesta ei avgrensing av ordningane med at dommarar frå første instans vert tilkalla til teneste i lagmannsrett og med at pensjonerte dommarar vert nemnde opp som ekstraordinære lagdommarar. Det bør berre vere ein tilkalla eller ekstraordinær dommar ved handsaming av den einskilde sak i lagmannsretten. For å kompensere for redusert bruk av tilkalla dommarar og ekstraordinære dommarar må det opprettast eit tilstrekkeleg tal nye lagdommarstillingar. Komiteen er samd i at alle mellombelse dommarar vert sikra det same utvida stillingsvernet som gjeld for faste dommarar, jf. Grunnlova § 22 andre leddet.