3.1 Samandrag

Etter det departementet kjenner til, er det ikkje framstilt klona virveldyr ved kjernetransplantasjonsteknikkar i Noreg. Ifølgje rapporteringar i fagtidskrift på området er det i fleire andre land gjort eksperiment med kjernetransplantasjonsteknikkar som har resultert i levande fødde klonar av virveldyr. Kommersielle føretak står for mykje av verksemda på området.

Det blir gjort greie for ulike kloningsteknikkar, både assistert og målretta framstilling av genetisk like dyr ved hjelp av reproduksjonsmetodar som òg kan førekomme i naturen og kloning ved kjernetransplantasjon (somatisk kloning).

Mogeleg illegal overføring av teknikken på menneske blir peika på som eit problem ved kloning av dyr.

Det blir uttala at det finst lite dokumentasjon som drøftar mogeleg helserisiko for menneske når det gjeld klona dyr. Det blir vist til at National Academy of Sciences har vurdert om det er trygt å bruke matprodukt frå dyr som ikkje er genmodifiserte, men som er framstilte ved bruk av kjernetransplantasjonsteknikkar. I rapporten frå denne studien vert det konkludert med at det per dags dato ikkje ligg føre bevis på at produkt frå slike dyr er utrygge å ete.

Det blir peika på at den økologiske risikoen særleg knyter seg til bruk av kloningsteknikkar for å framstille genmodifiserte dyr. Dersom ein gjennom kloning kan framstille eit større tal genmodifiserte dyr, og det vert opna for eksport og/eller utsetjing av desse (til dømes embryo), vil det vere fare for såkalla genforureining med einsretting og utarming av artsmangfaldet i området som konsekvens. Det er kombinasjonen av genmodifisering og utsetjing som kan få dei største følgjene for miljøet ved kloning brukt på dyr. I ein norsk samanheng vil føresegnene om utsetjing i genteknologilova kunne hindre slike utslag.

Når det gjeld ulike område der kloning av dyr kan nyttast, vert det m.a. peika på at kloning vil kunne utviklast til eit viktig verktøy for framtidig forsking på levande organismar, og at ein med kloning vil kunne standardisere den genetiske bakgrunnen til forsøksdyr, noko som vil vere av stor verdi for forskinga, ikkje minst innan helsesektoren. Kloning kombinert med genteknologi kan òg gjere det mogeleg å bruke dyr som produsentar og donorar av organ, ulike typar vev og celler til sjuke menneske.

Det blir òg peika på at kloning kan nyttast for matvareproduksjon, for å gje oss selskapsdyr, veddeløpsdyr eller førerhundar, og at teknikken kan nyttast i arbeidet med restaurering av trua artar.

3.2 Merknader frå komiteen

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, skil klart mellom dei reproduksjonsmetodar som kan gå føre i naturen, og den kloninga som skjer ved kjernetransplantasjon. Fleirtalet vil peike på at ekstrem styring av naturlege reproduksjonsmetodar kan føre til uakseptable resultat; dette gjeld mellom anna reindyrka innavl som kan gje lyter og sjukdomssituasjonar dyr ikkje bør utsetjast for, samtidig som ein får ein einsretting i artsmangfaldet.

Fleirtalet vil framhalde at kloning ved deling av eit befrukta egg, såkalla embryosplitting, er ein enkel måte å lage identiske individ på etter same metode som ved spontan danning av einegga tvillingar eller fleirlingar i naturen. Desse individa er kunstig skapa tvillingar/fleirlingar som er genetisk like.

Komiteen sin medlem frå Senterpartiet meiner denne embryosplittinga òg gjer det mog­leg å standardisera den genetiske bakgrunnen til forsøksdyr til bruk i forskinga.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, viser til merknadene under kap. 2.2 når det gjeld etikk og praksis rundt kloning ved kjernetransplantasjon (somatisk kloning). Fleirtalet meiner dei negative fylgjene som til no er kjend ved slik kloning og eit etisk verdigrunnlag tufta på respekt for det enkelte individ òg når det gjeld dyr, samt eit føre-var-prinsipp når det gjeld økologi, miljø og eventuelle helsemessige skadar, tilseier at ein må ha eit klart forbod mot somatisk kloning av dyr.

