8.1 Sammendrag

8.1.1 Kontroll og handheving

Ein truverdig og effektiv ressurskontroll er ein føresetnad for all forvaltning av viltlevande marine ressursar. Regionalt og bilateralt samarbeid er dei seinare åra vorte stadig viktigare i ressurskontrollen.

Fiskeridirektoratet har eit overordna ansvar for ressurskontrollarbeidet i Noreg. Etter saltvassfiskelova er det Fiskeridirektoratet som skal kontrollere at uttaket av viltlevande marine ressursar vert gjort på lovleg vis.

Det er Kystvakta som i hovudsak utfører kontrollen til havs. Kystvakta er gjennom kystvaktlova av 13. juni 1997 tillagd kontrolloppgåver, som delvis overlappar Fiskeridirektoratet sitt ansvarsområde. Kystvakta fører kontroll med at fartøya rettar seg etter reglar i eller i medhald av norske fiskerilover. Denne kontrollen omfattar både norske og utanlandske fartøy. Skiljet mellom kontrollverksemda til Kystvakta og Fiskeridirektoratet er ikkje regulert i gjeldande lovverk, men er avklara gjennom eit vedvarande samarbeid mellom dei to etatane.

Salslaga har ansvar for å føre kontroll med at føresegnene i saltvassfiskelova vert følgde. Dette ansvaret er avgrensa til opplysningar som naturleg følgjer av verksemda til salslaga. Hovuddelen av salslaga sitt kontrollarbeid er å gjennomføre kvotekontroll. Salslaga har vidare ansvar for at føresegnene i råfisklova vert følgde. I forholdet mellom salslaga og Fiskeridirektoratet trengst det ei nærare utgreiing av salslaga si rolle i ressurskontrollen, utover rein kvotekontroll.

Ei ny havressurslov vil føre med seg at Kystvakta formelt sett vil få ansvar for kontroll med uttak av fleire ressursar enn i dag. Det vert ikkje gjort framlegg om materielle endringar i kystvaktlova i samband med framlegget til ny havressurslov. Kystvaktpersonell har avgrensa politimynde når dei fører kontroll med at lovene som er nemnde i kystvaktlova § 9 vert følgde. Kystvaktlova listar opp dei kontroll- og tvangstiltaka Kystvakta kan bruke. Kystvakta kan starte etterforsking når dei har mistanke om at lovene nemnde i kystvaktlova § 9 er brotne, jf. § 21, og dei kan ransake personar, fartøy og innretningar, jf. § 26.

Ansvaret Fiskeridirektoratet har for ressurskontroll er knesett i saltvassfiskelova § 45 første ledd. Fiskeridirektoratet skal føre kontroll med at føresegnene fastsette i og i medhald av saltvassfiskelova, deltakarlova, sonelova, fiskeforbodslova, råfisklova og kjøparregistreringslova, vert følgde. Samla gjev dette Fiskeridirektoratet grovt sett ei plikt til å kontrollere at alle føresegner som gjeld fiskeria vert følgde. Innsatsen til Fiskeridirektoratet er først og fremst retta mot kontroll frå fangsten vert landa og til dei etterfølgjande aktivitetane. Dette gjev også ei tenleg arbeidsdeling mellom Kystvakta og Fiskeridirektoratet.

Kontroll under hausting

Kystvakta har ansvar for hovuddelen av ressurskontrollen på sjøen. Like fullt har Fiskeridirektoratet vid kompetanse og viktige kontrolloppgåver på sjøen, særleg knytt til indre farvatn. Kontrollen på sjøen kan skje før, under og etter hausting. Haustingsoperasjonen vert rekna som avslutta når fangsten er teken om bord i fiskefartøyet eller sett i lås eller steng. Fiskeridirektoratet skal ha uhindra tilgang til mellom anna fartøy og relevante opplysningar som er på fartøyet. Ved kontroll kan Fiskeridirektoratet gje pålegg om å stanse fartøy for å undersøkje dei, jf. § 45 fjerde ledd. Fiskeridirektoratet kan også påleggje andre fartøy som rår over eller transporterer fisk å stanse og undersøkje desse når dei transporterer fisk eller fiskeprodukt, eller har opplysningar om dette. Kontrollkompetansen til Fiskeridirektoratet under hausting gjeld for norske og utanlandske fartøy i saltvassfiskelova sitt geografiske verkeområde.

