Vallova § 9-9 fastset at valresultat og prognosar som
er laga på grunnlag av undersøkingar på sjølve valdagen/valdagane,
ikkje må offentleggjerast før klokka 20 på valdagen
måndag. Utover dette inneheld ikkje vallova føresegner
som set grenser for offentleggjering av meiningsmålingar
i samband med val. På valdagen er det såleis ikkje
forbod mot å offentleggjere data frå meiningsmålingar
som ein har henta inn før valdagen.
Vallova har ikkje reglar om straff eller andre sanksjonar mot
dei som måtte bryte føresegna i § 9-9.
Situasjonen i dei andre nordiske landa på dette området
er at Danmark og Sverige ikkje har reglar i vallovgivinga si som
regulerer spørsmålet, mens Finland har ein regel
som svarer til lova vår.
I høyringsnotatet viste departementet til at det den
siste tida er reist spørsmål om publisering av
partimålingar i ulike medium dei siste dagane før
valet kan påverke røystegivinga til veljarane,
og om det bør setjast forbod mot slik publisering. Institutt
for medium og kommunikasjon (IMK) ved Universitetet i Oslo har på oppdrag
frå departementet greidd ut spørsmålet
om veljarane blir påverka av meiningsmålingar.
Utgreiinga tek mellom anna for seg dei siste fire stortingsvala.
Konklusjonen er at ein ikkje kan påvise nokon klar samanheng
mellom partioppslutningane på meiningsmålingar
og den oppslutninga partia får i sjølve valet.
Det finst døme på at jamt stigande eller fallande
kurver på meiningsmålingane har gitt seg utslag
i valoppslutninga, men det er også døme på at ein
tydeleg tendens blir broten like før val. Det er også ulike
mønster for eitt og same partiet ved ulike val. Instituttet
konkluderer vidare med at frykta for sjølvforsterkande
effektar som er skapte av partimålingar, må vurderast
som sterkt overdriven, og at slike målingar ikkje fører
til nokon systematisk over- eller underrepresentasjon for noko parti.
Det blir framheva i utgreiinga at dei funna instituttet har gjort,
er i tråd med internasjonal forsking på området.
Denne forskinga viser at publisering av partimålingar kan
ha noko å seie for styrkeforholdet mellom partia, men at
det ikkje er dekning for å seie at det skjer ein tydeleg
og systematisk påverknad.
Instituttet har også gjennomgått regelverket
i ein del land med tanke på å kartleggje kva restriksjonar som
finst når det gjeld gjennomføring og publisering av
meiningsmålingar før val. Undersøkinga
viser at fleire land utanom Norden har fastsett restriksjonar når
det gjeld publisering av meiningsmålingar rett før valet.
Vanlegvis gjeld desse restriksjonane frå ein til sju dagar
før valdagen. Det blir likevel peikt på at direkte
lovregulering førekjem sjeldan i land Noreg normalt samanliknar
seg med. I staden for lovregulering legg mange land vekt på at
media sjølve bør regulere når og korleis
resultata av meiningsmålingar skal rapporterast til publikum.
I samband med dette blir det vist til at Europarådet har
utarbeidd retningslinjer. I Storbritannia har BBC innført
eigne retningslinjer.
I høyringsnotatet uttalte departementet at det er viktig
at det ikkje kan reisast tvil om grunnlaget for gjennomføringa
av demokratiske val.
Departementet peikte på at før ein eventuelt
føreslår restriksjonar i samband med publisering
av meiningsmålingar, må ein vurdere om slike restriksjonar kan
stride mot reglane om ytringsfridom i Grunnlova.
Departementet sette ikkje opp forslag til lovreglar
i høyringsnotatet, men bad høyringsinstansane
om synet deira på det prinsipielle spørsmålet
før ein vurderte ei eventuell vidare utgreiing med sikte
på å utarbeide lovreglar.
Dei fleste høyringsinstansane er negative til at det
blir innført reglar som strammar inn på høvet
ein har til å publisere meiningsmålingar i forhold
til det som følgjer av reglane vi har i dag. Nokre få høyringsinstansar
er likevel positive til at det blir innført slike reglar.
Spørsmålet om eit eventuelt forbod mot å offentleggjere
politiske meiningsmålingar rett før eit val reiser
viktige spørsmål i forhold til prinsippa om ytringsfridom
og pressefridom. I eit samfunn der ein set openheit og fri meiningsutveksling
høgt, må reglar som inneber innstramming
av desse prinsippa, kunne grunngivast svært godt. Samstundes
bør eit slikt forbod ha tilslutning i samfunnet.
Høyringa viser at høyringsinstansane stort
sett er negative til å utvide forbodet vi har i dag mot å offentleggjere
meiningsmålingar. Den dokumentasjonen som ligg føre,
kan heller ikkje påvise klare uheldige effektar av at meiningsmålingar
blir offentleggjorde den siste tida før valdagane.
Departementet peiker på at meiningsmålingar kan
vere med på å skjerpe interessa hos veljarane
for å røyste ved valet og verke mobiliserande
på valdeltakinga. Frå ein demokratisk synsstad
er dette ein fordel.
Departementet finn på bakgrunn av dette at det ikkje
er grunnlag for å fremme forslag til endringar i vallova
som inneber at det blir innført restriksjonar på høvet
til å offentleggjere meiningsmålingar i samband
med val, ut over det som i dag følgjer av § 9-9
i lova.