Til Odelstinget
Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar
i inkassolova, og om nokre mindre endringar for å klargjere
rettstilstanden på enkelte punkt. Endeleg inneheld proposisjonen
eit forslag til endring av reglane om vilkår for inkassoløyve
for å oppnå samsvar med EØS-avtalen.
Departementet foreslår å innføre krav
om at dagleg leiar, styremedlem og eigar som har ein monaleg eigardel
i inkassoføretaket, skal vere eigna. Dette vil vere eit
generelt vilkår for å utøve inkassoverksemd.
Departementet foreslår at skjønet ved vurderinga
av om aktørane er eigna, i hovudsak skal knyte seg til
tidlegare straffbare forhold og misleg framferd på det økonomiske
området. Departementet foreslår også at
den daglege leiaren og styremedlemmane må leggje fram politiattest.
Departementet gjer vidare framlegg om ein generell heimel for å setje
vilkår i løyve til å drive med ervervsmessig
eller stadig inndriving av forfalne pengekrav for andre (framandinkasso).
Framlegget i proposisjonen inneber ei klargjering av rettstilstanden. Departementet
gjer også framlegg om at fast forretningsstad i ein annan
EØS-stat skal likestillast med fast forretningsstad i Noreg.
Bakgrunnen for forslaget er omsynet til EØS-retten.
For å drive inkassoverksemd krevst det at føretaket
har inkassoløyve, jf. inkassolova § 5
første og tredje ledd. Ved framandinkasso (verksemd som
går ut på å drive inn krav for andre)
er det i tillegg eit krav at den eller dei som faktisk leiar verksemda,
har personleg inkassoløyve. For å kunne få personleg
inkassoløyve må den faktiske leiaren "anses skikket"
til å vere faktisk leiar for eit føretak som driv
med framandinkasso. Endeleg må den faktiske leiaren
kunne leggje fram ordinær politiattest og godtgjere at
han har heiderleg vandel. Gjeldande inkassolov stiller ikkje krav
om at styremedlemmar eller eigarar må vere eigna eller
skikka til å drive inkassoverksemd.
I høyringsnotatet frå Kredittilsynet vart følgjande skrive
om behovet for å stille krav om å vere eigna til å eige
eller drive inkassoverksemd:
"Selv om Kredittilsynet mener at det skal gode grunner
til for å gi ytterligere pålegg til selskaper
underlagt tilsyn, har vi etter en helhetsvurdering kommet til at
det er et behov for å foreta en egnethetsvurdering av aktørene
i inkassobransjen."
Vidare har Kredittilsynet vurdert kva for aktørar som
bør vurderast nærmare for å sjå om
dei er eigna til å eige eller drive slik verksemd:
"Daglig leder og styremedlemmer kan utvilsomt øve
en betydelig innflytelse på foretakets virksomhet. Kredittilsynet
er derfor av den oppfatning at begge disse gruppene bør
underlegges egnethetsvurdering ... Etter mønster fra verdipapirhandelloven
og verdipapirfondloven bør disse avkreves politiattest.
Når
det gjelder inkassoforetakets eiere, er det ikke like åpenbart
at disse har den samme muligheten for (uheldig) innflytelse … Hensynet
til proporsjonalitet … taler for at egnethetsvurderingen
av eiere ikke trenger å være like omfattende som
prøvingen av styremedlemmer og daglig leder. Kravet om
politiattest kan sløyfes for denne gruppen ..."
Kredittilsynet foreslo vidare eit system med melding til Kredittilsynet
ved endringar på eigarsida som innebar at melding skulle
sendast om ein eigar fekk minst ti prosent av aksjekapitalen eller
stemmene. Deretter skulle melding sendast før erverv som
gjorde at eigardel eller stemmer nådde opp til eller steig over
20 pst., 33 pst. eller 50 pst. I høyringsnotatet argumenterte
Kredittilsynet for at brot på plikta til å ha eigna
leiarar og eigarar bør vere sanksjonert.
Etter departementet sitt syn er det ikkje tilstrekkeleg å stille
krav berre til "faktisk leder" som i dag. Også daglege
leiarar som ikkje er faktiske leiarar, eigarar og styremedlemmar
kan øve vesentleg innverknad på drifta av verksemda.
Dette talar for at lovgivinga bør stille krav om at også desse
aktørane er eigna. Justisdepartementet meiner at Kredittilsynet
bør ha kompetanse til å avgjere om aktørane
er eigna. Dette er naturleg sidan Kredittilsynet er tilsynsorgan på området.