Kontroll etter hausting

Når fangsten er komen om bord i fiskefartøyet og før fangsten vert landa, er det stilt krav til at opplysningar om fangsten skal førast i ei fangstdagbok. Plikta til å føre fangstdagbok gjeld for fartøy over 13 meter største lengde. Plikta gjeld for norske og utanlandske fartøy som haustar i område under norsk jurisdiksjon. Kjernen i kravet til å føre fangstdagbok, er at opplysningar om fangstområde, art og kvantum fortløpande skal førast inn i fangstdagboka. Dette gjeld både for forenkla og ordinær fangstdagbok. Oppgåvene i fangstdagboka skal hindre at det vert landa fisk som ikkje vert registrert på landings- og sluttsetel.

Det fremste verkemiddelet for å kontrollere og dokumentere ressursuttaket etter hausting er, ved sida av fangstdagbok, utfylling av landings- og sluttsetel. Desse pliktene er så sentrale i kontrollsamanheng at brot fører til sanksjonar, sjølv om brotet ikkje nødvendigvis inneber at sjølve ressursuttaket er i strid med reguleringsføresegner. Innføringa av landingssetel frå 1. februar 2003 har både ført til betre kontroll og meir oppdatert informasjon om ressursuttaket. Det gjer også den fortløpande daglege reguleringa av fiskeria enklare. Fiskar og mottakar/kjøpar må begge skrive under landings- eller sluttsetelen før fiskar/den som landar fangsten forlet mottaksstaden. Setelen skal sendast til salslaget straks etter utfylling. Salslaga formidlar så desse opplysningane til Fiskeridirektoratet.

Særlege tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske)

Når det gjeld handlingar utførte av norske fartøy er reglane i saltvassfiskelova, deltakarlova, råfisklova og kystvaktlova samla sett eit godt juridisk rammeverk for ressurskontrollen. For utanlandske fartøy som fiskar i område under norsk fiskerijurisdiksjon, er det også tilstrekkelege reglar i saltvassfiskelova, fiskeforbodslova og sonelova for å handheve føresegnene fastsette i eller i medhald av desse.

Det er i forskrift 4. mars 1998 om regulering av fiske i farvann utenfor noen stats fiskerijurisdiksjon og forskrift 2. mars 2007 om konsesjon for fiske i område utenfor norsk fiskerijurisdiksjon sett forbod mot at norske fartøy driv fiske i internasjonalt farvatn. Fiskeridirektoratet kan så gje løyve til fiske i internasjonalt farvatn i område som er underlagde ein regional forvaltningsorganisasjon, eller som er regulerte av avtalar som Noreg er part i. Formålet med forskriftene er å hindre at ein flåte med norske fartøy driv UUU-fiske i internasjonalt farvatn og å sikre at dei fiskeria i internasjonalt farvatn der Noreg har rett til å delta, vert handterte på ein høveleg måte. Formålet er vidare å ta vare på Noregs plikt til å samarbeide om forvaltninga av dei viltlevande marine ressursane i internasjonalt farvatn slik dei er nedfelt i havrettskonvensjonen.

For fartøy som ikkje er norske og som ikkje har fiska i område under norsk fiskerijurisdiksjon, kviler dei folkerettslege instrumenta om kontroll med ressursuttaket i stor grad på at flaggstaten til fartøya kontrollerer sine eigne fartøy og sanksjonerer mot brot ved overfiske i internasjonalt farvatn. Når overfiske likevel skjer i område utanfor norsk fiskerijurisdiksjon på bestandar som Noreg forvaltar i fellesskap med andre statar, og flaggstaten sin kontroll med fartøya sviktar, er det behov for parallelle kontrollsystem. Nasjonal hamnestatskontroll er det mest høvelege verkemidlet overfor fartøy som flaggstaten ikkje fører kontroll med eller sanksjonerer mot. Reglane retta mot fartøy som ikkje er norske, finst i første rekkje i fiskeforbodslova §§ 8 og 9.

