Til Odelstinget
I proposisjonen fremjar Regjeringa nokre mindre endringar i dagpengekapittelet
i folketrygdlova. Forslaga har dels bakgrunn i ønske om
endringar som følgje av endringar på andre område,
som det er naturleg at dagpengeregelverket tar omsyn til. Dels er forslaga
følgje av ønske om endringar for å fremje ein
meir effektiv arbeidsmarknadspolitikk. Enkelte forslag er av teknisk
karakter og skal mellom anna sikre ein klar heimel for
gjeldande praksis i Aetat.
Høyringsnotat om forslaga om endringar i dagpengeregelverket
blei sendt på høyring 15. mai 2003, til
30 høyringsinstansar. Gjennomgåande er høyringsinstansane
positive til endringsforslaga, men er noko skeptiske til endringar
som kan føre til at nokon kjem dårlegare ut økonomisk
enn etter gjeldande reglar. Forslaga er likevel ikkje
endra etter høyringa. Unntak gjeld forslaget om å utvide
dagpengegrunnlaget, som er noko justert i forhold til høyringsforslaget.
Forslaget om å utvide unntaksregelen i folketrygdlova § 4-16
er ei oppfølging av endringa i likestillingsloven 1. juli
2002, og medverkar til å styrkje vernet om gravide. Nye
er også forslaga om terminologiske endringar i folketrygdlova
kapittel 4.
Departementet foreslår at omsorgspengar, pleiepengar
og opplæringspengar jf. folketrygdlova kapittel 9 og svangerskapspengar
jf. folketrygdlova kapittel 14 blir tekne med i det inntektsgrunnlaget
dagpengane blir berekna på grunnlag av (dagpengegrunnlaget).
Dagpengane bør i størst mulig grad gjenspeile den
normale årsinntekta ein medlem har hatt før han eller
ho blei arbeidslaus.
Departementet finn ikkje noko grunnlag for å behandle
nokon av desse ytingane annleis enn dei ytingane som etter gjeldande
rett reknast med i dagpengegrunnlaget.
Departementet foreslår at reglane om avrunding av dagpengegrunnlaget
blir oppheva. Sidan all berekning no skjer maskinelt, treng ein
ikkje særskilte avrundingsreglar.
Departementet foreslår å endre folketrygdlova § 4-13
slik at kravet om arbeidstidsreduksjon blir berekna i forhold til
arbeidstida i ein 14-dagarsperiode (meldeperiode) i staden for ei
veke. Bakgrunnen er først og fremst at kravet om arbeidstidsreduksjon
på 50 pst. av arbeidstida pr. veke fører til at
mange delvis sysselsette ikkje fyller vilkåra for rett
til dagpengar sjølv om arbeidstida faktisk er tilstrekkeleg
redusert. Den praksisen Aetat legg til grunn for å hindre denne
verknaden for personar med nøyaktig 50 pst. arbeidstidsreduksjon
har ikkje tilstrekkeleg støtte i lovens ordlyd. Sjølv
om løysninga er rimeleg, er ordninga ikkje tilfredsstillande
over tid. Ved å nytte ein 14-dagars periode unngår
ein også problemet med registrering i forhold til dei som
har ei arbeidstid pr. uke som ikkje endar på heile eller
halve timar.
Etter departementet si oppfatning vil ei gjennomsnittleg berekning,
der meldeperioden på to veker sjåast under eitt,
gi eit meir riktig inntrykk av sysselsetjingssituasjonen og eit
betre bilde av den faktiske arbeidstidsreduksjonen, enn når
ein ser på ei enkelt veke isolert. Berekning i forhold
til meldeperioden inneber dermed ei meir korrekt tolking av kravet
om minst 50 pst. arbeidstidsreduksjon.
Dagpengane blir dessutan utbetalte for to veker av gangen, og
ei berekning som gjenspeiler dette er etter departementets oppfatning
mest føremålstenleg. Ei slik endring vil også innebere
ei harmonisering med regelverket for berekning av attføringspengar etter
folketrygdlova kapittel 11.
Departementet foreslår ein ny heimel til å gi
forskrift i medhald av folketrygdlova § 4-13.
