1. Sammendrag

Forslagsstillarane viser til at det i Ot.prp. nr. 17 (2001-2002) blei fremma forslag om at dagpengeperioden blei avgrensa til 26 veker, men at personar som i permitteringstida går på arbeidsmarknadstiltak i regi av eller i samarbeid med arbeidsmarknadsetaten, kan avslutte tiltaket sjølv om tiltaket går utover 26 veker.

Kommunalkomiteen slutta seg i innstillinga samrøystes til forslaget, og det blei seinare samrøystes vedteke. Komiteen presiserte likevel at ein ville følgje utviklinga nøye, og at ein om nødvendig ville kunne endre lova dersom denne endringa ville føre til store negative konsekvensar for arbeidstakarane eller at arbeidsløysa blei vesentleg større.

Nå har lova verka i vel fire månader, og så langt ser konsekvensane for arbeidstakarane ut til å vere relativt små. Derimot er mange urolege over kva konsekvensane kan bli for enkelte bransjar. Det gjeld leverandørindustrien innanfor offshorebransjen og asfaltbransjen.

Med bakgrunn i erfaringane så langt, meiner forslagsstillarane at det ikkje er nokon grunn for å gå tilbake til det gamle regelverket.

Det er behov for overgangsordningar slik organisasjonane innanfor dei gjeldande bransjane har bede om. Overgangsordningar vil kunne gjere overgangen til nytt regelverk meir smidig og kunne sikre stabilitet omkring det nye regelverket. Dersom ikkje slike overgangsordningar kjem på plass, er forslagsstillarane redde for at dei gjeldande bransjane må seie opp personar med verdfull kompetanse, og som så kan forsvinne frå bransjane. Dette vil særleg gjelde yngre personar med kortast ansiennitet.

På denne bakgrunnen blir det i dokumentet fremma følgjande forslag:

"Vedtak til mellombels lov om overgangsreglar i lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering

I

§ 1

Arbeidstakarar som var i ein løpande permitteringsperiode per 31. desember 2001, skal behandlast etter regelverket slik det gjaldt før lovendringa av 21. desember 2001 så lenge permitteringa varer.

§ 2

For arbeidstakarar som per 31. desember 2001 ikkje var i ein løpande permitteringsperiode, skal reglane bli tillempa slik at permitteringstid før 1. januar 2002 ikkje blir teken med i utrekninga av kvoten på 26 veker i lønnspliktlova § 3 nr. 2 første ledd og folketrygdlova § 4-7. Ingen kan i medhald av denne føresegna få ein større kvote enn det som ville fylgd av lønnspliktlova og folketrygdlova slik dei lydde før lovendringa.

§ 3

For asfaltbransjen gjeld ei kvote på 36 veker i lønnspliktlova § 3 nr. 2 første ledd og folketrygdlova § 4-7.

§ 4

Føresegnene i §§ 1 og 2 gjeld til 1. juli 2003. Føresegna i § 3 gjelder til 1. januar 2004.

II

Lova tek til å gjelde straks."