For å styrkje dei norske reglane på dette området, vart det 30. juni 2006 fremma ein proposisjon med forslag om lovendringar på dette området, Ot.prp. nr. 98 (2005-2006). Lovforslaget vart behandla av Stortinget i desember 2006 og sett i kraft 22. desember 2006. Forslaga til styrka heimlar i Ot.prp. nr. 98 (2005-2006) gjeld tiltak i hamn, tiltak i havområde under norsk jurisdiksjon og forbod mot omlasting og støttetenester til og frå norske fartøy.

8.1.2 Høyringsfråsegner og vurderingane til departementet

Høyringsinstansane støttar i hovudtrekk forslaga frå utvalet, som inneber ei vidareføring av gjeldande rett.

Fiskeridirektoratet har foreslått at ein i lova gjev reglar om sporing av fangst og registrering av førstehandsmottakarar for å få til ein best mogleg ressurskontroll. Departementet vurderte forslaga slik at dei burde følgjast opp, og sende dei difor på eiga høyring. I høyringsnotatet rådde departementet til å innføre ein heimel for å påleggje alle som tek imot, transporterer, oppbevarer, produserer eller omset fisk eller fiskeprodukt, å gje opplysningar om produkta og deira opphav til styresmaktene og/eller ha slike opplysningar tilgjengelege. Departementet var også samd i forslaget frå Fiskeridirektoratet om å påleggje alle mottakarar av fisk i første hand å vere registrerte hos Fiskeridirektoratet.

Alle dei som har sendt høyringsfråsegn støttar innføringa av heimel for å kunne gje forskrift om sporing og heimel for registreringsordning for mottakarar av råfisk i første hand.

Havressurslovutvalet foreslår i hovudsak å vidareføre gjeldande reglar for ressurskontroll i havressurslova. Departementet er samd i dette. Departementet meiner i tillegg det er viktig å styrkje reglane knytte til ressurskontroll på nokre viktige område, og gjer difor framlegg om nye kontrollheimlar, mellom anna knytte til UUU-aktivitetar, sporing, mottakarregistrering og salslaga sin kontrollkompetanse.

Departementet foreslår at reglane som særleg gjeld tiltak mot UUU-fiske vert samla i eit eige kapittel 8 i lova. Føresegnene som omhandlar ressurskontroll er inntekne i havressurslova kapittel 6, 7 og 8. Det er gjort nokre endringar i dei eksisterande kontrollføresegnene, i tillegg til det som er omtala her. Desse endringane vert omtala i merknadene til dei einskilde føresegnene. Departementet vil presisere at kontrollansvaret til Fiskeridirektoratet omfattar heile det utvida verkeområdet til lova, slik det går fram av § 44, jf. § 3.

I høyringsfråsegna skriv Norges Fiskarlag at det ikkje skal vere strengare kontrolltiltak overfor aktørane i fiskerinæringa enn i andre næringar. Departementet meiner det er reelle og gode grunnar til at det er effektive og gode kontrolltiltak i fiskerinæringa og at aktørane i fiskerinæringa bør finne seg i å verte kontrollerte strengare og pålagde meir omfattande kontroll- og opplysningsplikter enn aktørar i andre næringar, fordi fiskeriverksemd handlar om å hauste av ressursar som tilhøyrer fellesskapet og ikkje den enkelte fiskar, og fordi fellesskapet av fiskarar sjølv er avhengig av at desse ressursane vert forvalta slik at dei gjev eit høgast mogleg utbytte.

Særleg om UUU-fiske

Det er no vedteke fleire nye heimlar for tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) i fiskeforbodslova og saltvassfiskelova, jf. Ot.prp. nr. 98 (2005-2006). Departementet meiner det i tillegg til dei vedtekne lovendringane framleis er behov for ei generell føresegn som gjev heimel for å fastsetje ytterlegare reglar for å kunne forby fleire former for slik aktivitet. Departementet meiner vidare det er fornuftig å samle føresegnene som gjeld tiltak mot UUU-fiske i havressurslova. Føresegnene om tiltak mot slik aktivitet i fiskeforbodslova §§ 8 og 9, vert difor flytta til havressurslova, og tekne inn i eit eige kapittel som gjeld særlege tiltak mot UUU-fiske.