Ein slik forskriftsheimel vil m.a. opne for høve til å fråvike gjeldande
regelverk for graderte dagpengar dersom arbeidsinntekt frå utøving
av politiske tillitsverv, utøving av tillitsverv i visse
typar allmennyttige organisasjonar eller omsorgsarbeid som gir rett
til kommunal omsorgslønn, fører til at dagpengane
blir reduserte med eit større beløp enn denne
inntekta.
Departementet foreslår å utvide retten til å ta
opp att stønadsforhold i tilfelle kor ei gravid kvinne
har hatt avbrot i stønadsperioden dersom årsaka
er sjukdom som heng saman med at ho er gravid.
Som grunngjeving viser departementet til at Likestillingsombodet
meiner regelen om maksimal avbrotsperiode i folketrygdlova § 4-16
verkar diskriminerande for kvinner som får avbrot i dagpengeperioden
på meir enn 52 veker som følgje av sjukdom som skuldast
graviditeten, fordi desse ikkje frivillig har vald eit forlenga
avbrot. Ombodet meiner at å ikkje ta omsyn til graviditetsrelatert
sjukdom i samband med avbrotsperioden etter § 4-16,
vil innebere direkte diskriminering av kvinner etter likestillingsloven.
Departementet foreslår at tidsavgrensa bortfall av retten
til dagpengar når ein medlem lar vere å møte ved
Aetat etter innkalling, blir sett til fire veker, men kan aukast
til seks eller tolv veker ved gjentaking.
Forslaget til endring av reaksjon ved manglande frammøte
må sjåast i samanheng med avgjerdene i dei såkalla
"postsakene" i Trygderetten. Dette er avgjerder kor Trygderetten
oppheva Aetat sine vedtak om tidsavgrensa bortfall ved manglande
oppmøte fordi ein ikkje kunne vere sikker på at
innkallinga faktisk var komne fram til den arbeidssøkjande.
Departementet meiner at ein treng å revurdere reaksjonane
etter § 4-20, m.a. fordi ein for streng reaksjon kan
føre til at ein lar vere å bruke han. Sett i samanheng
med auka aktivitetskrav og krav om betre oppfølging av
arbeidssøkjarane frå Aetat, kan ein slik ikkje-bruk
også vere uheldig.
Departementet foreslår å presisere heimelen
i § 4-24 om samordning av dagpengar med fulle
svangerskapspengar. Vidare foreslår departementet å gi heimel
for å samordne dagpengar med reduserte svangerskapspengar.
Det følgjer av folketrygdlova § 14-13
at ei kvinne har rett til svangerskapspengar dersom ho etter reglar
i lov eller forskrift blir pålagd å slutte i arbeidet fordi
ho er gravid, og det ikkje er mogleg å omplassere henne
til eit anna høveleg arbeid i verksemda.
Det følgjer av § 4-24 første
ledd at dagpengane vil falle bort dersom kvinna vel å få svangerskapspengar.
Av informasjonsomsyn finn departementet det likevel føremålstenleg å ta
svangerskapspengar med i opplistinga i § 4-24
andre ledd bokstav e. Det er etter gjeldande rett heimel for å samordne
fulle svangerskapspengar med dagpengar, og departementet kan ikkje
sjå at det er nokon grunn for at reduserte svangerskapspengar
ikkje skal samordnast med dagpengar på same måte
som t.d. reduserte sjukepengar og fødselspengar. Folketrygdlova § 4-25
første ledd bokstav e bør derfor endrast, slik
at ein kan samordne dagpengar under arbeidsløyse med reduserte
svangerskapspengar.
For å hindre overkompensasjon foreslår departementet å endre
reglane i folketrygdlova § 4-25 bokstav d og § 4-26
bokstav c slik at det blir mulig å samordne dagpengane
med redusert uførepensjonen etter at den kvilande pensjonsretten
er teken opp att. Departementet foreslår å endre
reglane slik at det for kvilande pensjonsrett blir samordna med
grunnlag i verknadstidspunktet og ikkje i uføretidspunktet.
