Ein reknar med at dei føreslåtte endringane,
særleg forslaget om å gje pålegg om at
kommunane skal sende ut valkort til veljarane, vil auke utgiftene
kommunane har til gjennomføringa av val med om lag 27 millionar
kroner per val, altså om lag 13 millionar per år.
Kommunane får kompensasjon for desse meirutgiftene ved
ein auke av inntektsramma på 13 millionar kroner i 2007.
Desse midlane blir vidareførte til seinare år.
Ein går ut frå at dei administrative konsekvensane
av dei føreslåtte endringane vil vere små for
kommunesektoren. På statleg hald ventar ein at forslaga
vil ha små økonomiske og administrative konsekvensar.