Departementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i opplæringslova og privatskolelova. Framlegga gjeld utvida rett til vidaregåande opplæring for vaksne, endra plassering av føresegna om tilpassa opplæring, innføring av rett til særskild språkopplæring for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring, utvida mandat til Foreldreutvalet for grunnskolen, utvida rett til teiknspråkopplæring i grunnskolen og lovfesta plikt for skoleeigar til å gi elevar gratis frukt og grønsaker.

Forslaga er i hovudsak ei oppfølging av tiltak varsla i St.meld. nr. 16 (2006-2007) … og ingen sto igjen, jf. Innst. S. nr. 164 (2006-2007). Det er også gjort nokre opprettingar og rettstekniske endringar som ikkje inneber realitetsendringar i gjeldande rett.

Departementet drøftar, men går ikkje inn for, eit forslag under høyringa om å endre føresegnene om sakshandsaming for spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp.

Departementet tek sikte på at lovendringane skal ta til å gjelde 1. august 2008, med unnatak av forslaget om å utvide mandatet til Foreldreutvalet for grunnskolen, som er meint å gjelde frå 1. januar 2009.

Utvida rett for vaksne

Departementet gjer framlegg om å lovfeste at alle som ikkje har nytta retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. I dag er det berre vaksne fødde før 1978 som har slik rett.

Departementet gjer òg framlegg om at unge som ønskjer det, kan få vidaregåande opplæring etter reglane som gjeld for vaksne. Unge i alderen 20 til 23 år vil med dette kunne få ei opplæring som er tilpassa deira livssituasjon. Det er eit vilkår at det ligg føre særlege grunnar. Departementet strekar under at hovudregelen framleis er at dei unge tek opplæring etter opplæringslova § 3-1 og vaksne etter § 4A-3.

Departementet reknar med at lovendringa på lengre sikt vil føre til at mellom 800 og 1 000 fleire vaksne enn i dag vil vere i vidaregåande opplæring kvart år. Departementet legg derfor til grunn at lovendringa vil innebere ein meirkostnad for fylkeskommunane på om lag 50 mill. kroner per år. Hausteffekten i 2008, dvs. 21 mill. kroner, er lagd inn i rammetilskottet til fylkeskommunane, jf. kap. 572 post 60, på budsjettet for Kommunal- og regionaldepartementet for 2008.

Språkopplæring for minoritetsspråklege

Departementet gjer framlegg om at minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring skal ha rett til særskild språkopplæring på same måten som elevane i grunnskolen i dag. Denne språkopplæringa skal vere ei overgangsordning fram til elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa. Retten skal først og fremst gjelde for særskild opplæring i norsk. Men føresegna fastset òg rett til morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring, i tillegg til den særskilde norskopplæringa. Dette vil gjelde nykomne eller andre minoritetselevar. Det er eit vilkår at slik opplæring er nødvendig.

Særskild norskopplæring og tospråkleg fagopplæring skal vere eit tilbod ved den skolen der eleven går til vanleg. Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole. Målet med desse framlegga er å sikre minoritetsspråklege elevar så god dugleik i norsk som mogleg. I valet av metode må ein ta utgangspunkt i dei behova den einskilde eleven har, tilpassa dei praktiske føresetnadene som finst i fylkeskommunen.

Departementet ser det slik at framlegget ikkje vil leggje nye økonomiske plikter på fylkeskommunen. Elevar i vidaregåande skolar har rett til spesialundervisning dersom dei ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det vanlege opplæringstilbodet. Retten til spesialundervisning kan innebere rett til særskilt tilrettelagd språkopplæring dersom eleven har behov for det. Framlegget vil såleis føre til ein reduksjon i talet på elevar som får spesialundervisning og ein samtidig auke i talet på elevar som får særskild språkopplæring.

Opplæring med teiknspråk

Departementet gjer framlegg om å utvide retten til opplæring i og på teiknspråk. Elevar i grunnskolen skal etter dette framlegget ha rett til slik opplæring dersom dei etter ei sakkunnig vurdering har behov for grunnskoleopplæring i og på teiknspråk. I dag er det berre elevar med teiknspråk som førstespråk som har slik rett. Om slikt behov ligg føre, vil vere ei skjønnsvurdering i høve til om eleven skal få gjennomført ei forsvarleg grunnskoleopplæring. Dersom den pedagogisk-psykologiske tenesta ikkje sjølv har naudsynt fagkompetanse, må ein hente hjelp utanfrå.

Departementet reknar ikkje med at tiltaket skal ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Elevar som i dag har behov for, men ikkje rett til, teiknspråkleg opplæring, vil ha rett til slik opplæring som spesialundervisning for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Kostnadene knytte til høvesvis spesialundervisning og opplæring i og på teiknspråk for desse elevane vil etter departementet si vurdering i stor grad vere dei same.

Gratis frukt og grønsaker

Departementet gjer framlegg om at kommunane får ei lovpålagd plikt til å halde elevane med gratis frukt og grønsaker i skoletida. Ordninga skal gjelde alle elevar på skolar med ungdomssteg, det vil seie ungdomsskolar (8.–10. årssteget) og kombinerte skolar (1.–10. årssteget).