Departementet gjer på denne bakgrunnen framlegg om endringar
i inkassolova med sikte på å innføre
eit krav om at dei sentrale aktørane i inkassoføretaka
må vere eigna til å drive verksemda i tråd
med lover, forskrifter og god inkassoskikk.
Når det gjeld spørsmålet om kva for
aktørar eignakravet skal gjelde for, har det ikkje kome
innvendingar i høyringsrunden mot at kravet skal omfatte
dei daglege leiarane og styremedlemmane. Departementet meiner det
er nærliggande å krevje at desse skal vere eigna.
Spørsmålet om kravet skal omfatte eigarane,
er vanskelegare. Justisdepartementet viser til at tilsvarande reglar
er innført for eigarane i eigedomsmeklingsføretak.
Det er vel ikkje mindre grunn til å kontrollere eigarane
i inkassoføretak enn i eigedomsmeklingsføretak.
I tillegg legg departementet vekt på at Kredittilsynet
som faginstans meiner at tiltaket er naudsynt. Ut frå dette
bør det etter departementet sitt syn stillast krav om at
også eigarar av inkassoføretak må vere
eigna. Eit slikt krav bør likevel ikkje stillast overfor
alle eigarar. Det er først og fremst eigarar med monalege
eigardelar i føretaket som har høve til å påverke
verksemda. Av den grunn blir det foreslått at kravet om å vere
eigna berre skal gjelde for eigarar med "betydelig eierandel".
Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at
både dagleg leiar, styremedlemmar og eigarar som direkte
eller indirekte har ein monaleg eigardel, skal vere eigna.
Departementet gjer framlegg om ei opplysingsplikt som er avgrensa
til å opplyse om kven som er dagleg leiar, faktisk leiar,
styremedlem og eigar med monaleg eigardel i føretaket.
Etter Justisdepartementet sitt syn kan det vere formålstenleg
om eventuelle endringar blir opplyst til Kredittilsynet som ein
del av dei halvårlege rapporteringane som er heimla i forskrift
om rapporteringsplikt for selskap som driv inkassoverksemd. Departementet
gjer framlegg om å gi Kredittilsynet heimel til å gi
nærmare reglar om gjennomføringa av rapporteringa.
Skifte av faktisk leiar skal etter gjeldande rett meldast til Kredittilsynet
uavhengig av dei halvårlege rapporteringane. Departementet
foreslår å vidareføre dagens praksis.
Departementet har valt å ikkje følgje opp framlegget
frå Kredittilsynet om meldeplikt og førehandsgodkjenning
ved kjøp av eigardelar i fortaka når eigardelen
passerer 10 pst., 20 pst., 33 pst. og 50 pst. Ei ordning med førehandsgodkjenning
av kjøp av eigardelar ville innebere ei klar ulempe for
kjøparen og seljaren av eigardelen og dessutan eit vesentleg
meirarbeid for Kredittilsynet. Etter departementet sitt syn er det
heller ikkje naudsynt med ei slik godkjenningsordning for å gjere
Kredittilsynet i stand til å vurdere om eigarane er eigna.
Eit krav om at dei sentrale aktørane skal vere eigna,
vil måtte vere skjønsmessig. Departementet meiner
at Kredittilsynet ved skjønsutøvinga primært
bør ta omsyn til tidlegare straffbare forhold og misleg framferd
på det økonomiske området. Kredittilsynet må i
kvart einskild tilfelle gjere ei samla vurdering av om ein person
er eigna til å eige eller drive eit inkassoføretak.
Tilsynet må m.a. vurdere om straffbare forhold eller misleg
framferd på det økonomiske området gir
grunnlag for tvil om vedkomande er eigna til å eige eller
drive slik verksemd. Vurderinga kan falle ulikt ut etter kva for
posisjon vedkommande har i føretaket.
At forholda er relevante, inneber ikkje at dei automatisk skal
føre til nekting av løyve. Det at ein fysisk eller
juridisk person har gått konkurs, er til dømes
ikkje i seg sjølv diskvalifiserande. Når det gjeld eventuelle
straffbare forhold, er det grunn til å leggje stor vekt
på økonomisk kriminalitet. Det må også leggast
stor vekt på vald mot person, ikkje minst dersom dette
har skjedd i tilknyting til inndrivingsverksemd.
