Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Samandrag

Helse- og omsorgsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endring i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m., slik at det mellombels forbodet mot xenotransplantasjon (overføring av levande biologisk materiale frå dyr til menneske) blir forlengd med eitt år, fram til 1. januar 2008.

Det blir i proposisjonen uttala at det etter to år med positiv utvikling for transplantasjonsverksemda i 2005 var ein nedgang i talet på realiserte donasjonar. I 2005 blei det realisert 76 donasjonar, mot 90 realiserte donasjonar i 2004. Dette førte til at det i 2005 blei utført færre transplantasjonar enn i 2004 (totalt 328 organ mot totalt 365 organ). Det er framleis lange ventetider på transplantasjonar.

Spørsmålet om xenotransplantasjon har tidlegare vore handsama i ei rekke stortingsdokument, mellom anna Ot.prp. nr. 49 (2003-2004) der det vart gjort greie for tidlegare stortingsbehandling knytt til xenotransplantasjon, framlegget i NOU 2001: 18 Xenotransplantasjon, rettstilstanden nasjonalt og internasjonalt og for den faglege utviklinga på feltet. I Ot.prp. nr. 49 (2003-2004) gjorde departementet framlegg om at det dåverande mellombels forbodet mot xenotransplantasjon som gjaldt til 1. januar 2005, skulle bli forlengd med tre år fram til 1. januar 2008.

Ved handsaminga av Ot.prp. nr. 49 (2003-2004), jf. Innst. O. nr. 85 (2003-2004), vart det vedteke å forlenge det mellombels forbodet mot xenotransplantasjon fram til 1. januar 2007.

Fleirtalet (Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet) gjorde òg følgjande framlegg som vart vedteke:

"Stortinget ber Regjeringen om å utarbeide ny lov om xenotransplantasjon, basert på Europarådets retningslinjer av 19. juni 2003, ut fra målsetningen om at loven skal tre i kraft fra 1. januar 2007."

Det blir i proposisjonen vist til at spørsmålet om lovregulering av xenotransplantasjon er omtala i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006) der det vert vist til at Helse- og omsorgsdepartementet sitt rådgjevande interimsorgan for xenotransplantasjon i lys av den faglege utviklinga på feltet meiner at det ikkje er naudsynt å ha ei permanent lovregulering på plass så tidlig som 1. januar 2007. Interimsorganet meiner at xenotransplantasjon ikkje vil bli tatt i bruk i stort omfang i nær framtid, verken til klinisk utprøving eller til klinisk bruk.

Det vart i omtalen av dette temaet konkludert slik i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006):

"Regjeringen foreslår derfor å forlenge forbudet mot xenotransplantasjon fram til 1. januar 2008 og vil fremme en egen odelstingsproposisjon for Stortinget med forslag til nødvendig lovendring i transplantasjonsloven."

I samsvar med dette foreslår departementet i proposisjonen at transplantasjonslova vert endra slik at det mellombels forbodet mot xenotransplantasjon blir forlengd med eitt år, fram til 1. januar 2008.

Departementet ønskjer å vidareføre ordninga med eit interimsorgan for xenotransplantasjon som skal fungere som eit rådgjevande ekspertorgan for departementet fram til det er utarbeidd ei permanent lovregulering av feltet.

Det vert uttala at dersom det før 1. januar 2008 blir sett i gang klinisk utprøving eller utvikla behandlingsformer i utlandet som også norske pasientar ønskjer å ta del i eller dra nytte av, vil departementet vurdere behovet for å gjere særskilde unntak frå det mellombels forbodet.

Forslaget kjem ikkje til å få økonomiske eller administrative konsekvensar. Utgiftene knytte til å vidareføre Helse- og omsorgsdepartementets interimsorgan for xenotransplantasjon blir dekte innanfor rammene for departementet.