3.1 Statistikk

Førehandsrøystingar

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2003 var det om lag 249 000 personar som røysta på førehand. Dette utgjorde 12,0 pst. av dei som røysta. Ved lokalvalet i 1999 røysta om lag 332 000 (15,6 pst.) på førehand og ved lokalvalet i 1995 rundt 179 000 (8,3 pst.). Postrøystegivinga vart i høve til deltakinga ein suksess da ho vart innført. Førehandsrøystegivinga på Posten vart avvikla da den nye vallova vart vedteken. Bakgrunnen var at talet på postkontor vart sterkt redusert.

Når ein derfor skal vurdere oppslutninga om førehandsrøystegivinga ved valet i 2003, er det meir naturleg å samanlikne med oppslutninga ved valet i 1995. Både mengda og prosentdelen av førehandsrøyster var vesentleg høgare ved valet i 2003 enn ved valet i 1995, altså førre gongen kommunane hadde ansvaret for førehandsrøystegivinga. Dette tyder på at kommunane generelt har greidd å leggje til rette denne røystegivinga på ein god måte.

Forkastingar

Heile regelverket for godkjenning og forkasting av røystegivingar og røystesetlar vart gjennomgått i Ot.prp. nr. 45 (2001-2002) om forslag til ny vallov. Svært mange av dei tidlegare forkastingsreglane i lova vart oppheva. Regelverket vart mykje forenkla og lettare å praktisere.

Tilbakemeldingar frå kommunar og fylke tyder på at målsetjinga til departementet med endra regelverk har slått til.

3.2 Prinsipielle vurderingar av behov for endringar i regelverket

Det er viktig at valordninga er mest mogleg stabil, både i høve til kvar veljar og alle dei mange valmedarbeidarane som skal stå for gjennomføringa av valet. Derfor meiner departementet at det må liggje ei streng vurdering til grunn når ein skal ta stilling til om regelverket bør reviderast på visse område.

Ved den nye vallova vart det innført til dels vesentlege endringar på ein del område. Særleg gjeld dette endring i reglar for personval, fjerning av røystesetelkonvolutten, endring av tidspunkt for avslutning av røystegiving på valdagen, endring av tid og stad for røystegiving på førehand osv.

Det at både veljarane og dei valansvarlege vil ha lært mykje av valet i 2003, saman med fokus på informasjon og rettleiing også i framtida, meiner departementet vil vere den beste løysinga for å hindre at dei same feila kjem att ved valet i 2005 og seinare val.

3.3 Omtale av problemstillingar som er vurderte i proposisjonen, men der det ikkje er føreslått endringar i regelverket

Valdeltaking

Det har dei siste åra vorte lansert og gjennomført mange forsøk der ein del av grunngivinga for forsøka har vore ein hypotese om at dette kunne vere tiltak som ville føre til høgare valdeltaking. Dette handlar om direkteval av ordførar, elektronisk røystegiving og eigen valdag. Evalueringa av desse forsøka underbyggjer likevel ikkje ein slik hypotese. Etter det departementet meiner, byggjer dette opp om utsegna til vallovutvalet om at valdeltakinga er eit komplekst samansett fenomen.

Regjeringa peikte i mars 2004 ut ein lokaldemokratikommisjon. Denne kommisjonen fekk i oppdrag mellom anna å gjere greie for utviklinga i valdeltakinga, finne moglege forklaringar på kvifor færre innbyggjarar røystar, og føreslå tiltak for å styrkje valdeltakinga på kortare og lengre sikt. Departementet meiner at ein bør vente på tilrådingane frå kommisjonen før ein eventuelt føreslår lovendringar på dette området.

Informasjon til veljarar og valfunksjonærar

Evalueringa viste vidare at veljarane generelt vurderte sin eigen kunnskap om valordninga som svært god. Nærmare 90 pst. syntest sjølv dei visste nok om kvar, når og korleis dei skal røyste. Eit litt lågare prosenttal meinte dei visste nok om korleis dei skal gjere rettingar på røystesetlane (64 pst.).