Som etter gjeldande rett bør det ikkje vere automatikk
i at ein merknad på ein politiattest gjer at ein person
ikkje er eigna til å drive eller eige inkassoverksemd.
Samstundes treng ikkje eit plettfritt rulleblad vere tilstrekkeleg,
sidan dei økonomiske forholda ved ei vurdering om personen
er eigna, åleine kan vere nok til at løyvet ikkje
blir gitt eller at retting blir kravd.
I den gjeldande § 5 i inkassolova er det krav
om at den faktiske leiaren skal "anses skikket". I høyringsnotatet
frå Kredittilsynet er det gjort framlegg om at dagleg leiar,
styremedlemmar og større eigarar skal vere "egnet". Etter
Justisdepartementet sitt syn ville det vere uheldig om ei og same
lov skulle innehalde eit krav om å vere "egnet" for nokre
aktørar, og eit krav om å vere "skikket" for andre.
Departementet gjer derfor framlegg om at omgrepet i § 5
andre ledd blir endra frå "skikket" til "egnet", slik at
også faktisk leiar må vere "egnet".
I samband med overgangen til eit krav om at faktisk leiar skal
vere eigna i staden for skikka, gjer departementet også framlegg
om at kravet til heiderleg vandel i § 5 andre
ledd blir fjerna. Bakgrunnen for dette er i første rekke
at departementet meiner det ikkje er naudsynt å vurdere
vandelen i tillegg til å vurdere om vedkomande er eigna.
Departementet er samd i at plikta til å ha eigna leiarar
og eigarar bør vere sanksjonert. Departementet legg til
grunn at Kredittilsynet kan nytte seg av dei eksisterande sanksjonsheimlane
i §§ 30 og 31. For å kunne stille
krav om retting direkte til ein ueigna eigar, er det naudsynt å gjere
endringar i inkassolova. Departementet gjer derfor framlegg om eit
nytt siste punktum i § 30 tredje ledd som gir
Kredittilsynet kompetanse til å krevje retting av den som
har monalege eigardelar i eit føretak som har løyve
til å drive inkassoverksemd.
Det følgjer av inkassolova at den som er faktisk leiar
av eit inkassoføretak, må leggje fram politiattest.
Andre enn den faktiske leiaren treng i dag ikkje å leggje
fram politiattest. Plikta gjeld såleis ikkje for styremedlemmar
eller for daglege leiarar som ikkje også er faktiske leiarar.
I høyringsnotatet foreslo Kredittilsynet at også dagleg
leiar og styremedlemmar skulle leggje fram politiattest.
Justisdepartementet foreslår at dagleg leiar og styremedlemmar,
men ikkje eigarane, må leggje fram ein avgrensa politiattest.
Etter departementets syn er det godt i samsvar med Den europeiske
menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 å stille krav
om politiattest overfor faktisk leiar, dagleg leiar og styremedlemmar,
men eit slikt krav er noko meir tvilsamt når det gjeld
eigarane. Etter departementets oppfatning er det best i samsvar
med EMK å gi heimel til å hente inn ein avgrensa
politiattest. Attesten bør då vere avgrensa til
straffbare forhold som etter sin art kan svekke tilliten til at
personen er eigna til å drive inkassoverksemd. Departementet
legg til grunn at det i første rekke er tidlegare økonomisk
kriminalitet og vald mot person som er eigna til å svekke
tilliten til personen eller føretaket på dette
området. Attesten bør avgrensast i samsvar med
dette.
Departementet foreslår at alle straffer på det
definerte området skal gå fram av attesten, dvs.
at det ikkje skal vere noko avgrensing bakover i tid. Slik departementet
ser det, er det nødvendig at leiarane i inkassoføretak
legg fram politiattestar som ikkje er tidsavgrensa etter dei allmenne
reglane i strafferegistreringslova § 6.
Når det gjeld kor lenge attesten eller opplysingane
i den kan bli lagra, vil eit naturleg personvernrettsleg utgangspunkt
vere at attesten blir returnert til den det gjeld eller makulert
når det ikkje lenger er naudsynt for Kredittilsynet å lagre
opplysingane. Frå det same tidspunktet bør opplysingane
bli sletta hos Kredittilsynet. Departementet gjer framlegg om ein
heimel for Kongen til å gi nærmare reglar om handsaming
av politiattestane.
Departementet gjer vidare framlegg om at også den attesten
som ein faktisk leiar skal leggje fram, skal vere avgrensa.