Departementet foreslår at det i § 4-3
klart skal gå fram at ein arbeidstidsreduksjon berre kan
leggjast til grunn for ein stønadsperiode. I praksis blir § 4-3
andre ledd tolka slik, sjølv om regelen ikkje går
direkte fram av lovteksten. Ei slik tolking av folketrygdlova § 4-3
andre ledd motverkar at delvis sysselsette skal kunne ha fleire
stønadsperiodar i samanheng på grunnlag av den
same arbeidstidsreduksjonen, og styrker med dette insentivet til
full sysselsetjing. Tolkinga er etter departementet si oppfatning
også fullt forsvarleg ut ifrå intensjonane i folketrygdlova.
Departementet meiner likevel at regelen har et slikt materielt innhald
at den bør gå klart fram av lovteksten.
Eit hovudvilkår for rett til dagpengar er at medlemen
har hatt tilstrekkeleg arbeidsinntekt, jf. folketrygdlova § 4-4.
Etter § 4-4 tredje ledd kan ei inntekt berre leggjast
til grunn for ein full stønadsperiode. Dette er etter departementet
si oppfatning vel grunngitt ut ifrå omsynet til formåla
i dagpengeregelverket.
Fastsetjing av vanleg arbeidstid er avgjerande for dei delvis
sysselsette sin rett til graderte dagpengar. Dette tilseier at reglar
om korleis ein finn fram til kva som reknast som vanleg arbeidstid,
bør vere formelt regulerte. Ei formell regulering sikrar
i tillegg ein klar og eintydig praksis.
§ 4-3 andre ledd gir ikkje heimel for å gi
forskrifter om berekninga av vanleg arbeidstid, og departementet
foreslår å ta inn ein slik heimel i loven. Vidare foreslår
departementet å utarbeide ei forskrift om fastsetjing av
vanleg arbeidstid, kor ein i større grad enn etter gjeldande
praksis legg vekt på kor sterkt medlemene har vore knytte
til arbeidslivet i tida forut for arbeidstidsreduksjonen. Departementet
foreslår å ta ein forskriftsheimel inn i § 4-3
som nytt fjerde ledd.
Departementet meiner det bør gå klart fram
av § 4-6 at departementet har heimel til å gi
forskrift om dagpengar under deltaking i arbeidsmarknadstiltak, og
ikkje berre den generelle nemninga "kortvarig utdanning". Departementet
foreslår å endre § 4-6 i samsvar
med dette.
Departementet foreslår å endre folketrygdlova § 4-24
og 4-25. Det vil då gjelde dei same reglane for samordning
av dagpengar og avtalefesta pensjon med og utan statstilskott, i
samsvar med intensjonane i samordningsreglane.
Det har vore intensjonen at dei aktuelle reglane også skulle
gjelde personar som har avtalefesta pensjonar i offentleg sektor,
da det ikkje ligg føre grunner som taler for at desse skulle
behandlast forskjellig frå personar i privat sektor. Det
er også slik reglane er forstått og praktiserte
i Aetat.
Ferietillegget blei fjerna frå dagpengane ved lovendringa
som blei sett i kraft 1. januar 2003. Det er derfor ikkje
naudsynt med ein presisering som gjeld ferietillegget i folketrygdlova § 4-12
tredje ledd. Departementet foreslår å ta ut presiseringa.
Folketrygdlova § 22-13 regulerer generelt fristar for å setje
fram krav på trygdeytingar og etterbetaling. Sjølv
om ein allereie legg til grunn at § 22-13 ikkje
gjeld dagpengar etter kapittel 4, foreslår departementet
at dagpengar uttrykkjeleg blir unnatekne i nytt sjuande ledd i § 22-13.
Arbeids- og administrasjonsdepartementet fastsette i mai 2000
nye eigennamn på arbeidsmarknadsetaten og dei
organa som høyrer til etaten. Den nemninga som no blir
brukt om arbeidsmarknadsetaten er "Aetat". Nemninga er også gjennomført
i lov 10. desember 2004 nr. 76 om arbeidsmarknadstenester
som mellom anna regulerer verksemda i Aetat.