Departementet foreslår òg ein heimel til å kunne forby verksemd som kan vere med på å undergrave nasjonale forvaltningstiltak og tiltak frå internasjonale og regionale fiskeriorganisasjonar, i § 52. Lovgrunnlaget må vere utforma slik at nye tiltak kan fastsetjast ved forskrift utan at ein treng å gå vegen om lovendring.

Særleg om sporing

For å få til ein best mogleg ressurskontroll, er det nødvendig at styresmaktene kan utføre effektive kontrollar langs heile tidslinja. Sporing kan vere eitt av fleire viktige verkemiddel for å oppnå dette. Departementet meiner difor at havressurslova, som ei moderne og framtidsretta ressursforvaltningslov, må ha heimel for å innføre reglar om sporing og merking av viltlevande marine ressursar. Ein slik heimel vil stå i samanheng med heimlar i anna lovverk som kan implementere krav til sporing ved innførsle og utførsle av fisk og fiskevarer. Dersom krav til sporing vert eit vilkår ved import og eksport av fisk, vil det - kombinert med reglar om hamnestatskontroll - gjere det mykje vanskelegare å lande og omsetje ulovleg fanga fisk over landegrenser. Det er teken inn ein heimel for sporing i § 41.

Det eksisterer allereie fleire regelverk som set krav til sporing i ulike former. Felles for desse reglane er at dei ikkje sporar fisken attende til landings- eller sluttsetel. Det trengst difor eigne reglar om sporing ut frå omsynet til ressurskontrollen. Dette er alle høyringsinstansane einige i.

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) er uroleg for at næringa får unødig store kostnader dersom sporingssystema er for detaljerte. Departementet vil peike på at manglande system for sporing og dokumentasjon kan vere ei ulempe for næringa når slike krav vert stilte frå viktige marknader for norsk fisk. Departementet vil understreke at det inneber kostnader både for næringa og forvaltninga å utvikle slike system. Det er naturleg at spørsmåla om kor store kostnadane vert og kva andre konsekvensar innføring av krav til sporing får, vert utgreidde og høyrde i samband med forskriftene om sporing.

Mottakarregistrering

Departementet meiner at det i havressurslova bør vere ein heimel for å krevje registrering også av førstehandsmottakarar av fisk. Omsynet til ressurskontrollen er etter departementet si meining hovudargumentet for å innføre ei registreringsordning for alle som mottek fangst, fordi styresmaktene då får oversikt over alle som kan ta imot fisk i første hand og kvar dei kan ta imot fisken.

I den gjeldande kjøparregistreringsordninga har kjøparane eit rettskrav på å verte registrerte dersom dei fyller dei objektive vilkåra som vert sette til registrering. Departementet meiner at det same må gjelde ved registrering av mottakarar. Vilkåra for å verte registrert må gå direkte fram av ei registreringsforskrift, og ikkje vere knytt opp mot vilkår i anna regelverk.

Det bør vidare etter departementet sitt syn vurderast om det i reglane for registrering av mottakarar skal vere eit vilkår at ein registrert mottakar berre kan ta imot fangsten på ein eller fleire bestemte stader.

Departementet foreslår at reglane om krav til registrering av mottakarar og kjøparar vert samla i havressurslova § 38 og at kjøparregistreringslova vert oppheva som eiga lov. Med ei slik ordning vil ein framleis ha ei tilsynsordning med omsetningsledda i førstehandsomsetninga av fisk og fiskevarer og ein sikrar at kjøparane overheld salslaga sine salsvilkår. Departementet foreslår på denne bakgrunn å fastsetje heimel i havressurslova for å gje nærare føresegner om registreringsplikt for kjøparar og mottakarar i forskrift.

8.1.3 Ansvaret til salslaga

Salslaga har sidan 1990 hatt eit generelt ansvar for å delta i ressurskontrollarbeidet. I samband med ny havressurslov er det naturleg å drøfte kva for rolle og ansvar salslaga skal ha i ressurskontrollarbeidet i framtida. Dersom salslaga skal ha ressurskontrolloppgåver, må heimlane i lova gjerast klarare enn dei er i dag, slik at føresegnene gjev salslaga mynde til å gjennomføre kontrolloppgåvene dei allereie er pålagde. Den viktigaste oppgåva til salslaga i ressurskontrollarbeidet er kvotekontroll og inndraging av fangst ut over kvote og ulovlege fangstar, jf. saltvassfiskelova § 7. I Ot.prp. nr. 92 (2000-2001) om endringar i saltvassfiskelova og råfisklova (kontrolltiltak) har departementet ei prinsipiell vurdering av om salslaga skal ha eit sjølvstendig kontrollansvar. Lovgjevar tok her positivt stilling til at salslaga skal ha eit sjølvstendig kontrollansvar ut frå at ein forsvarleg og best mogleg ressurskontroll er ei overordna samfunnsinteresse.

Gjennom råfisklova og råfiskforskrifta er det oppretta eit monopol som gjer at dei fiskeslaga som er opprekna i råfiskforskrifta ikkje kan omsetjast, tilverkast eller utførast utan å vere selde gjennom, eller med godkjenning av, eit salslag. Kontrollen med at omsetningsreglane vert følgde, vert av salslaga kalla omsetningskontroll. Som regel er det dei same opplysningane salslaga kontrollerer i omsetningskontroll som dei Fiskeridirektoratet kontrollerer i ressurskontroll.

Høyringsfråsegnene og vurderingane til departementet

Høyringsfråsegnene er delte i synet på kontrollansvaret til salslaga.

Ein høyringsinstans viser til at tungtvegande prinsipielle omsyn talar for at det vert vurdert om desse kontrolloppgåvene bør utførast av offentlege styresmakter. Departementet meiner som nemnt lovgjevar ved fleire høve heilt sidan 1990 har bestemt at salslaga faktisk skal delta i kontrollarbeidet på ein slik måte som skissert i departementet sitt høyringsnotat. Dei viktige og prinsipielle vurderingane er såleis allereie gjort. Fleire av salslaga har også delteke i ressurskontrollarbeidet ved å gjennomføre eigne ressurskontrollar ved landing av fangst, eller ved å delta saman med Fiskeridirektoratet.

Departementet drøfta likevel i høyringsnotatet moglege negative følgjer av salslaga sine kontrolloppgåver og retten deira til å drive forretningsverksemd i dotterselskap. Departementet ser at denne retten reiser prinsipielle problemstillingar. Samstundes meiner departementet at frykta for at salslaga skal misbruke informasjon innhenta ved kontroll er mykje overdriven. Når salslaget utfører ein kontroll er det som offentleg styresmakt, og som offentleg styresmakt er salslaget underlagt teieplikt om forretningsløyndomar med tilhøyrande reglar om straff om pliktene vert brotne. Dette gjeld òg bruk av slik informasjon i eiga næring.

Departementet vil peike på at det er Fiskeridirektoratet som har og skal ha hovudansvaret for ressurskontrollen i Noreg. Forslaget om å styrke salslaga sin kontrollkompetanse inneber ikkje at dei skal overta oppgåver frå Fiskeridirektoratet, men at dei skal setjast i stand til å utføre dei oppgåvene lovgjevar tidlegare har pålagt dei. Kontrolloppgåvene vert tekne hand om av ei offentleg styresmakt, men salslaga skal i tillegg kunne utføre slik kontroll.

Departementet kan ikkje sjå at faren for misbruk av kontrollopplysningar er overhengande, slik mellom anna Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening gjev uttrykk for i sine høyringssvar. Like fullt meiner departementet det ikkje er heldig at det vert stilt spørsmål ved habiliteten til salslaga som kontrollorgan. Departementet vil difor i dei nærare føresegnene for kontrollverksemda ta sikte på å skape rutinar for å sikre at slik informasjon ikkje vert nytta til andre formål enn det dei er innhenta for. Departementet meiner på denne bakgrunn at salslaga skal få kompetanse til å få tilgang til fartøy og landanlegg og tilgang til relevante kontrollopplysningar, samstundes som kontrollsubjekta får plikt til å gje slik tilgang og slike opplysningar. Departementet vil stille krav til organiseringa av kontrollarbeidet i dei tilfella der salslaga driv konkurrerande verksemd.