Hovudregelen vil i praksis vere at det skal leggjast fram norsk
politiattest. Etter forslaget er det likevel ikkje krav om at politiattesten
må vere norsk. Vilkåret om politiattest kan bli
oppfylt ved at det blir lagt fram ein utanlandsk attest, dersom
det er tale om ein person som har eller har hatt ei meir permanent tilknyting
til eit anna land.
I tilfelle der utanlandske aktørar ønskjer å drive inkassoverksemd
i Noreg, vil ein norsk politiattest vanlegvis vere av liten verdi.
Kredittilsynet kan i slike tilfelle avslå søknaden
om inkassoløyve dersom det ikkje blir lagt fram ein utanlandsk
politiattest eller liknande vandelsattest.
Det kan ikkje stillast krav om at utanlandske politiattestar
berre skal vise merknader om strafferettslege reaksjonar ved brot
på dei særskilte straffeboda som er nemnde i lovforslaget § 5
sjette ledd første punktum. Norsk lovgiving kan sjølvsagt
ikkje regulere utferding av politiattestar i andre statar, og ein kan
ikkje ta for gitt at alle land har ei ordning med avgrensa politiattestar.
Kravet om avgrensa politiattest skal derfor berre gjelde for politiattestar
"som utstedes etter lov 11. juni 1971 nr. 52 om strafferegistrering".
Når det gjeld utanlandske attestar, må utgangspunktet
vere at dei skal vere minst like omfattande som dei avgrensa norske
attestane. Kredittilsynet må her godta attestar som i all
hovudsak inneheld same informasjon som dei norske, attestar som
inneheld informasjon om fleire typar straffbare forhold, og attestar
som ikkje rekk så langt tilbake i tid som dei norske. Det
sentrale må vere at personar som har eller har hatt ei
meir permanent tilknyting til eit anna land - så langt
det let seg gjere - legg frem attestar som svarer til dei norske
politiattestane.
Det har tradisjonelt vore større grunn til å stille krav
til føretak som driv inn krav for andre (framandinkasso)
enn til føretak som driv inn eigne krav (eigeninkasso).
Føretak som skal drive med framandinkasso eller oppkjøpsinkasso,
må ha føretaksløyve. Inkassolova stiller
noko færre vilkår for å drive med oppkjøpsinkasso
enn for framandinkasso.
Kredittilsynet reiste i høyringsnotatet spørsmål om
det er naudsynt med ein generell heimel for å stille vilkår
for løyve til å drive framandinkasso. Tilsynet
viser i den samanhengen til at dagens lov inneheld ei "kan"-føresegn
som eit stykke på veg opnar for at vilkår kan
stillast. Vidare uttaler tilsynet:
"På den annen side er det vanskelig å forutse
enhver situasjon som kan oppstå. En bestemmelse som uttrykkelig
gir hjemmel for å stille andre enn lovens vilkår
kan dekke et behov for uforutsette situasjoner. (…) Kredittilsynet
er på denne bakgrunn kommet til at det kan være
hensiktsmessig at det også for fremmedinkassoselskapene
gis en uttrykkelig generell bestemmelse som sier at det er mulig å stille
vilkår for utstedelse av bevillingen."
Justisdepartementet ønskjer å følgje
opp forslaget om ein uttrykkeleg heimel for å stille vilkår
i løyve ved framandinkasso. For det første vil
ein felles heimel til å setje vilkår skape ein
klarare rettstilstand på området. For det andre
er det grunn til å tru at det i framtida vil bli ein auka
marknadsmessig integrasjon innanfor EØS-området.
Dette kan føre til at inkassoverksemdene blir meir internasjonale,
og at det kjem utanlandske aktørar på den norske
marknaden. Ved tildeling av løyve til utanlandske inkassoføretak som ønskjer å drive
inn krav i Noreg, kan det vere behov for at Kredittilsynet stiller
tilleggsvilkår utover dei som følgjer av inkassolova.
Departementet har på denne bakgrunn gjort framlegg om ein
felles heimel for å setje vilkår i løyve
til å drive framandinkasso og løyve til å drive
oppkjøpsinkasso.
Det følgjer av § 10 andre ledd bokstav
f at ei betalingsoppfordring skal opplyse om retten til å krevje handsaming
av inkassotvistar i ei eiga klagenemnd (Inkassoklagenemnda). Justisdepartementet
skreiv følgjande i høyringsbrevet:
"Retten til nemndshandsaming er avgrensa til tvistar mellom
skyldnarar og foretak som driv inkassoverksemd. (…) Etter
ordlyden i inkassolova § 10 andre ledd bokstav
f gjeld plikta til å opplyse om retten til nemndshandsaming
også i tilfelle der kreditor sjølv driv inn kravet.
Etter Justisdepartementets syn bør det gå klart
fram av lova at denne opplysningsplikta berre skal gjelde når
eit krav blir drive inn av eit foretak som driv inkassoverksemd."
Departementet gjer framlegg om ei endring i § 10 andre
ledd bokstav f, slik at plikta til å opplyse om klagenemnda
skal gjelde for alle inkassoføretak som driv inkassoverksemd
på grunnlag av inkassoløyve. Opplysingsplikta
vil dermed ikkje gjelde for advokatkontor som driv inkassoverksemd
på grunnlag av advokatløyve. Dette heng saman
med at det gjeld eigne klageordningar for advokatar. Etter forslaget
gjeld opplysingsplikta heller ikkje for kreditorar som driv inn
krava sine sjølve, med unntak for oppkjøpsinkassoføretak.
Departementet ønskjer å presisere i lovteksten
at Kredittilsynets høve til å stille vilkår
om nemndstilknyting ikkje berre gjeld for føretak som driv
framandinkasso, men også for føretak
som driv oppkjøpsinkasso.
For at eit føretak skal kunne få inkassoløyve,
må inkassoverksemda drivast frå ein fast forretningsstad i
Noreg. I følgje inkassolova § 4 fjerde
ledd kan verksemd som gjeld oppkjøp og inndriving av forfalne krav,
drivast utan inkassoløyve av institusjonar som har rett
til å drive finansieringsverksemd etter finansieringsverksemdlova.
Kva slags institusjonar som kan drive finansieringsverksemd er lista
opp i finansieringsverksemdlova § 1-4. I desse
tilfella er det ikkje krav om at føretaket må ha
fast forretningsstad i Noreg for å drive med oppkjøpsinkasso
her i landet.
I høyringsnotatet heiter det:
"EFTAs overvakingsorgan (ESA) har reist spørsmål
om kravet til fast forretningsstad i Noreg er i samsvar med EØS-avtalen.
(…) Justisdepartementet har vurdert tilhøvet mellom
inkassolova § 5 første ledd bokstav b
og EØS-avtalen artikkel 36 nr. 1, og har kome til at det
kan vere grunn til å endre føresegna. (…)
Det kan rett nok vere uheldig dersom norske skyldnarar risikerer å måtte
halde seg til utanlandske inkassoforetak som ikkje kan kommunisere
på norsk. Kredittilsynet kan på den andre sida
stille visse minimumskrav med omsyn til språkkunne ved
tildeling av inkassoløyve. Justisdepartementet meiner på denne
bakgrunn at den norske reguleringa samla sett vil vere tilfredsstillande,
sjølv om ein opnar for at inkassoverksemd i Noreg kan drivast
av foretak som har fast forretningsstad i ein annan EØS-stat."
Dei fleste høyringsinstansane som har uttalt seg om
spørsmålet, meiner at det er behov for å endre
inkassolova § 5 av omsyn til EØS-retten.
Berre Finansdepartementet meiner at føresegna kan bli ståande
i si noverande form utan å kome i konflikt med EØS-avtalen.
Justisdepartementet har på bakgrunn av høyringa
funne grunn til å drøfte spørsmålet
noko nærmare.
Eit krav om fast forretningsstad i Noreg er ikkje direkte diskriminerande,
ettersom kravet også gjeld for norske føretak.
Det avgjerande blir om kravet om fast forretningsstad er objektivt
naudsynt og ikkje går lenger enn det som er påkravd
for å ivareta omsyna bak restriksjonen. Sjølv
om ein legg opp til at inkassolova skal gi skyldnarane og kreditorane
eit sterkt rettsleg vern, er det etter Justisdepartementets syn vanskeleg å forsvare
at eit krav om fast forretningsstad i Noreg er objektivt naudsynt
og ikkje går lenger enn det som er påkravd. Departementet
legg i denne samanhengen vekt på at dei kontroll- og handhevingsomsyna
som ligg til grunn for regelen, langt på veg er varetatt
gjennom kravet om at eit føretak må ha norsk inkassoløyve
for å drive inkassoverksemd i Noreg, og kravet om at føretaket
må vere registrert i Foretaksregisteret. Det må dessutan
takast omsyn til at Kredittilsynet ved tildeling av inkassoløyve
kan stille krav om at utanlandske inkassoføretak kommuniserer
med norske forbrukarar på norsk. Justisdepartementet meiner
på denne bakgrunn at den norske reguleringa samla sett
vil vere tilfredsstillande, sjølv om ein opnar for at inkassoverksemd
i Noreg kan drivast av føretak som har fast forretningsstad
i ein annan EØS-stat.
Justisdepartementet har etter dette kome til at inkassolova § 5
bør endrast av omsyn til EØS-retten. Det blir
derfor gjort framlegg om å endre § 5
første ledd bokstav b (framandinkasso) og § 5
tredje ledd første punktum (oppkjøpsinkasso) slik
at fast forretningsstad i ein annan EØS-stat blir likestilt
med fast forretningsstad i Noreg.
Justisdepartementet ser det som særs viktig at inkassoføretaka
brukar eit språk som skyldnarane forstår. Bruk
av framandspråk kan etter omstenda vere i strid med kravet
til god inkassoskikk i inkassolova § 8. Inkassolova
gir såleis allereie skyldnarane eit visst vern på dette
punktet. I tillegg meiner Justisdepartementet at det ved tildeling
av inkassoløyve til utanlandske føretak bør
stillast krav om at dei kommuniserer med norske skyldnarar på eit
språk som er forståeleg for desse.
Justisdepartementet har vurdert forholdet til EØS-retten
på dette punktet og kome til at det neppe vil vere i samsvar
med EØS-avtalen å stille eit absolutt krav om
bruk av norsk overfor alle skyldnargrupper. I forbrukarforhold stiller
dette seg annleis. Justisdepartementet meiner at eit absolutt krav
om bruk av norsk overfor skyldnarar som er forbrukarar, er objektivt
naudsynt og forholdsmessig etter EØS-retten. Justisdepartementet
legg til grunn at Kredittilsynet ved tildeling av inkassoløyve
stiller språkkrav innanfor ramma av dei EØS-rettslege
reglane.
Forbrukarombodet og Forbrukarrådet har gitt uttrykk
for at Kredittilsynet også overfor utanlandske inkassoføretak
må stille krav om tilslutning til Inkassoklagenemnda som
vilkår for inkassoløyve. Justisdepartementet er
samd i dette.
Forslaget om å innføre krav om å vere
eigna for dei sentrale aktørane i inkassoføretaka
inneber ei lita meirbelastning for føretaka, sidan dei
må opplyse om kven som er dagleg leiar, styremedlem og
eigarar med monalege eigardelar. Lovforslaget medfører
at politiet må utferde nokre fleire politiattestar. Basert på vurderingane
gjort av Politiregisterutvalet, skulle dette gi ein ekstra kostnad
på om lag 80 000 kroner første året,
deretter ca. 20 000 kroner dei følgjande åra.
Forslaget inneber noko meirarbeid for Kredittilsynet. Departementet
legg til grunn at det ikkje er tale om store kostnader. Meirutgiftene
som følgjer av forslaga, skal dekkjast innanfor dei eksisterande
budsjettrammene til kvar einskild instans.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunn
Karin Gjul, Anne Helen Rui og Knut Storberget, fra Høyre, lederen
Trond Helleland, Linda Cathrine Hofstad og Ingjerd Schou, fra Fremskrittspartiet,
Jan Arild Ellingsen og Harald Espelund, fra Kristelig Folkeparti,
Einar Holstad og Finn Kristian Marthinsen, og fra Sosialistisk Venstreparti,
Inga Marte Thorkildsen, viser til den fremlagte proposisjonen
om endringer i inkassoloven.
Komiteen viser til at de fleste sentrale
aktørene i inkassobransjen er egnet til å drive
inkassovirksomhet i tråd med gjeldende regelverk og god
inkassoskikk. Det er imidlertid en fare for at inkassoordningen
kan bli misbrukt. Komiteen mener derfor at det er
nødvendig å stille krav om egnethet til de sentrale
aktørene i en inkassovirksomhet.
En egnethetsvurdering vil måtte være skjønnsmessig. Komiteen slutter
opp om de føringer og den veiledning for egnethetsvurderingen
som følger av proposisjonens punkt 3.4.4. Komiteen er
videre enig med departementet i at Kredittilsynet bør ha kompetanse
til å avgjøre om aktørene er egnet.
