4.1 Samandrag

Kloning av menneske er forbode ved lov 27. mars 1998 nr. 22 om endringer i lov om medisinsk bruk av bioteknologi. Når det gjeld andre organismar enn menneske, er kloning i seg sjølv ikkje forbode i dagens lovverk.

I si drøfting av genteknologilova konkluderer departementet med at ho ikkje omfattar kloning av dyr som ikkje er genmodifiserte, og at om ho skal regulere kloning av slike dyr, må det saklege verkeområdet til lova endrast.

Slik departementet tolkar formålet med dyrevernlova, vil all kloning som inneber smerte, liding eller ulempe for dyret vere forbode. Tek ein utgangspunkt i dei helsemessige følgjene for surrogatmødrene og klonane når det vert framstilt dyr ved kjernetransplantasjon, vil denne verksemda kunne forby­dast etter dyrevernlova utan at det krevst noka lovendring. Då det ikkje er meldt om helseproblem ved kloning ved hjelp av embryosplitting, gynogenese og innavl, vil ingen av desse metodane vere omfatta av dyrevernlova i dag. Det blir understreka at utviklinga på genteknologiområdet går fort, og at ein ikkje kan sjå bort frå at arbeidet med å utvikle kjernetransplantasjonsteknikken kan føre til at ein på sikt kan bruke teknikken utan at dei involverte dyra blir påførte smerte eller anna ulempe. Det blir uttala at om ein skulle ønskje å leggje eit forbod mot kloning ved kjernetransplantasjon generelt til dyrevernlova, og ikkje berre vareta dei dyrevernmessige sidene ved kloning, bør verkeområdet til denne lova utvidast slik at ho òg kan omfatte tilfelle der verksemda ikkje inneber smerte og ulempe for dyra.

4.2 Merknader frå komiteen

Komiteen vil understreka at dagens genteknologilov omfattar alle typar organismar unntatt menneska og regulerar genmodifisering som spesifikt fagområde. Genteknologilova sett krav til etikk i samband med godkjenning av genteknologisk verksemd. Vidare vil komiteen understreke at det generelle regelverket som ivaretar dyrevernaspektet ved verksemd med dyr, er dyrevernloven. Dyrevernloven § 5 omhandlar genteknologiske metodar ved tradisjonelt avlsarbeid, mens lovens § 21 regulerer biologiske forsøk med dyr.

Komiteen minnar om at etter dyrevernlova § 21 kan det etter søknad gjevast godkjenning til bruk av dyr i forsøkssamanheng. Det kan òg gjevast løyve til bruk av dyr i utprøving og testing av farmasøytiske preparat m.m., men løyva omfattar ikkje framstilling av produksjonsdyr til bruk i medisinsk verksemd. Om slik verksemd inneber vesentleg smerte for desse dyra, vil slik verksemd vere forbode etter dei generelle forboda i lova.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, vil presisera at genteknologilova skal danna den ytre ramma om moderne bioteknologi, der målet er å sikre at moderne bioteknologi blir utnytta til felles beste og i pakt med dei etiske verdiane samfunnet vårt byggjar på. Lova omfattar ikkje teknikkar som ikkje inneber framstilling og bruk av genmodifiserte organismar. Lova tar derimot høgd for at nye teknikkar som blir nytta til å framstille genmodifiserte organismar, vil vere omfatta av lova, jf. merknadane til § 4 bokstad d. Kloning ved bruk av til dømes ES-cellar og kjernetransplantasjon for å framstille genmodifiserte dyr vil difor vere omfatta av genteknologilova.