Kompetansen til å utøve kontrolloppgåver inneber også at salslaga er underlagde instruksjonsmynde frå styresmaktene på dette området og at utføringa av desse oppgåvene må følgjast opp tettare enn i dag. Departementet finn det tenleg å gje nærare forskrifter om dette. Forslaget til føresegn er teke inn i § 48 andre, tredje og fjerde ledd.

Departementet meiner salslagas ansvar for å kontrollere at føresegnene i eller i medhald av råfisklova § 7 vert følgde, skal førast vidare. Lik saltvassfiskelova § 45a gjev ikkje råfisklova § 7 salslaga tilstrekkeleg heimel til å gjennomføre dei kontrolloppgåvene dei er pålagde. Departementet vil difor foreslå at råfisklova § 7 vert endra slik at salslaga får heimel til gjennomføre dei kontrollane dei allereie er pålagde.

Omsetningsmonopolet og den registreringa av fangst som skjer gjennom salslaga, gjev fiskeristyresmaktene ei unik oversikt over landa og omsett fisk og verdien i første hand. Dette systemet er avhengig av ein effektiv omsetningskontroll. Departementet meiner difor det er nødvendig at salslaga også har heimel til å gjennomføre kontroll med at råfisklova og føresegner fastsette i medhald av denne, vert følgde. Denne kontrollen kan salslaga ikkje utøve fullt ut, utan tilgang til sentrale kontrollopplysningar hos kjøpar og seljar.

Departementet meiner at drøftinga i høve til ressurskontroll også gjeld for omsetningskontroll. Råfisklova § 7 må såleis endrast for å gje salslaga kompetanse til å gjennomføre omsetningskontrollar slik dei er pålagde i føresegna.

Registreringa av fangstdata og overføringa av desse opplysningane til Fiskeridirektoratet, er ein grunnleggjande føresetnad for ein korrekt fangststatistikk. Dette er ei viktig offentleg oppgåve som salslaga utfører for styresmaktene, og det er ikkje tilfredsstillande at denne oppgåva berre er regulert i gamle avtalar, slik det er i dag. Departementet foreslår at salslaga si rapporteringsplikt vert fastsett i forskrift. Det vert gjort framlegg om heimel for slik forskrift i § 48 fjerde ledd.

8.1.4 Enkelte tekniske reglar med kontrollformål

Vurderingane til departementet

Departementet meiner det er viktig for styresmaktene å kunne setje ulike krav til utstyr og rapporteringar o.a. Det er eit verkemiddel for å gjere ressurskontrollen enklare og meir effektiv, og det hjelper styresmaktene til å målrette kontrollarbeidet mest mogleg. Departementet er difor samd med havressurslovutvalet i at det er viktig å føre vidare heimlane til å gje føresegner som set påbod om eller forbod mot bestemte reiskapstypar, teknisk utstyr, dokumentasjon av ulikt slag og gjev påbod om plikt for næringsutøvarane til å skaffe seg informasjon og ta i mot meldingar frå styresmaktene. Slike heimlar er gjevne i havressurslova kapittel 6 og § 56.

Departementet er ikkje samd med Norges Fiskarlag i at det er grunn til å vurdere om ordninga med fangstdagbok skal avviklast i dei fiskeria der det er pliktig innmelding av fangst. Fangstdagboka har ein heilt sentral funksjon i ressurskontrollen, både ved kontroll på sjøen og ved kontroll under og etter landing av fangst. Det er difor eit klart behov for å føre vidare heimelen til å påleggje føring av fangstdagbok, uavhengig av eventuelle krav til innmelding av fangst.

Opplysningar som næringsaktørane er pålagde å sende styresmaktene i ulike samanhengar og register som lagrar slike opplysningar, vert stadig viktigare for styresmaktene både i samband med kontroll, ressursforvaltning og forsking. Det er difor behov for ein heimel til å opprette register for lagring og bruk av ulike opplysningar til ulike formål, jf. havressurslova § 56.

Korkje saltvassfiskelova eller lovforslaget frå utvalet fastset heimel for å gje pålegg om korleis fangsten skal merkast. Departementet meiner det er tenleg å kunne setje standardiserte krav for dette. Det vil medverke til å betre hamnestatskontrollen, der det er vesentleg å dokumentere tilknytinga mellom fisken og fiskefartøyet. Samstundes stiller NEAFC-reglane om hamnestatskontroll spesifikke krav til merking av fangsten. Vidare vil ressurskontrollen på sjøen kunne verte lettare ved standardisert merking av fangsten. Saman med heimelen til å gje reglar om sporing, jf. § 41, vil reglar om merking av fangsten vere eit viktig verktøy i kampen mot ulovleg fiske. Departementet foreslår at heimel til å kunne påleggje merking av fangst vert teken inn i § 34 bokstav f.

Departementet foreslår ein generell regel i havressurslova for å kunne regulere eller forby omlasting av omsyn til ressurskontrollen. Dette vil vere ei vidareføring og utviding av føresegna i saltvassfiskelova. Når styresmaktene kan forby omlasting, kan dei også setje vilkår for at omlasting kan skje. Forslaget til føresegn inneber vidare at det ikkje vert trekt eit skilje mellom norske og utanlandske fartøy, og forbod eller vilkår kan rette seg mot både norske og utanlandske fartøy. Denne heimelen må vi også sjå i samanheng med den generelle utviklinga av nye reglar for å styrkje ressurskontrollen, ikkje minst i kampen mot UUU-fiske. Departementet er samd i forslaget frå utvalet om at dette vert fastsett som ei fullmaktsføresegn.

8.2 Komiteens merknader

Komiteen viser til at det fortsatt er viktig å ha fokus på ressurskontroll.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre, viser til at loven styrker reglene om tilrettelegging for og gjennomføring av ressurskontroll. Flertallet legger til grunn at de viltlevende marine ressursene er fornybare men ikke uuttømmelige. Forvaltet på en god måte, vil de gi en langsiktig positiv avkastning til fellesskapet og til næringsutøverne. En troverdig og effektiv ressurskontroll er derfor en forutsetning for en god forvaltning av ressursene, og uten en god ressurskontroll kan ulike reguleringstiltak ha mindre verdi.

Flertallet er enig i at det er nødvendig med nye og styrkede regler både i forhold til nasjonal ressurskontroll, og for å bekjempe ulovlige, uregulerte og urapporterte fiskeriaktiviteter (UUU-aktiviteter). Flertallet viser til at det er viktig å styrke reglene for ressurskontroll og at det derfor foreslås nye kontrollhjemler.

Flertallet viser til at det innføres en hjemmel til å kunne forby virksomhet som kan være med på å undergrave nasjonale forvaltningstiltak og tiltak fra internasjonale og nasjonale fiskeriorganisasjoner i § 52. Flertallet forutsetter at forskrifter som eventuelt fastsettes, er tilstrekkelig forutsigbare og at andre rettssikkerhetsgarantier overholdes.

Flertallet viser til at det i lovens § 41 innføres en hjemmel til sporing av fangst for å få til en bedre ressurskontroll, og at loven utvider registreringsordningen for kjøpere og innfører en hjemmel til å fastsette forskrift om registreringsplikt for alle som mottar fangst i førstehånd i lovens § 38. Flertallet viser også til at kontrollkompetansen til Fiskeridirektoratet presiseres på flere punkter og at salgslagene med hjemmel i § 48 kan kreve tilgang til enkelte steder og opplysninger når de gjennomfører ressurskontroll.