Det er til dels store skilnader mellom kommunane i kor mange feil som er gjorde av veljarane eller valfunksjonærane. Det ligg nær å tru at skilnadene kommunane imellom i stor grad kan forklarast med kor godt dei har greidd å gi veljarane relevant informasjon i sjølve vallokalet om korleis dei skal gå fram for å røyste. Opplæring av valfunksjonærane og røystestyra kan vere ein annan faktor.

Departementet vil i sin informasjon til kommunane føre det neste valet understreke kor viktig det er å gi slik informasjon, og komme med døme på korleis dei kan gi slik informasjon. I tillegg vil departementet i sin generelle informasjon til veljarane leggje stor vekt på korleis sjølve røystegivinga skal gjennomførast.

Hemmeleg val

Det var vallovutvalet som føreslo at røystesetelkonvolutten vart avskaffa ved røystegiving på valdagen. Utvalet kom med forslag om at veljaren i staden skulle brette saman røystesetelen i røysteavlukket, slik at ingen andre kunne sjå kva vedkommande hadde røysta, og deretter gå til urna. Der skulle røystesetelen stemplast av røystemottakaren før setelen vart lagd i urna av veljaren.

Departementet meiner det er grunn til å understreke at det ikkje er nokon motstrid mellom hemmelege val og konvoluttfrie val. Det er også mange andre land som ikkje nyttar røystesetelkonvolutt. Visse føresetnader må likevel vere til stades, noko som også vallovutvalet gav uttrykk for.

Utforming av røystesetlane

Det følgjer av valforskrifta § 19 andre ledd at dei røystesetlane som skal nyttast på valtinget, skal produserast på ein slik måte at det ikkje er mogleg å sjå kva veljarane har røysta etter at røystesetelen er bretta saman. I dei få tilfella der røystesetlane ikkje godt nok oppfylte kravet til å vere ugjennomsiktige, ser departementet det slik at det ikkje var regelverket som var mangelfullt, men kommunane som ikkje passa godt nok på da røystesetlane vart produserte. Det er ikkje grunn til å tru at praktiseringa av reglane vil bli annleis ved at ein tek inn meir detaljerte reglar om produksjonen av røystesetlar i forskrift framfor å ha dei i rettleiinga til forskrifta slik ho lyder i dag. Regelen er dessutan heilt ny, og ein bør ikkje gripe til unødvendig detaljerte reglar før kommunane har fått høve til å tilpasse seg reglane. På bakgrunn av dette meiner departementet at regelverket inneheld dei nødvendige krava om korleis røystesetlar skal produserast.

Bretting av røystesetlane

Departementet har tiltru til at dei fleste veljarane no har fått med seg at dei skal brette røystesetelen. Røystegivinga bør derfor gå betre i 2005 enn ved valet i 2003. Det er også grunn til å tru at dersom regelverket blir endra enda ein gong, vil dette gjere folk meir forvirra. Det er likevel grunn til framleis å ha fokus på informasjon om den praktiske gjennomføringa av sjølve valhandlinga. Departementet vil følgje opp dette i informasjonsarbeidet sitt.

Røysteavlukka

Erfaringa til departementet er at kommunane generelt legg til rette røystegivinga på dette feltet på ein fullt ut tilfredsstillande måte. Men med fleire tusen vallokale og enda fleire tusen røysteavlukke er det likevel ikkje til å unngå at ein del valavlukke ikkje blir plasserte på den beste måten. Det er ikkje noko som tilseier at plasseringa av avlukka vil bli betre - i dei få tilfella der dette har vore eit problem - dersom det er reglar i lov eller forskrift framfor i rettleiingsmateriell til kommunane.

Røystegiving i vallokalet

Valreglane vart endra på mange område føre valet i 2003. Men det var vanskeleg for dei valansvarlege nøyaktig å finne ut korleis dette ville påverke tidsbruken i røystelokalet. Årsakene til at det somme stader vart kø i vallokala, var fleire. Innføringa av nye prosedyrar i vallokala, gjorde nok at ein del veljarar vart usikre på framgangsmåten, noko som førte til at røystegivinga tok litt lengre tid. Det same galdt truleg også for ein del valfunksjonærar. Samstundes deltok mange fleire veljarar i personvalet ved valet i 2003 enn ved tidlegare val. I tillegg stengde vallokala somme stader tidlegare enn ved førre val.