Komiteen sin medlem frå Senterpartiet meiner det betyr eit forbod mot all kloning ved bruk av EC-celler og kjernetransplantasjon.

Komiteen tykkjer at kjernetransplantasjonsteknikk brukt i samanheng med husdyravl for matvareproduksjonen er uakseptabelt. Det same gjeld bruk av denne kloningsteknikken for å framstille selskapsdyr og konkurransedyr som veddeløpshestar og hundar. Når det gjeld bruk av kjernetransplantasjonsteknikkar for restaurering av utryddingstrua dyreartar, har komiteen merka seg at slike metodar for å bevare biologisk mangfald er omstridt, og komiteen vil i likskap med Regjeringa ikkje støtte at slik teknikk vert tatt i bruk til dette føremålet på det nove­rande tidspunkt.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, meiner det er skilnad på å argumentere plikt­etisk som ein gjer når det gjeld menneske, og konsekvensetisk når bruken av kloningsteknikkar på dyr skal regulerast. Dette er i samsvar med dei synsmåtane som ligg til grunn for anna regulering på genteknologiområdet, og fleirtalet meiner at det også bør vere slik i denne saka. Etter fleirtalet sitt syn tyder ikkje det at det ikkje skal takast omsyn til det etiske aspektet som gjeld naturen sin eigenverdi og integritet, men at avgrensingane på bruken av teknologien skal vegast opp mot moglege positive bruksmåtar for menneske og dyr, t.d. medisinsk behandling i livreddande teneste.

Komiteen sine medlemer frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti vil derfor gå inn for Regjeringa sitt forslag som omfattar totalforbod mot kloning av primatar, men som gjev høve til å søkje om dispensasjon frå eit generelt forbod mot kloning av andre virveldyr og krepsdyr.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil sette spørsmålstegn ved om Regjeringens verdigrunnlag som dette lovutkastet bygger på, virkelig har allmenn støtte i det norske folk. Disse medlemmer viser i denne forbindelse til debatten i 2003 omkring den nye strenge bioteknologiloven hvor det tydelig gikk frem at Regjeringens verdigrunnlag i den saken ikke hadde allmenn støtte i den norske befolkning. Dette førte da også til at loven ikke kan settes i kraft før Stortinget har godkjent forskriftene til loven. Humanismens ønske om å gjøre det beste for det enkelte menneske er intet argument for å forby eller vanskeliggjøre virksomheter som kan bringe forskningen fremover eller som kan bedre behandlingen av syke. En slik tankegang mener disse medlemmer heller ikke går på tvers av den kristne vektleggingen av menneskets egen verdi. I vurderingen av menneskets egen verdi og dyrenes verdi må en kunne tolke all teknologisk praksis om at hensynet til mennesket går foran hensynet til dyr. Det burde også ha resultert i at når det gjelder kloning av virveldyr, burde man i utgangspunktet ikke ha en forbudslov, men en reguleringslov.

Disse medlemmer viser til at over et betydelig antall år har den medisinske forskningen måttet bruke dyr i forsøk. Slike forsøk blir selvfølgelig gjort så hensynsfullt som mulig for dyrene, men når det gjelder prioriteringen mellom dyrehelse og nødvendig medisinsk forskning for å redde menneskeliv, har alltid menneskets interesse i forskningsøyemed vært utslagsgivende, og dette er disse medlemmer fullt ut enig i.

Disse medlemmer vil mene at å trekke inn Albert Schweitzers tese om respekt for alt liv, neppe har støtte i det norske samfunn og er ikke etter disse medlemmers mening relevant i den foreliggende stillingtagen til kloning av dyr. Disse medlemmer vil presisere at det skal være en meget god grunn til å hemme medisinsk forskning som kan gi som resultat å redde menneskeliv og forebygge alvorlig sykdom. Regulering og lovgivning på dette området må etter disse medlemmers mening sikre at det norske folk har lett tilgjengelighet til utforskede medisinske landevinninger som kan redde liv og forebygge sykdom. Det er etter disse medlemmers mening bent frem umoralsk at slike medisinsktekniske landevinninger skal kunne kjøpes fra utlandet, men at norske forskere og norske kliniske miljøer på grunn av en streng lovgivning skal forhindres i å delta i forskning og utvikling.