2. Bakgrunnen for lovforslaga

Spørsmålet om dei pårørande sin situasjon i straffesaker har vore omtala i samfunnsdebatten i den siste tida.

Justisdepartementet sendte derfor 7. juni 2002 forslaga om endringar i lova om godtgjersle til vitne og sakkunnige og i straffeprosesslova på høyring til ein rekke institusjonar og organisasjonar. Hovudinntrykket etter høyringa er at eit stort fleirtal av høyringsinstansane ynskjer at dei pårørande skal få nye og uttrykkjelege rettar i straffesaka. Høyringsinstansane er derimot meir splitta i synet på kven av dei pårørande rettane skal gjelde for, og i kva for saker. Det er òg ulike syn på kva for rettar dei pårørande bør få, og den nærare utforminga av reglane. I kap. 3 i proposisjonen omtaler departementet statistikk på området.