Innstilling frå utanrikskomiteen om lov om endring i lov 27. februar 1930 nr. 3 om Bouvet-øya, Peter I"s øy og Dronning Maud Land m.m.

Dette dokument

Til Odelstinget

Samandrag

Justisdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg til endring av lov 27. februar 1930 nr. 3 om Bouvet-øya, Peter I"s øy og Dronning Maud Land m.m. (bilandslova). Føremålet er å innføre på nytt ein heimel for å gi forskrifter om miljøvern i dei norske bilanda.

Det har tidlegare vore heimel for å gi slike forskrifter i bilandslova § 2 andre ledd som seier at forskriftsheimelen i svalbardlova § 4 skal gjelde tilsvarande. Heimelen har vore brukt til å gi forskrift 17. desember 1971 nr. 9 som fredar Bouvet-øya og territorialfarvatna rundt som naturreservat. Heimelen for å gi forskrifter om miljøvern fall bort då svalbardlova § 4 vart endra i samband med vedtaking av lov 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard. Formuleringa "fredning av dyr, planter, naturformasjoner, landstrekninger og fortidslevninger" vart da teken ut. Ein ny heimel for miljøforskrifter på Svalbard vart gitt i svalbardmiljølova. Det er ikkje noko som tyder på at ein ved endringa meinte å fjerne heimelen for å gi forskrifter om miljøvern i bilanda. Om bakgrunnen for endringa heiter det i Ot.prp. nr. 38 (2000-2001) s. 167 at "forskrifter innenfor svalbardmiljølovens område heretter bør gis med hjemmel i svalbardmiljøloven, og det bør ikke kunne oppstå uklarhet om en forskrift med hjemmel i svalbardloven kan avvike fra svalbardmiljøloven. Av den grunn foreslås det at hjemmelen for miljøvernforskrifter i svalbardloven oppheves”.

I lov 27. februar 1930 nr. 2 om Jan Mayen har ein òg ei formulering om at svalbardlova § 4 gjeld tilsvarande, jf. § 2 andre ledd. I denne lova vart det i samband med vedtakinga av svalbardmiljølova gitt eit nytt tredje ledd i § 2 der det heiter at "Kongen kan gi forskrifter om miljøvern på Jan Mayen", jf. svalbardmiljølova § 103. Ved ein feil vart det ikkje samstundes gjort ei tilsvarande endring i bilandslova. Det er ei slik endring det no vert gjort framlegg om.

Sanksjonsføresegna som tidlegare òg hadde heimel i bilandslova § 2, jf. svalbardlova § 4 andre ledd, foreslår Regjeringa å innføre på nytt ved å la svalbardlova § 4 andre ledd gjelde tilsvarande for forskrifter gitt i medhald av heimelen ein her gjer framlegg om.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Haakon Blankenborg, leiaren Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg og Gunhild Øyangen, frå Høgre, Mette Korsrud, Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Finn Martin Vallersnes, frå Framstegspartiet, Morten Høglund og Christopher Stensaker, frå Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen, frå Kristeleg Folkeparti, Jon Lilletun og Lars Rise, og frå Senterpartiet, Åslaug Haga, er innforstått med at ein her gjeninnfører ein lovheimel for å kunne gjeve forskrifter om miljøvern i dei norske bilanda etter at slik heimel ved ein inkurie bortfalt ved tidlegare endring av lovverket vedrørande Svalbard og Jan Mayen.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere følgjande

vedtak til lov

om endring i lov 27. februar 1930 nr. 3 om Bouvet-øya, Peter I’s øy og Dronning Maud Land m.m.

I

I lov 27. februar 1930 nr. 3 om Bouvet-øya, Peter I’s øy og Dronning Maud Land m.m. skal § 2 nytt tredje ledd lyde:

Kongen kan gi forskrifter om miljøvern på Bouvet-øya, Peter I’s øy og Dronning Maud Land. Bestemmelsen i lov om Svalbard av 17. juli 1925 § 4 andre ledd får tilsvarende anvendelse.

II

Loven trer i kraft straks.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 10. desember 2003

Thorbjørn Jagland Finn Martin Vallersnes
leiar ordførar