Bakgrunnen for å lovfeste ei plikt er tilbakemeldingar om at kommunar har nytta midlar Regjeringa tidlegare har sett av til dette, til andre føremål. I 2008 vart det løyvd til saman 218 mill. kroner til frukt og grønsaker. Det vart i utrekninga her teke omsyn til at det ville vere administrative kostnader knytte til ordninga. Av dette vart i underkant av 210 mill. kroner lagde inn i rammetilskotet til kommunane og resten fordelte til statlege skolar og private grunnskolar som var godkjende etter privatskolelova.

Denne lovregelen, som vert å presisere nærmare i føresegn, skal etter framlegget ta til å gjelde frå 1. august 2008. Framlegget om lovfesta plikt til å ha ei ordning med gratis frukt og grønsaker gjeld også privatskolelova.

Foreldreutvalet for grunnskolen

Departementet gjer framlegg om å utvide mandatet til Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG), slik at utvalet også skal ta opp saker som gjeld første steget i vidaregåande opplæring. Utvalet skal no ikkje berre gi foreldre informasjon og støtte knytt til opplæringa i grunnskolen, men òg til foreldre som har ungdom på første steget i vidaregåande opplæring. Målet er å gjere foreldra betre rusta til å vere gode samarbeidspartnarar for ungdommane i ei overgangstid då dei skal ta mange val og då støtte frå foreldra blir særleg viktig.

Departementet ser det ikkje som nødvendig å utvide talet på medlemer i FUG sjølv om mandatet blir utvida til også å gjelde første året i vidaregåande opplæring. Ved oppnemninga av nye medlemer i FUG f.o.m. 1. januar 2008 vart det lagt til grunn at det mellom medlemmene i utvalet skal finnest kompetanse knytt til det første året i vidaregåande opplæring.

Spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp

Departementet foreslo i høyringsnotatet at opplæringslova § 5-3 blir endra slik at kravet om sakkunnig vurdering ikkje skal vere eit ufråvikeleg og absolutt krav før vedtak om spesialundervisning blir gjort. Berre når det er nødvendig for at saka skal bli godt nok opplyst, vurdert etter den generelle utgreiings- og informasjonsplikta forvaltningsorganet har etter forvaltningslova § 17, skal det etter forslaget vere eit slikt krav. Forslaget er grunngitt med at ei slik endring vil leggje til rette for at den samla kompetansen i skolen og PP-tenesta kan bli nytta optimalt og målretta for elevar med særskilt behov. Ved å frigjere ressursar til systemretta arbeid i skolen kan den ordinære opplæringa i større grad dekkje det generelle behovet for tilpassa opplæring, og behovet for spesialundervisning og spesialpedagogiske tiltak bli redusert.

Departementet sende eit tilsvarande forslag til høyring hausten 2004. Også den gongen møtte forslaget ein del motstand i høyringa. Forslaget vart halde oppe i Ot.prp. nr. 57 (2004-2005), men forkasta av eit fleirtal under handsaminga i Stortinget. I Innst. O. nr. 105 (2004-2005) vart det uttalt følgjande:

"Dette flertallet mener at elevenes rett til en individuell opplæringsplan, og skolens plikt til å utarbeide en slik plan, er nært knyttet til at det skal foreligge en sakkyndig vurdering før det blir gjort vedtak om spesialundervisning. Den individuelle opplæringsplanen skal legge til grunn vurderingene i den sakkyndige utredningen. Dette flertallet viser til at den individuelle opplæringsplanen er "kontrakten" mellom skolen og elevene/foreldrene. Den skal legges til grunn for samarbeidet om den enkelte elev og gi grunnlag for organisering og evaluering av opplæringen."

Vidare heiter det same stad:

"Stortinget ber Regjeringen legge frem en grundig gjennomgang av spesialundervisningens plass i norsk skole, herunder en vurdering av ressursbruk og resultater samt det statlige støttesystemets organisering og virksomhet."

Denne oppmodinga har Regjeringa følgt opp gjennom oppnemninga av Midtlyngutvalet. Utvalet har eit breitt mandat og skal m.a. på bakgrunn av analysar og vurderingar leggje fram konkrete forslag til betre organisering av og effektiv ressursbruk i ei framtidig heilskapleg tiltakskjede for barn, unge og vaksne med behov for spesialpedagogisk hjelp.

Målsetjinga med høyringsforslaget var i all hovudsak å frigjere ressursar som kunne nyttast meir målretta for elevar med særskilte behov. Høyringsfråsegnene viser at det kan vere grunn til å stille spørsmål ved om ein når denne målsetjinga gjennom lovforslaget. Forslaget har fått relativt liten tilslutning i høyringa. Departementet vel derfor å leggje avgjerande vekt på dei innvendingane som er komne frå høyringsinstansane.

Departementet vil på denne bakgrunnen ikkje fremje forslaget i denne proposisjonen om å endre i føresegnene om sakshandsaminga for spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp.