Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Gjennomføringa av ansvarsavgrensinga

Etter sjølova kapittel 9 avsnitt II, som gjennomfører 1996-avgrensingskonvensjonen, gjeld det reg­lar om den nærmare gjennomføringa av eit skadeoppgjer med ansvarsavgrensing. Sjølovkomiteen gjer framlegg om at tilsvarande reglar om fordeling av ansvarsbeløpa, avgrensingsfond og avgrensingssøksmål og dei rettslege verknadene av at avgrensingsfond er oppretta m.m., skal gjelde for dei krava som vert tatt unna frå konvensjonsbindinga ved det norske atterhaldet. Det er ingen høyringsinstansar som har merknader til framlegget på dette punktet.

Departementet er samd i forslaget frå Sjølovkomiteen om å la tilsvarande reglar om fordeling av avgrensingsbeløpa, avgrensingsfond m.m. gjelde for krava som vert omfatta av atterhaldet, sidan det etter forslaget skal gjelde ansvarsgrenser også for desse krava. Departementet gjer derfor framlegg om å gjennomføre reglane om dette med eit slikt innhald som Sjølovkomiteen foreslår, men med ei anna lovteknisk utforming.

Det har i fem saker sidan 1981 hendt at reglane om avgrensing av ansvaret har ført til at staten ikkje har fått full dekning av kostnadene til opprydding etter sjøulukker. Med dei foreslåtte reglane tek departementet sikte på at det for slike krav som atterhaldet gjeld, skal gjelde så høge ansvarsgrenser at det i alle høve ein kan tenkje seg, skal vere full dekning.

For reiarane som har ansvarsforsikring i ein P&I-klubb, vil ein auke i ansvarsbeløpa nok ikkje føre til nokon tydeleg auke i forsikringskostnadene, men på sikt kan ein rekne med ein viss auke når ansvaret aukar. Når det gjeld reiaransvarsforsikring for skip med relativt liten tonnasje i kystfarten m.m., som ofte ikkje har ansvarsforsikring i P&I-systemet, legg departementet til grunn at auka ansvarsbeløp vil føre til ein monaleg auke i premienivået. Framlegget vil ikkje ha nemneverdige administrative konsekvensar.