Departementet meiner at ein bør unngå å seie noko
i lovteksten om på kva for eit nivå innanfor Aetat
ein skal gjere kva, så lenge Aetat har fullmakt til å bestemme
noko anna, jf. ovanfor. På bakgrunn av dette foreslår
departementet at orda "arbeidskontoret" og "arbeidsformidlinga"
blir bytta ut med den nøytrale nemninga "Aetat". Endringane
gjeld folketrygdlova § 4-8 første ledd,
andre ledd andre punktum og tredje ledd, 4-10 femte ledd og 4-20
sjuande ledd.
Departementet foreslår at endringane skal gjelde alle
tilfelle, med unntak for forslaget om å utvide dagpengegrunnlaget.
Denne endringa gjerast berre gjeldande for nye tilfeller. Behovet
for overgangsreglar vil bli vurdert.
Departementet tar sikte på at dei materielle endringane
som er omtalte i kapittel 2 i innstillinga, kan ta til å gjelde
frå 1. juli 2005.
Dei endringane som er omtalte i kapittel 3 i innstillinga har
ikkje noko materielt innhald, og kan ta til å gjelde straks
lova er vedtatt.
Endringane som er føreslått vil ha minimale
administrative konsekvensar. Endringane vil ha relativt sett små verknader
på utbetalingane av dagpengar og dei vil ha ingen eller
berre marginale økonomiske konsekvensar med unntak av desse
endringane: Inkluderinga av omsorgspengar i dagpengegrunnlaget vil
kunne føre til ei auke i dagpengeutbetalingane på om
lag 0,5 mill. kroner i 2005 og 3,5 mill. kroner på lang
sikt. Endring av graderingsmåter frå veke til meldeperiode
vil samla gi ei innsparing i 2005 på om lag 35 mill. kroner.
På lang sikt legg ein til grunn ei årleg innsparing
under kap. 2541 med 90 mill. kroner. Utvida rett til å ta
opp att stønadsperioden i samband med graviditetsrelatert
sjukdom inneber ei årleg auke i utbetalingane på om
lag 7 mill. kroner i 2005 og om lag 15 mill. kroner på lang
sikt.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, fra Høyre, Peter Skovholt Gitmark, Hans Kristian Hogsnes og Kari Lise Holmberg, fra Fremskrittspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, fra Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, fra Kristelig Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ruth Stenersen, og fra Senterpartiet, lederen Magnhild Meltveit Kleppa, viser til at Regjeringens begrunnelse for å fremme denne proposisjonen er endringer på områder som Regjeringen mener det er naturlig at dagpengeregelverket tar hensyn til. Forslagene er et uttrykk for ønsket om en mer effektiv arbeidsmarkedspolitikk. Enkelte forslag er av ren teknisk karakter og vil bidra til å sikre en klar hjemmel for gjeldende praksis i Aetat.
Komiteen vil spesielt peke på at en av de endringer som har konsekvenser, er forslaget om å ta flere økonomiske ytelser med i beregningen av dagpengene og forslaget om å gjøre det mulig for kvinner som har vært syke i forbindelse med svangerskap, å ta opp igjen en dagpengeperiode, selv om avbruddet har vart i mer enn ett år.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, har merket seg at en mer systematisk oppfølging av arbeidssøkerne har avdekket at reaksjonen på, eller sanksjonen ved manglende oppmøte etter innkalling til Aetat, blir vurdert som for streng. Reaksjoner som ikke virker rettferdige, ender ofte med klager og ender med omgjøring, f.eks. i Trygderetten. Flertallet er enig i at en mildere reaksjon kan gjøre det lettere å bruke de sanksjonene Aetat rår over i mange tilfeller. Det vil stimulere en mer effektiv oppfølging av arbeidssøkerne.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener det er viktig med sanksjonsmuligheter for dagpengemottakere på forskjellige områder. Disse medlemmer finner det derfor ikke riktig å lempe på tidsbegrenset bortfall av dagpenger. Oppfølging av den enkelte og aktivitetsplikt bør i større grad være fokuset.
Komiteen viser til at forslagene i proposisjonen gjelder både materielle endringer, lovfesting av gjeldende praksis og mindre tekniske endringer i lovteksten. Komiteen er tilfreds med at flere av lovendringene vil medvirke til å bedre den kjønnsmessige likestillingen.
