7. Avgrensa skattefritak for fri kost for sokkelarbeidarar

7.1 Samandrag

Regjeringa foreslår at sokkelarbeidarar som ikkje har høgare personinntekt enn 600 000 kroner, skal ha skattefritak for verdien av fri kost på sokkelen frå 1. juli 2006. Arbeidsgjevarane skal melde frå til skattemyndigheitene om fri kost og svara arbeidsgjevaravgift av verdien av denne naturalytinga også for dei skattytarane som får skattefritak. Departementet foreslår at dette vert gjort ved å endre skattelova § 5-15 om skattefri inntekt av arbeid. Vidare vil departementet sjå til at naudsynte endringar i forskrifter vert gjort.

Forslaget om å innføre eit avgrensa skattefritak for sokkelarbeidarane er grunngitt i St.meld. nr. 2 (2005-2006) Revidert nasjonalbudsjett 2006 punkt 3.8.4.

Forslaget inneber at skattefritaket er avgrensa til dei sokkelarbeidarane som har personinntekt inntil 600 000 kroner. Det er den samla personinntekta i inntektsåret som avgjer om skattytaren får skattefritak eller ikkje, og ikkje berre inntekta frå sokkelen. Verdien av fri kost på sokkelen skal reknast med ved denne vurderinga. For 2006 er det fri kost frå 1. juli som kan kome inn under skattefritaket. Frå 2007 vil det moglege fritaket gjelde for heile året.

Arbeidsgjevar har normalt plikt til å melde frå til skattemyndigheitene om alle ytingar til sine arbeidstakarar.

Dette inneber at fri kost til arbeidstakarar som har personinntekt på over 600 000 kroner, skal meldast til skattemyndigheitene. Departementet meiner at det er viktig å ha oversikt over kor mange skattytarar som mottek ytingar med slike særlege skattefritak, og kva verdi ytingane har. Departementet foreslår derfor at arbeidsgjevarane alltid skal melde frå om verdien av fri kost på sokkelen, også i dei høva han veit at arbeidstakaren får skattefritak for kosten på sokkelen.

Regjeringa sitt forslag om skattefritak gjeld ikkje fritak frå plikta til å svara arbeidsgjevaravgift. Det skal såleis svarast arbeidsgjevaravgift også av fri kost for dei arbeidstakarane som får skattefritak.

For dei arbeidstakarane som ikkje ventas å få skattefritak, meiner departementet at det bør gjerast forskottstrekk, medan det ikkje bør vere plikt til å trekkje for dei som venteleg får skattefritak.

Sidan plikta til å svara arbeidsgjevaravgift skal halde fram, også for dei som får skattefritak og som det ikkje vert gjort forskottstrekk for, foreslår departementet å endre folketrygdlova § 23-2 tredje ledd slik at det går fram at det skal svarast avgift av verdien av fri kost på sokkelen også i dei høva kor ytinga er trekkfri.

Dei økonomiske konsekvensane av forslaget er omtalt i St.meld. nr. 2 (2005-2006) punkt 3.8.4.

Forslaget vil føre til noko meir kompliserte skattereglar og rutinar for arbeidsgjevarane og ved likninga av dei skattytarane som mottek fri kost på sokkelinnretning. Departementet legg likevel til grunn at forslaget ikkje vil ha administrative konsekvensar av særleg omfang.

Endringane i skattlegginga av fri kost på sokkelen tek til å gjelde frå og med 1. juli 2006.

7.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, sluttar seg til framlegget frå Regjeringa om endringar i skattelova § 5-15 første ledd og folketrygdlova § 23-2 tredje ledd.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at Fremskrittspartiet som eneste parti stemte mot opphevelsen av skattefritak for fri kost for sokkelarbeidere fra 2006. Regjeringen ble bedt av et flertall i merknadsform om å vurdere opphevelsen av skattefritakene på nytt i Revidert nasjonalbudsjett 2006. Regjeringens forslag er etter disse medlemmers syn ikke godt nok.

Disse medlemmer konstaterer noe undrende at den rød-grønne Regjeringen igjen unnlater å oppfylle sine løfter fullt ut om at nordsjøarbeiderne skal få skattefritak for fri kost på sokkelen. Disse medlemmer viser her til at Regjeringen både har foreslått skatteplikt for fri kost 1. halvår og at nordsjøarbeidere med inntekt over 600 000 kroner ikke får skattefritak. I tillegg til at dette er et løftebrudd vil en slik praksis medføre økte administrative kostnader både for arbeidsgiver og for ligningskontor. Disse medlemmer vil derfor gå inn for at et generelt skattefritak for fri kost på sokkelen skal gjøres gjeldende for alle arbeidstakere med tilbakevirkende virkning f.o.m. 1. januar 2006. Disse medlemmer går også mot at det skal betales arbeidsgiveravgift for fri kost på sokkelen.

Disse medlemmer viser også til merknader i Budsjett-innst. S. II (2005-2006).

Disse medlemmer viser til lovendringsforslag fremmet under punkt 8.2 nedenfor i denne innstillingen.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen gjennomføre de nødvendige forskriftsendringer for å frita fri kost på sokkelen for skatt og arbeidsgiveravgift med virkning fra 1. januar 2006."