6. Behovsprøvd barnetillegg til mottakarar av tidsavgrensa uførestønad

6.1 Samandrag

Frå og med 1. juni 2006 har mottakarar av tidsavgrensa uførestønad rett til behovsprøvd barnetillegg etter dei same reglane som alders- og uførepensjonistar. Barnetillegget blir ikkje rekna som pensjonsgivande inntekt etter folketrygdlova § 3-15. Det har ikkje tidlegare blitt teke stilling til kva sats det skal svarast trygdeavgift etter. Finansdepartementet fremmar forslag om at det behovsprøvde barnetillegget skal ileggjast trygdeavgift med låg sats.

Departementet viser til forslag til ny bokstav e i folketrygdlova § 23-3 nr. 1.

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks og med verknad frå og med 1. juni 2006.

Låg trygdeavgiftssats på det behovsprøvde barnetillegget for mottakarar av tidsavgrensa uførestønad gjer eit provenytap på knapt 4 mill. kroner påløypt i 2006, og knapt 3 mill. kroner bokført.

6.2 Merknader frå komiteen

Komiteen sluttar seg til framlegget frå Regjeringa til ny bokstav e i folketrygdlova § 23-3 nr. 1