Slik departementet ser det, er det grunn til å tru at både veljarane og valmedarbeidarane vil ha tilpassa seg prosedyrane for korleis røystegivinga skal vere i vallokalet ved neste val. Dette tilseier at ein i 2005 ikkje vil få dei problema med kø som ein hadde somme stader i 2003. På bakgrunn av trua på at veljarane og valmedarbeidarane neste val vil klare å tilpasse seg det nye regelverket, meiner departementet det er grunn til å halde fast ved dei vurderingane om opningstider som vart gjorde i odelstingsproposisjonen.

Blanke røyster

Det går ikkje direkte fram av vallova at det er mog­leg å røyste blankt. Men valforskrifta har i § 20 ein regel om plikt for fylkesvalstyret og valstyret til å produsere blanke røystesetlar i det same formatet og med den same utforminga som ordinære setlar. Det er såleis ikkje tvil om at retten til å røyste blankt må liggje implisitt. Kravet til same utforming og format er sett av omsyn til at det ikkje skal vere råd å skilje blanke røystesetlar frå andre røystesetlar når desse er bretta.

Departementet meiner ein må sjå på blanke røyster som ei form for meiningsytring, og at dei dermed bør skiljast frå andre forkasta røyster. Departementet vil derfor føreslå at blanke røyster blir skilde ut i ein eigen kategori, som skil seg frå både ordinært forkasta og godkjende røyster.

3.4 Anna evaluering

Forsøk med elektronisk røystegiving

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2003 vart det gjennomført forsøk med elektronisk røystegiving i Oppdal, Bykle og Larvik kommunar. I tillegg vart den same teknologien nytta ved val til Longyearbyen lokalstyre. Evalueringa viser at forsøket var ein suksess med omsyn til kor brukarvennlege systema var. Både veljarane og valmedarbeidarane i kommunane var samde om at den løysinga ein valde, var svært enkel å bruke.

Når det gjeld valdeltaking, viser rapporten til at det ikkje er godt nok erfaringsgrunnlag til å konkludere med at det vil bli høgare valdeltaking med å innføre elektroniske løysingar. I forsøka vart valmaskinane nytta i sjølve røystelokala og gjorde såleis ikkje valet lettare tilgjengeleg for folk.

På bakgrunn av mellom anna tilrådingane i denne evalueringsrapporten, sette departementet sommaren 2004 ned ei arbeidsgruppe som på prinsipielt grunnlag skal vurdere om elektronisk røystegiving bør innførast i Noreg og eventuelt i kva slags form.

Forsøk med direkteval av ordførar

Ved kommunestyrevalet i 1999 vart det for første gong i Noreg gjort forsøk med direkteval av ordførar i 20 kommunar. Sjølv om ikkje målsetjinga om høgare valdeltaking vart nådd, var det likevel mange interessante og spennande verknader av forsøket. Dette gjorde det ønskjeleg å prøve ut ordninga også i valperioden 2003-2007.

Med bakgrunn i dette inviterte departementet alle kommunane til ein ny runde med forsøk for perioden 2003-2007. Det var stor oppslutning om forsøket med om lag 90 kommunar som søkte om å få vere med. Dei fleste av kommunane frå den førre forsøksperioden vart med vidare i tillegg til ein del nye, først og fremst større kommunar. Forsøket vart såleis utvida frå 20 kommunar i den førre valperioden til 37 no. Etter valet fekk vi 34 direktevalde ordførarar. I tre kommunar vart ordføraren likevel vald av kommunestyret som følgje av forsøksmodellane i desse kommunane.

I den inneverande forsøksperioden vart også kommunane inviterte til å prøve ut ei ordning med utvida avgjerdsmakt for ordføraren. Dette vil gjere sitt til å synleggjere ordførarrolla enda meir. Innanfor det systemet vi har i dag, har ordføraren lita formell avgjerdsmakt, men vil med prøveordninga meir vere ein leiar som også kan ta avgjerder i visse situasjonar. Det er i dag åtte ordførarar som har utvida avgjerdsmakt som ein del av forsøket.

Departementet vil i 2006 komme tilbake til Stortinget med forslag om generell rett til direkteval av ordførar, slik at nye reglar eventuelt kan ta til å gjelde ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007.