Komiteen har merket seg at høringsinstansene gjennomgående er positive til endringsforslagene. Det er kommet noen skeptiske kommentarer til endringer som fører til at noen kommer dårligere ut økonomisk enn etter de gjeldende regler. Komiteen registrerer at Arbeids- og sosialdepartementet likevel har valgt å ikke gjøre endringer i forslagene i proposisjonen etter høringen. Unntaket er forslaget om å utvide dagpengegrunnlaget, som er noe justert i forhold til høringsforslaget. Komiteen er enig i denne vurderingen.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at departementet foreslår å endre folketrygdloven § 4-13 slik at kravet om arbeidstidsreduksjon blir beregnet i forhold til arbeidstida i en 14-dagersperiode (meldeperiode) isteden for ei uke.
Flertallet viser til at fra 1. januar 2003 må reduksjon i arbeidstid være minst 50 pst. for å gi rett til dagpenger. Flertallet gikk imot innstrammingen i ytelser til delvis arbeidsløse og påpeker det usosiale i slike kutt, og at det for mange vil bli helt umulig å greie sine økonomiske forplikteleser når retten til dagpenger blir innskrenket.
Flertallet viser til at Regjeringen begrunner behovet for endring med at mange delvis sysselsatte nå ikke formelt fyller vilkåra for rett til dagpenger, sjøl om arbeidstida faktisk er tilstrekkelig redusert, og at den praksisen Aetat legger til grunn for personer med nøyaktig 50 pst. arbeidstidsreduksjon ikke har tilstrekkelig støtte i lovens ordlyd.
Flertallet viser til at det er beregnet innsparing på endringen på 35 mill. kroner i 2005 og ca. 90 mill. kroner på sikt. Dette viser at lovendringen i realiteten vil ramme flere enn den hjelper og at den er nok en innstramming i retten til å få dagpenger.
Flertallet er imot innstramminger i retten til dagpenger. Flertallet foreslår at regelverket endres slik at en kan benytte både en uke og 14 dager som beregningsgrunnlag for arbeidstidsreduksjonen og at det regelverk som er til gunst for den arbeidsledige skal benyttes.
Flertallet foreslår derfor følgende:
"§ 4-13 nytt femte ledd skal lyde:
Arbeidstidsreduksjonen etter denne paragraf beregnes i forhold til en uke når dette gir gunstigere resultat for medlemmet."
Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti viser til at formålet med departementets forslag til endring av beregningsmåte er å sikre at personer som faktisk har hatt en arbeidstidsreduksjon på minst 50 pst. blir kompensert for tapt arbeidstid og -inntekt. Disse medlemmer mener også at personer som arbeider så mye at arbeidstidsreduksjonen faktisk ikke fyller lovens minstekrav på 50 pst., ikke bør få dagpenger. Jo lengre periode man vurderer, desto riktigere bilde får man av den enkeltes faktiske arbeidsomfang.
Disse medlemmer vil også understreke at det innebærer en administrativ forenkling at dagpenger vil kunne graderes i forhold til samme tidsintervall som gjelder for attføringspenger. En bedre tilnærming av det ytelsesregelverket som forvaltes av samme etat, vil også være mer brukervennlig.
Disse medlemmer støtter proposisjonens forslag til beregningsmåte for arbeidstidsreduksjon, og vil stemme imot forslaget til § 4-13 nytt femte ledd.
Komiteen vil spesielt understreke viktigheten av forslaget om å gi en forskriftshjemmel til folketrygdlovens § 4-13. En slik forskriftshjemmel vil åpne for anledningen til å fravike gjeldende regelverk for graderte dagpenger dersom arbeidsinntekt fra utøvelsen av politiske tillitsverv, utøvelse av tillitsverv i visse typer allmennyttige organisasjoner eller omsorgsarbeid som gir rett til kommunal omsorgslønn, fører til at dagpengene blir redusert med et større beløp enn denne inntekten. Komiteen er enig med departementet i at det er viktig at et medlem kan fortsette med sine tillitsverv og lignende engasjementer, mens han/hun mottar dagpenger. Komiteen er også enig i at de spesielle graderingsreglene skal praktiseres restriktivt. Komiteen har merket seg at alle høringsinstansene som har uttalt seg, støtter forslaget.
