2. Auka grunnpensjon til gifte og sambuande pensjonistar - folketrygdlova § 3-2 fjerde og femte leddet, § 3-4 tredje leddet og § 3-26 femte leddet bokstav a

2.1 Samandrag

Pensjon frå folketrygda vert gitt som grunnpensjon og tilleggspensjon/særtillegg. Grunnpensjonen vert gitt etter ulike satsar for einslege og gifte. Dette er ei vidareføring av ei tilsvarande ordning i den behovsprøvde alderstrygda frå 1936, som vart avløyst av ei samordningspliktig alderstrygd for alle i 1959. Alderstrygda for ektepar utgjorde 150 prosent av alderstrygda for einslege. Systemet med differensierte satsar for ektepar og einslege vart ført vidare då folketrygda kom i 1967.

Full grunnpensjon for einslege pensjonistar utgjer nå 100 prosent av grunnbeløpet i folketrygda (58 778 kroner per 1. mai 2004), men 82,5 prosent av grunnbeløpet (48 492 kroner) når pensjonisten lever saman med ein ektemake som får pensjon frå folketrygda eller avtalefesta pensjon. Ein pensjonist som har ektemake med ei årleg inntekt på meir enn to gonger grunnbeløpet, får òg grunnpensjon etter låg sats. Sambuarar som har eller har hatt felles barn, som har vore gift med kvarandre før, eller som har levd saman i 12 av de siste 18 månadene, får grunnpensjon etter dei same reglane som gifte.

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2003 vart regjeringspartia og Framstegspartiet samde om å auke grunnpensjonen til ektepar og sambuande slik at den vert sett til 1,6 G i 2003, til 1,65 G i 2004 og til 1,7 G i 2005. Som ei oppfølging av avtalen foreslår departementet at folketrygdlova § 3-2 fjerde og femte leddet blir endra slik at grunnpensjonen for gifte og sambuande pensjonistar vert sett opp frå 82,5 prosent av grunnbeløpet til 85 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2005. Samstundes vert folketrygdlova § 3-4 tredje leddet foreslått justert slik at det går fram at minstepensjonen for ektepar etter endringa vil utgjere til saman 170 prosent av grunnbeløpet pluss to gonger særtillegget etter ordinær sats.

Auken av grunnpensjonen for ektemakar skal vere avgrensa til grunnpensjonen, og tek ikkje sikte på å endre inntektsprøvinga av forsørgingstillegg. For å unngå ei slik endring foreslår departementet at folketrygdlova § 3-26 femte leddet bokstav a vert end­ra slik at inntektsprøvinga av forsørgingstillegga skal skje med det same fribeløpet i kroner som i dag. For å oppnå dette må talet 10 i § 3-26 femte leddet bokstav a byttast ut med talet 5. Endringa får ikkje økonomiske konsekvensar for pensjonistar med forsørgingstillegg.

Lovendringa vert foreslått å gjelde frå 1. mai 2005. Meirutgiftene for folketrygda er rekna til 522 mill. kroner på årsbasis, og meirutgiftene til avtalefesta pensjon med statstilskot er rekna til 3 mill. kroner.

2.2 Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Britt Hildeng, Asmund Kristoffersen og Gunn Olsen, fra Høyre, Beate Heie­ren Hundhammer, Bent Høie og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Fremskrittspartiet, lederen John I. Alvheim og Harald T. Nesvik, fra Sosialistisk Vens­treparti, Olav Gunnar Ballo og Sigbjørn Molvik, fra Kristelig Folkeparti, Åse Gunhild Woie Duesund og Per Steinar Osmundnes, og fra Senterpartiet, Ola D. Gløtvold, er fornøyd med at Regjeringen foreslår å øke grunnpensjonen for gifte og samboende pensjonister fra 82,5 til 85 prosent av grunnbeløpet. Endringen gjelder også for avtalefestet pensjon med tilskudd fra staten (AFP). Komiteen viser til at forslaget følger opp avtalen mellom Fremskrittspartiet og regjeringspartiene høsten 2002 ved behandlingen av statsbudsjettet for 2003.