Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar
i lova om godtgjersle til vitne og sakkunnige og i straffeprosesslova.
Føremålet med forslaga er å styrkje og
synleggjere den rettslege stoda for einskilde pårørande
i saker der barn er døde som følgje av ei straffbar
handling.
Departementet foreslår at reglar i lov om vidners og
sakkyndiges godtgjørelse, òg skal omfatte foreldre
som følgjer hovudforhandlinga i straffesaker der barn er
døde som følgje av ei straffbar handling. Forslaget
inneber at foreldra kan få dekt reiseutgifter etter reiseregulativet
i staten, samt at retten kan tilkjenne foreldre dekning for dokumenterte
utlegg og tapt arbeidsforteneste så langt det er rimeleg.
I straffesaker der barn er døde som følgje
av ei straffbar handling, foreslår departementet vidare
at den same personkrinsen får nokre nye og uttrykkjelege
straffeprosessuelle rettar:
For det første foreslår departementet at foreldra får
ein klår rett til bistandsadvokat dersom dei ynskjer det,
og uavhengig av om dei fremjar borgarlege krav i saka eller ikkje.
For det andre foreslår departementet at påtalemakta
påleggjast ein uttrykkjeleg plikt til å underrette foreldra
om at tiltale er teken ut i saka.
For det tredje foreslår departementet at foreldra får
den same retten til dokumentinnsyn som ein fornærma har.
Endeleg foreslår departementet at retten får
moglegheit til å påleggje den sikta eller andre å forlate rettssalen
når foreldra forklarer seg - sjølv om det er grunn
til å tru at vitnet i alle høve vil gje ei forklaring utan
atterhald.
Departementet har vedteke å setje ned eit utval til å sjå nærare
på dei fornærma si prosessuelle stilling. Utvalet
blir omtala i proposisjonen.