Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Haakon Blankenborg, leiaren Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg og Gunhild Øyangen, frå Høgre, Julie Christiansen, Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Finn Martin Vallersnes, frå Framstegspartiet, Morten Høglund og Christopher Stensaker, frå Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen, frå Kristeleg Folkeparti, Jon Lilletun og Lars Rise, og frå Senterpartiet, Åslaug Haga, har merka seg at det i det nye lovforslaget er gitt ei tilføying når det gjeld utanrikstenesta si oppgåve som gjer det klart at tenesta også skal ta i vare interesser vi har felles med andre land, at ministerråder, ambassaderåder og valte utanrikstenestemenn ikkje lenger skal bli utnemnde som embetsmenn, og at stillingsvernet for valte utanrikstenestemenn blir endra. Komiteen er vidare innforstått med at det er gjort relativt omfattande redaksjonelle og språklege endringar. Komiteen gjer sin tilslutning til endringane i det nye lovforslaget.

Komiteen har merka seg at Forsvarsdepartementet i høyringa har peika på at Forsvaret har eit ynske om sjølv å kunne styra sine spesialutsendingar under opphald i utlandet. Forsvarsdepartementet konkluderer i sin merknad med at det ikkje kan akseptere at arbeidsgivaransvaret for sivile og militære utsendingar blir overført frå Forsvarsdepartementet/Forsvaret til Utanriksdepartementet. Komiteen viser til at Utanriksdepartementet deler Forsvarsdepartementet sitt syn på at gjeldande praksis med at militære utsendingar og personell utsendt frå Forsvarsdepartementet til Noreg sin faste delegasjon til NATO, framleis skal vere administrativt lagt under Forsvarsdepartementet. Utanriksdepartementet vil såleis ha myndigheit til å avgjere kven som skal kunne tiltre eller bli kalla heim som spesialutsending, medan Forsvarsdepartementet har arbeidsgivaransvar for dette personell. Komiteen har notert seg at den foreslåtte lovendringa ikkje er til hinder for dette, og at detaljerte ordningar om spesialutsendingane sitt forhold ved utanriksstasjonane vil bli tatt med i forslag til ny utanriksinstruks.

Utanriksdepartementet har i brev dagsett den 15. januar 2002, med tilvising til § 23 i proposisjonsutkastet (endringer i andre lover), gjort komiteen merksam på at ytterlegare to lover (passloven og statstjenestemannsloven) enn ho som er nemnd i § 23 i utkastet bør endrast som følgje av den nye loven om utenrikstjenesten. Komiteen gjer på grunnlag av dette framlegg om å endre § 23 i proposisjonsutkastet i samsvar med departementet si tilråding i brevet.