Proposisjonens hovudinnhald

Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg til retting av feil m.m. i 127 lover. Proposisjonen er utarbeidd som ledd i Regjeringa sitt arbeid med kvalitetssikring og forenkling av lovverket.

Utgangspunktet for arbeidet med proposisjonen er ei oversikt over feil som Lovdata har laga på oppdrag frå Justisdepartementet. Justisdepartementet tilrår i denne proposisjonen å rette opp dei fleste av desse feila saman med nokre andre feil som departementet har blitt gjort merksam på undervegs i arbeidet. Det dreier seg mellom anna om reine skrivefeil, om ledd eller paragrafar som har blitt oppheva ved ein feil, og om lover som er oppheva, men som gjeldande føresegner framleis viser til.

Proposisjonen inneheld berre rettingar av openberre feil. Det har derfor ikkje vore nødvendig å sende lovutkastet på alminneleg høyring. Arbeidet har ikkje omfatta forskrifter. Når det gjeld forskriftsverket, blei det gjort ei stor opprydding i samband med den såkalla "forskriftsdugnaden".

Opprettingane er utarbeidde i samråd med dei departementa som har ansvar for dei enkelte lovene.

Oppryddinga vil ikkje ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.