Komiteen er enig i forslaget om å utvide unntaksregelen i folketrygdlovens § 4-16, som er en oppfølging av endringene i likestillingsloven 1. juli 2002, og innebærer et styrket vern for gravide. Komiteen fastslår at endringene vil gjøre det mulig å gjenoppta et stønadsforhold etter reglene i folketrygdlovens § 4-16, selv om det er gått mer enn 52 uker, dersom dette har sammenheng med sykdom som følge av graviditet.
Komiteen viser til forslaget om å endre samordningsreglene for dagpenger og uførepensjon/tidsavgrense uførestønad etter folketrygdlovens §§ 4-25 og 4-26. Her blir den hvilende pensjonsretten samordnet med utgangspunkt i virkningstidspunktet og ikke i uføretidspunktet. Komiteen registrerer at Funksjonshemmedes fellesorganisasjon har gått imot endringen på prinsipielt grunnlag. Komiteen mener imidlertid, også på prinsipielt grunnlag, at det ikke bør være mulig å kunne oppnå mer enn full kompensasjon for tap av inntekt, sammenlignet med andre. Komiteen har også merket seg at det i praksis er svært få som mottar delvis uførepensjon og graderte dagpenger samtidig.
Komiteen registrerer også de nye forslagene om terminologiske endringer i folketrygdlovens kapittel 4, og støtter de fremlagte forslag.
Komiteen er enig i at Aetat stadfestes som navn på arbeidsmarkedsetaten, slik det ble fastsatt av det daværende Arbeids- og administrasjonsdepartementet i mai 2000. Dette er senere også gjennomført i lov av 10. desember 2004 nr. 76 om arbeidsmarkedstjenester som bl.a. regulerer virksomheten i Aetat. Komiteen er også enig i at det ikke er nødvendig å si noe i lovteksten om hvilket nivå innenfor Aetat som skal gjøre hva, så lenge Aetat har fullmakt til å bestemme noe annet.
Komiteen er også enig i at de foreslåtte endringer i loven skal gjelde i alle tilfeller, dog med unntak for forslaget om å utvide dagpengegrunnlaget. Denne endringen skal kun gjøres gjeldende for nye tilfeller. Komiteen er også enig i at behovet for overgangsregler blir vurdert.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt
vedtak til lov
om endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (dagpengar under arbeidsløyse m.m.)
I
I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd blir følgjande endringar gjort:
§ 4-3 nytt tredje og fjerde ledd skal lyde:
En arbeidstidsreduksjon kan bare legges til grunn for én full stønadsperiode.
Departementet kan gi forskrifter om fastsetting av vanlig arbeidstid.
§ 4-6 første ledd, nytt tredje strekpunkt skal lyde:
Gjeldande strekpunkt nr. tre blir nr. fire, nr. fire blir nr. fem osv.
§ 4-11 andre ledd tredje punktum skal lyde:
Dagpenger under arbeidsløshet etter dette kapittel, sykepenger etter kapittel 8, omsorgspenger, pleiepenger og opplæringspenger etter kapittel 9 og fødselspenger, svangerskapspenger og adopsjonspenger etter kapittel 14 tas også med i dagpengegrunnlaget når rett til stønad er opptjent som arbeidstaker.
§ 4-11 tredje og fjerde ledd skal lyde:
Inntekten justeres i forhold til endringene i grunnbeløpet i tiden frem til han eller hun søker om dagpenger.
Inntekt over seks ganger folketrygdens grunnbeløp regnes ikke med i dagpengegrunnlaget.
§ 4-12 tredje ledd skal lyde:
Dagpenger inklusive barnetillegg kan ikke utgjøre mer enn 90 prosent av medlemmets dagpengegrunnlag.
§ 4-13 andre til femte ledd skal lyde:
Graderte dagpenger ytes bare når vanlig arbeidstid i meldeperioden (se § 4-8) er redusert med minst 50 pst. i forhold til medlemmets vanlige arbeidstid (se § 4-3 annet ledd).
Dagpengene utgjør en så stor del av fulle dagpenger som reduksjonen i arbeidstiden utgjør i forhold til medlemmets vanlige arbeidstid (se § 4-3 andre ledd).
