Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Det er no vedteke fleire nye heimlar for tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) i fiskeforbodslova og saltvassfiskelova, jf. Ot.prp. nr. 98 (2005-2006). Departementet meiner det i tillegg til dei vedtekne lovendringane framleis er behov for ei generell føresegn som gjev heimel for å fastsetje ytterlegare reglar for å kunne forby fleire former for slik aktivitet. Departementet meiner vidare det er fornuftig å samle føresegnene som gjeld tiltak mot UUU-fiske i havressurslova. Føresegnene om tiltak mot slik aktivitet i fiskeforbodslova §§ 8 og 9, vert difor flytta til havressurslova, og tekne inn i eit eige kapittel som gjeld særlege tiltak mot UUU-fiske.
Departementet foreslår òg ein heimel til å kunne forby verksemd som kan vere med på å undergrave nasjonale forvaltningstiltak og tiltak frå internasjonale og regionale fiskeriorganisasjonar, i § 52. Lovgrunnlaget må vere utforma slik at nye tiltak kan fastsetjast ved forskrift utan at ein treng å gå vegen om lovendring.