Til Odelstinget
Kultur- og kyrkjedepartementet gjer i proposisjonen framlegg
til lov om endring i lov 12. juni 1987 nr. 56
om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven) § 3-12.
Forslaget til lovendring inneber ei ny organisering av arbeidet
for samiske språk. Lovforslaget endrar gjeldande rett ved
at ein ikkje lenger er pålagt å ha eit eige språkorgan,
men overlet til Sametinget å avgjere kva som er den beste
måten å organisere arbeidet på. Formålet
med endringa er å legge til rette for at arbeidet for samisk
språk blir organisert av det organet som har best kunnskap
om samiske forhold og kjenner behova best.
Proposisjonen er dels ei oppfølging av St.meld. nr. 55
(2000-2001) Om samepolitikken, og dels ei tilpassing til Sametinget
sin nye organisasjonsstruktur som blei sett i verk 1. januar
2001.
St.meld. nr. 55 (2000-2001) gjer greie for den prosessen
som har vore sidan Sametinget blei oppretta i 1989, for å gje
samane auka makt og innverknad ved å styrke Sametinget
som det ansvarlege organet for utviklinga av det samiske samfunnet.
Samelova av 12. juni 1987 nr. 56 § 3-12
første ledd har i dag følgjande ordlyd:
"Det opprettes et Samisk språkråd. Sametinget oppnevner
rådets medlemmer og fastsetter hvem som skal være
rådets leder og nestleder."
Språkrådet sine funksjonar er bestemt i § 2
i forskrift fastsett av Kulturdepartementet 30. januar 1992.
I høyringsnotatet gjorde Kultur- og kyrkjedepartementet
framlegg om å endre § 3-12 første
ledd slik at ein ikkje lenger er pålagt å ha eit
språkorgan, men legg ansvaret for arbeidet med vern og
vidare utvikling av dei samiske språka i Noreg til Sametinget. Departementet
foreslo følgjande endring:
"Sametinget har ansvaret for å legge til rette
for vern og videre utvikling av samiske språk i Norge."
Det blei i høyringsnotatet presisert at Kultur- og kyrkjedepartementet
framleis vil ha eit overordna ansvar for arbeidet med samiske språk
gjennom forvaltninga av samelova sine språkreglar. Departementet har
framleis eit tilsynsansvar, og vil kunne gripe inn ovafor Sametinget
i kraft av å vere forvaltar av språkreglane i
samelova, som heimlar Sametinget sin kompetanse.
Lovforslaget var meint å innebere at Sametinget skal
arbeide for vern og vidare utvikling av samiske språk i
Noreg, og at Sametinget sjølv kan få avgjere korleis
dei nærare vil organisere dette arbeidet.
Når det gjeld å gje Sametinget det nærare
ansvaret for arbeidet med samiske språk, er det i samsvar med
det som er situasjonen i dag. Lovforslaget vil difor ikkje pålegge
Sametinget noko nytt eller meir omfattande ansvar enn det dei allereie
har påteke seg.
Departementet meiner det er uheldig dersom lovforslaget er egna
til å skape tvil om kven som har det overordna ansvaret
for vern og vidare utvikling av samiske språk i Noreg.
Departementet finn difor grunn til å endre sitt opphavlege
forslag til § 3-12 første ledd. Det følgjer
både av Grunnlova § 110 a og internasjonale
konvensjonar som Noreg har slutta seg til, at styresmaktene har
eit overordna ansvar for å legge til rette for vern og
utvikling av samiske språk. Styresmaktene følgjer
opp dette ansvaret ved å påleggje Sametinget å drive
samisk språkarbeid, og må ta omsyn til desse pliktene
i sine løyvingar til Sametinget.
Departementet gjer følgjande framlegg til ny § 3-12
første ledd:
"Sametinget skal arbeide for vern og videre utvikling av samiske
språk i Norge."
Departementet finn det ikkje naturleg å presisere nærare
i lovteksten kva dette språkarbeidet skal omfatte eller
korleis arbeidet skal organiserast innanfor dei rammene lovforslaget
set.
Forslaget til lovtekst gjeld samiske språk i Noreg. Departementet
vil med fleirtalsformuleringa presisere at ein i Noreg har fleire
samiske språk; nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk
og austsamisk/skoltesamisk. Sametingets arbeid skal omfatte
alle desse.
I høyringsnotatet gjorde Kultur- og kyrkjedepartementet
framlegg om ny § 3-12 andre ledd med følgjande
ordlyd:
"Sametinget utarbeider hvert fjerde år en rapport til
Kongen om situasjonen for samiske språk i Norge."
Som nemnd vil Kultur- og kyrkjedepartementet framleis ha eit
overordna ansvar for samelova sine språkreglar. For å kunne
føre tilsyn med lova på ein best mogleg måte,
er det viktig at departementet har informasjon om situasjonen for
samiske språk i Noreg og om Sametingets språkarbeid.
Allereie i dag eksisterer det ei årleg rapporteringsordning
heimla i forskrift til samelovens språkreglar. Sametinget
skal oversende Samisk språkråd sin årlege
rapport til Kulturdepartementet, og leggje rapporten ved Sametingets årlege
melding til Kommunaldepartementet.
Departementet tek difor ikkje her sikte på å opprette
ein ny rapporteringsordning, men vil framleis knytte rapporteringa
til Sametingets årsmelding som blir lagt fram for Kongen
(Kommunal- og regionaldepartementet), jf. samelova § 1-3. Årsmeldinga
blir lagt fram for Stortinget som ein del av ei stortingsmelding
kvart år. Etter nogjeldande ordning omtalar Sametingets årsmelding
språk, og slik vil det framleis vere, men forslaget til
lovtekst sikrar at ein kvart fjerde år får ei
grundig vurdering av situasjonen for dei samiske språka.
Det vil ikkje vere naturleg med ei slik omfattande rapportering
oftare enn kvart fjerde år. Rapporteringa blir då knytt
til prinsippmeldinga om samepolitikken som Kommunal- og regionaldepartementet
legg fram kvart fjerde år.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, fra Høyre, Afshan Rafiq, lederen Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke og fra Senterpartiet, Ola T. Heggem, er enig i at det ikke lenger skal være lovpålagt å ha et eget språkorgan for samiske språk, men at det overlates til Sametinget å avgjøre hva som er den beste måten å organisere arbeidet på.
Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre følgende
vedtak til lov
om endring i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (ny organisering av arbeidet for samiske språk)
I
I lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold skal § 3-12 lyde:
§ 3-12 Organisering av samisk språkarbeid
Sametinget skal arbeide for vern og videre utvikling av samiske språk i Norge.
Sametinget utarbeider hvert fjerde år en rapport til Kongen om situasjonen for samiske språk i Norge.
II
Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 5. november 2002
Sonja Irene Sjøli |
Torny Pedersen |
Trond Giske |
leder |
ordfører |
sekretær |