1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

A) Om lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd

Nærings- og handelsdepartementet fremjar med dette forslag til ny lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova).

Som eit ledd i den aktive næringspolitikken til regjeringa inneheld lova forslag til tiltak ved nedlegging av bedrifter. Departementet ønskjer på denne måten å etablere eit rammeverk som kan gjere det mogleg for levedyktige bedrifter å drive vidare, og føreslår tiltak som styresmaktene kan setje i verk for å bidra til dette.

Eit slikt tiltak er å innkalle til drøftingar mellom bedrift, det offentlege, tilsette og moglege investorer. For å etablere eit formålstenleg grunnlag for slike drøftingar føreslår departementet ei lovfesta plikt for bedrifter med 30 tilsette eller fleire til å melde frå til fylkeskommunen om ei planlagd nedlegging. Forslaget inneber ingen endringar i den grunnleggjande og etablerte rollefordelinga, der det er bedriftseigars ansvar å gjere vedtak om forhold knytta til drift og nedlegging, og der styresmaktene si rolle er å vere tilretteleggjar for næringsverksemd i Noreg.

For å opne for at dei tilsette kan få høve til å kjøpe bedrifta, føreslår departementet at ein lovfestar ei drøftingsplikt med dei tilsette, med sikte på at dei eventuelt kan overta bedrifta.

B) Om lov om endringar i mineralovgivinga

Nærings- og handelsdepartementet fremjar med dette forslag til endringar i:

  • lov 30. juni 1972 nr. 70 om bergverk

  • lov 3. juli 1914 nr. 5 om erverv av kalkstensforekomster

  • lov 17. juni 1949 nr. 3 om erverv av kvartsforekomster

  • lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eigedom (konsesjonsloven) mv.

Departementet føreslår at ein fastset lovheimlar i bergverkslova, kalksteinslova, kvartslova og konsesjonslova om høve til å fastsetje i forskrift kvalifikasjonskrav for personell som står for drift av mineralførekomstar, og reglar om godkjenning av tilsvarande kompetanse for borgarar frå EØS-området. Formålet med forslaget er å bringe minerallovgivinga i samsvar med EØS-regelverket om gjensidig godkjenning av yrkeskvalifikasjonar.