Flertallet forutsetter at lovens kontrolltiltak står i forhold til de overtredelser som skal undersøkes, og at alminnelige rettssikkerhetsprinsipper følges.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at styrking av ressurskontrollen, og særlig arbeidet for å redusere det ulovlige fisket i Barentshavet, har vært en kjernesak for Regjeringen, og at både Fiskeridirektoratet og Kystvakten har blitt tilført midler til dette arbeidet. Videre har man oppnådd gjennomslag for innføring av regler om havnestatskontroll i NEAFC. Dette arbeidet har gitt resultater.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre er positive til at Regjeringen viderefører det viktige arbeidet med en styrking av ressurskontrollen som også stod i fokus for Samarbeidsregjeringen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at loven styrker reglene om tilrettelegging for og gjennomføring av ressurskontroll. Disse medlemmer er enig i at det er nødvendig med regler rettet mot ulovlige, urapporterte og uregulerte fiskeaktiviteter (UUU-aktiviteter).

Disse medlemmer viser til at det er viktig å styrke reglene for ressurskontroll, og at det derfor foreslås nye kontrollhjemler.

Disse medlemmer viser til at det innføres en hjemmel til å kunne forby virksomhet som kan være med på å undergrave nasjonale forvaltningstiltak og tiltak fra internasjonale og nasjonale fiskeriorganisasjoner i § 52. Disse medlemmer forutsetter at forskrifter som eventuelt fastsettes er tilstrekkelig forutsigbare og at andre rettssikkerhetsgarantier overholdes.

Disse medlemmer viser til at det i lovens § 41 innføres en hjemmel til sporing av fangst for å få til en bedre ressurskontroll, og at loven utvider registreringsordningen for kjøpere og innfører en hjemmel til å fastsette forskrift om registreringsplikt for alle som mottar fangst i førstehånd i lovens § 38.

Disse medlemmer forutsetter at lovens kontrolltiltak står i forhold til de overtredelser som skal undersøkes, og at alminnelige rettssikkerhetsprinsipper følges.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener at det er offentlige myndigheter som skal gjennomføre kontrolloppgavene etter loven og er skeptiske til ordningen med at monopolorganisasjoner som fiskesalgslagene gis offentlig myndighet gjennom plikt til kontrolloppgaver. Disse medlemmer viser til at flere høringsinstanser påpeker faren for misbruk av kontrollopplysninger som et slikt ansvar for fiskesalgslagene gir.

Disse medlemmer viser til at det i høringsprosessen har kommet innspill vedrørende behovet for å føre fangstdagbok i fiskerier der det er pliktig innmelding av fangst. Disse medlemmer mener at føring av fangstdagbok i slike tilfeller fremstår som unødvendig byråkratisk og en byrde for næringen som bør fjernes. Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen foreta en gjennomgang av dagens regler vedrørende fangstdagbok med sikte på forenklinger."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er enige i å styrke regelverket for ressurskontroll, men regelverket løser ikke alle problemer. Etter disse medlemmers syn er tilstedeværelse av Kystvakta i de områder der det foregår UUU-fiske av helt avgjørende betydning for å få bekjempet UUU-fiske.

Disse medlemmer mener at kampen mot UUU-fiske er svært viktig for å ivareta norske interesser. Derfor er disse medlemmer bekymret for tall som viser at antall operative seilingsdøgn for Kystvaktas fartøy vil gå ned fra 5 289 timer i 2007 til 4 075 timer i 2008. Disse medlemmer konstaterer at antall kystvaktfartøy reduseres fra 18 til 14 fartøy og at ett fartøy flyttes fra Barentshavet til sørlige havområder. Dessuten kan om lag 1 000 timer flyovervåkning over Barentshavet stå i fare. Disse medlemmer er bekymret for at Regjeringen ikke prioriterer bekjempelse av UUU-fiske sterkere, og fører en politikk som nedbygger Kystvakta, som er et svært viktig virkemiddel for bekjempelse av UUU-fiske. Disse medlemmer viser til Fremskrittspartiet alternative statsbudsjett for 2008 der partiet foreslo å øke bevilgningen til Kystvakta med 300 mill. kroner.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen stanse nedbyggingen av Kystvakta."

Komiteens medlemmer fra Høyre er enige i at det er bekymringsfullt dersom antall operative seilingsdøgn for Kystvaktas fartøy vil gå ned, og dersom flyovervåkingen reduseres.