1. Samandrag
- 1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
- 1.2 Bakgrunnen for lovframlegget
- 1.3 Høyringa
- 1.4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Fiskeri- og kystdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg til lov om endring i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven). Formålet er å leggje til rette for å gjere om dagens gebyr for tilsyn og kontroll av lokalitetar til ei sektoravgift i tråd med nye retningslinjer utarbeidde av Finansdepartementet. § 26 gir departementet heimel til å fastsetje gjennom forskrifter gebyr for oppgåver som blir gjort av statlege styresmakter innanfor området til akvakulturlova. Lovframlegget går ut på å leggje til "avgift" i akvakulturlova § 26 slik at departementet òg får heimel til å gi forskrift om avgift om tilsynsarbeid.
Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 for budsjettåret 2007 har Stortinget lagt til grunn at enkelte tilsynsoppgåver skal finansierast av ei sektoravgift. Hovudmålet med ei sektoravgift er å finansiere utgiftene til bestemde tiltak, for eksempel fellestiltak for ei næring der avgiftene vert betalte av næringa sjølv.
Gebyret er ein fast sum knytt til kvar lokalitet, og er ikkje direkte knytt til tilsynshandlingane. Utviklinga synest òg å gå i retning av meir risikobasert kontrollarbeid der ikkje alle lokalitetar vert kontrollerte i løpet av ein bestemt tidsperiode. Det er difor slik at gebyrpliktige ikkje kvart år mottek ei klart definert offentleg styresmakthandling. Gebyrordninga bør difor endrast til ei sektoravgift.
Fiskeri- og kystdepartementet sende 13. februar 2007 på høyring eit notat med forslag til endring i akvakulturlova.
Det kom inn svært få merknader til forslaget i høyringa. Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening understrekar forskjellane mellom gebyr og avgift, og at det offentlege får ein breiare lovheimel til å påleggje næringa avgifter. Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening tek til etterretning at endringa vert gjort for å endre kontroll- og tilsynsgebyret.
Forslaget medfører ikkje nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.