Det bør etter komiteens mening stilles
krav om egnethet til daglig leder og til styremedlemmer. Dette fordi
det er disse som leder virksomheten og som dermed har ansvar for
driften. Komiteen mener imidlertid at det også bør
stilles krav om egnethet til eiere med betydelige eierandeler i
inkassovirksomheten. Bakgrunnen for dette er at slike eiere har reell
mulighet til å påvirke driften i virksomheten.
Komiteen er enig med departementet i at det er
nødvendig å innføre en opplysningsplikt
for inkassoselskapene om endringer i ledelses- og eierforhold. Det
er imidlertid viktig at denne opplysningsplikten kan oppfylles på en
så enkel og ubyråkratisk måte som mulig.
Brudd på inkassoselskapenes plikt til å ha
egnede ledere og eiere, bør det etter komiteens mening kunne
sanksjoneres mot. Det vises i den forbindelse til eksisterende sanksjonshjemler
i inkassoloven.
Komiteen er enig med departementet
i at det bør stilles krav om at daglig leder og styremedlemmer
i inkassoselskap må legge frem en avgrenset politiattest.
Attesten bør avgrenses til å gjelde tidligere begått økonomisk
kriminalitet og/eller voldsforbrytelser.
Krav om en avgrenset politiattest stilles for å forebygge
kriminalitet og for å verne individers rettigheter, og
vil være fullt ut forenelig med EMK artikkel 8. Det er
imidlertid noe tvilsomt om det vil være forenelig med EMK å kreve
politiattest av eierne av inkassoselskap. På denne bakgrunn,
og fordi det først og fremst er daglig leder og styrets
medlemmer som står ansvarlig for driften i selskapet, mener komiteen at
det ikke bør stilles krav om politiattest til eierne.
Komiteen viser for øvrig til proposisjonens omtale
av utenlandske politiattester, og støtter dette.
Komiteen støtter departementets
forslag om å innføre en generell hjemmel til å sette
vilkår som skal gjelde både ved bevilling til
fremmedinkassovirksomhet og ved bevilling til å drive oppkjøpsinkasso.
Komiteen er enig med departementet
i at plikten til å opplyse skyldnerne om Inkassoklagenemnda skal
gjelde for alle inkassoforetak som driver inkassovirksomhet på grunnlag
av inkassobevilling. Videre er komiteen enig i at
det bør presiseres i inkassoloven at Kredittilsynet har
mulighet til å stille vilkår om nemndstilknytning
både for virksomheter som driver fremmedinkasso og for
virksomheter som driver oppkjøpsinkasso.
Komiteen viser til departementets vurdering av
forholdet mellom inkassoloven § 5 og EØS-retten, og
er enig i at § 5 må endres for å fylles
EØS-rettens krav. Dette innebærer at et inkassoforetaks
eventuelle tilhørighet i en annen EØS-stat enn
Norge, blir likestilt med fast forretningssted her i landet.
Det er etter komiteens oppfatning særlig
viktig at det stilles krav til inkassoforetak med tilhørighet
i et annet land enn Norge, om at det bruker norsk i all kommunikasjon
med skyldnere som også er forbrukere. Overfor andre grupper
av skyldnere er det meget viktig at kommunikasjonen foregår
på et språk som er forståelig.
Komiteen er videre enig i at det overfor inkassoselskap
med tilhørighet utenlands må stilles krav om tilslutning
til Inkassoklagenemnda.
Komiteen er kjent med at politiet har
erfart at noen kriminelle miljøer kjøper "råtne
fordringer" for selv å inndrive det utestående
ved hjelp av trusler, utpressing og vold. Inkassoloven har en strafferamme på bøter
eller fengsel i inntil tre måneder. Fordi strafferammen
er så vidt lav har ikke politiet anledning til å pågripe
personer som man vet driver denne type virksomhet i strid med inkassoloven.
Det er etter komiteens mening behov for å utrede
hvordan denne type kriminalitet best kan forebygges og bekjempes. Komiteen ber
departementet utrede dette og melde tilbake til Stortinget på egnet
måte.
Komiteen har for øvrig ingen
merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt
vedtak til lov
om endringar i inkassoloven
(krav om å vere eigna m.m.)