For medlem som har uregelmessig arbeidstid i meldeperioden, men regelmessig arbeidstid i en periode som er lengre enn en meldeperiode, beregnes dagpengene etter reduksjonen i arbeidstid i denne perioden.
Arbeidstidsreduksjonen etter denne paragraf beregnes i forhold til en uke når dette gir gunstigere resultat for medlemmt.
Departementet kan i forskrift fastsette regler om gradering av dagpenger. Det kan for spesielle grupper fastsettes regler som fraviker bestemmelsene i denne paragrafen.
§ 4-16 andre ledd første punktum skal lyde:
Dersom avbruddet skyldes deltakelse i arbeidsmarkedstiltak, avtjening av verneplikt eller sykdom på grunn av graviditet, gjelder bestemmelsene i første ledd selv om det er gått mer enn 52 uker siden medlemmet fikk dagpenger sist.
§ 4-20 fjerde ledd skal lyde:
Retten til dagpenger faller bort i
a) åtte uker første gang et forhold som nevnt i første ledd bokstav a til d eller andre ledd inntreffer,
b) tolv uker dersom forhold som nevnt i første ledd bokstav a til d eller andre ledd, eller i § 4-10 første ledd har inntruffet to ganger innenfor de siste tolv måneder,
c) seks måneder dersom forhold som nevnt i første ledd bokstav a til d eller andre ledd, eller i § 4-10 første ledd har inntruffet tre ganger innenfor de siste tolv måneder.
§ 4-20 nytt femte ledd skal lyde:
Retten til dagpenger faller bort i
a)fire uker første gang et forhold som nevnt i første ledd bokstav e inntreffer,
b)åtte uker dersom forhold som nevnt i første ledd bokstav e har inntruffet to ganger innenfor de siste tolv måneder,
c)tolv uker dersom forhold som nevnt i første ledd bokstav e har inntruffet tre ganger innenfor de siste tolv måneder.
Gjeldande femte ledd blir nytt sjette ledd, gjeldande sjette ledd blir nytt sjuande ledd osv.
§ 4-24 ny overskrift skal lyde:§ 4-24. Medlem som har fulle ytelser etter folketrygdloven eller avtalefestet pensjon§ 4-24 andre ledd bokstav e skal lyde:
e) fødselspenger, adopsjonspenger eller svangerskapspenger etter lovens kapittel 14,
§ 4-24 tredje ledd skal lyde:
Retten til dagpenger faller også bort når medlemmet mottar full avtalefestet pensjon.
§ 4-25 ny overskrift skal lyde:§ 4-25. Samordning med reduserte ytelser fra folketrygden, eller redusert avtalefestet pensjon§ 4-25 første ledd bokstav d og e skal lyde:
d) uførepensjon etter lovens kapittel 12, når denne er gitt med virkningstidspunkt i inneværende år eller innenfor de to siste kalenderår før dagpenger tilstås,
e) fødselspenger, adopsjonspenger eller svangerskapspenger etter lovens kapittel 14,
§ 4-25 tredje ledd skal lyde:
Dagpengene reduseres tilsvarende når medlemmet mottar redusert avtalefestet pensjon (AFP).
§ 4-26 første ledd bokstav c skal lyde:
c) redusert uførepensjon frå offentlig pensjonsordning, når denne er gitt med virkningstidspunkt i inneværende år eller innenfor de to siste avsluttede kalenderår før dagpenger tilstås,
§ 22-13 nytt sjuande ledd skal lyde:
Bestemmelsene i andre til sjette ledd gjelder ikke for dagpenger under arbeidsløshet etter kapittel 4.
I § 4-8 første ledd, annet ledd annet punktum og tredje ledd, § 4-10 femte ledd og § 4-20 sjuande ledd skal «arbeidskontoret» og «arbeidsformidlingen» endrast til Aetat.
II
Ikraftsetjings- og overgangsreglar
Endringane gjeld frå det tidspunktet Kongen fastset.
Departementet kan gi forskrift om overgangsreglar.
Oslo, i kommunalkomiteen,den 31. mai 2005
Magnhild Meltveit Kleppa |
Hans Kr. Hogsnes |
leder |
ordfører |