I
Lov 13. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen
inndriving av forfalte pengekrav (inkassoloven) blir endra slik:
§ 5 skal lyde:
Inkassobevilling til stadig og ervervsmessig å inndrive
forfalte pengekrav for andre kan etter søknad gis til et
foretak når:
a) den eller de som faktisk leder inkassovirksomheten
har inkassobevilling etter annet ledd,
b)styremedlemmer, daglig leder
og eier med betydelig eierandel anses egnet til å drive
foretaket i samsvar med lover, forskrifter og god inkassoskikk,
c)styremedlemmer og daglig
leder har lagt frem politiattest,
d) inkassovirksomheten drives fra fast forretningssted innenfor
EØS, og
e) foretaket har stilt sikkerhet som nevnt i § 29.
Inkassobevilling etter første ledd bokstav a gis
etter søknad til personer som anses egnet til å være
faktisk leder for foretak som stadig og ervervsmessig inndriver
forfalte pengekrav for andre. Søkeren må fremlegge
politiattest og godtgjøre å ha minst
tre års praktisk erfaring med inndriving av pengekrav i
løpet av de siste ti år.
Bevilling til stadig og ervervsmessig å drive
oppkjøp og inndriving av forfalte pengekrav for egen regning
kan etter søknad gis til et foretak når:
a)styremedlemmer,
daglig leder, faktisk leder og eier med betydelig eierandel anses
egnet til å drive foretaket i samsvar med lover, forskrifter
og god inkassoskikk,
b)styremedlemmer, daglig leder
og faktisk leder har lagt frem politiattest, og
c) inkassovirksomheten drives fra fast
forretningssted innenfor EØS.
Det kan settes vilkår i bevilling etter
første og tredje ledd, herunder om at foretaket
skal være tilsluttet en nemndsordning som nevnt i § 22.
Foretaket skal opplyse til Kredittilsynet om skifte av
faktisk leder, daglig leder og styremedlemmer. Foretaket skal også opplyse
om erverv av betydelig eierandel i foretaket og om økning
av slik eierandel etter samme regler som i eiendomsmeglingsloven § 2-1
femte ledd tredje til syvende punktum med forskrifter. Opplysningsplikten
etter dette leddet gjennomføres som en del av øvrige
rapporteringsrutiner etter nærmere regler fastsatt av Kredittilsynet.
Skifte av faktisk leder skal likevel meldes før slikt skifte
finner sted.
Politiattest etter paragrafen her som utstedes
etter lov 11. juni 1971 nr. 52 om strafferegistrering, skal bare
vise merknader om strafferettslige reaksjoner for overtredelse av
straffeloven kapittel 15, 18, 22, 24 til 28 og 31, inkassoloven,
konkurranselovgivningen, konkurslovgivningen, regnskapslovgivningen,
selskapslovgivningen, skatte- og avgiftslovgivningen og verdipapirlovgivningen.
Tidsbegrensningene i strafferegistreringsloven § 6 gjelder
ikke. Kredittilsynet kan til enhver tid kreve at styremedlemmer,
daglig leder og faktisk leder legger frem ny politiattest.
Kongen kan gi utfyllende forskrifter om vilkårene
for tildeling av inkassobevilling, herunder regler om hvilke
straffbare forhold som skal avmerkes på politiattesten,
og om behandling av attesten.
§ 10 andre ledd bokstav f skal lyde:
retten til å kreve nemndsbehandling etter § 22, dersom
kravet blir inndrevet av et foretak som driver inkassovirksomhet
i medhold av bevilling etter § 5 første eller
tredje ledd.
§ 30 tredje ledd skal lyde:
Kredittilsynet kan gi inkassatorer som driver inkassovirksomhet
i medhold av bevilling etter § 5, pålegg om å endre
praksis som medfører fare for overtredelser av loven her
eller av lov om Kredittilsynet. Kredittilsynet kan gi en
eier med betydelig eierandel i foretak som har bevilling etter § 5,
pålegg om retting dersom han ikke er egnet etter § 5.
II
1. Lova gjeld frå den
tid Kongen fastset.
2. Styremedlemmar i foretak som har inkassoløyve når
lova blir sett i verk, skal innan eitt år etter at lova
er sett i verk, leggje fram politiattest etter § 5.
Det same gjeld daglege leiarar som ikkje er faktiske leiarar i slike
foretak. Faktiske leiarar i slike foretak skal berre leggje fram
ny attest etter lova her dersom Kredittilsynet krev det.
3. Endringa i § 10 andre ledd bokstav f gjeld betalingsoppfordringar
som blir sende etter at lova er sett i verk.
4. Departementet kan gi forskrift om ytterlegare overgangsreglar.
Oslo, i justiskomiteen, den 26. april 2005
Trond Helleland |
Finn Kristian Marthinsen |
leder |
ordfører |