Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Samandrag

Helse- og omsorgsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endring i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m., slik at det mellombels forbodet mot xenotransplantasjon (overføring av levande biologisk materiale frå dyr til menneske) blir gjort tidsubestemt. Xenotransplantasjon er i dag mellombels forbode fram til 1. januar 2009.

Spørsmålet om xenotransplantasjon har tidlegare vore behandla i ei rekkje stortingsdokument, først og fremst i ulike odelstingsproposisjonar der det har vore innført mellombels forbod mot xenotransplantasjon til ei permanent regulering ligg føre. Xenotransplantasjon er sist behandla i Ot.prp. nr. 54 (2006–2007). Departementet vurderte det der det slik at fagutviklinga dei siste åra ikkje gav grunn til å forvente at xenotransplantasjon ville bli teken i bruk i stort omfang i nær framtid. Det blei ved handsaminga av proposisjonen vedteke å forlengje det mellombels forbodet mot xenotransplantasjon med eitt år til 1. januar 2009.

Slik departementet nå vurderer det, er det framleis ikkje grunn til å forvente at xenotransplantasjon vil bli teken i bruk i stort omfang i nær framtid. Departementet vil likevel peike på at det er vanskeleg å føresjå utviklinga, og at ein ikkje kan sjå bort frå at ein vil få gjennombrot som kan gjere dette meir aktuelt.

Departementet meiner at det gjeldande forbodet som går til 1. januar 2009, bør forlengjast, men at det er meir formålstenleg med ei reguleringsform som inneber at det blir fastsett eit tidsubestemt forbod, framfor dagens reguleringsform der departementet med jamne mellomrom må fremje forslag for Stortinget om tidsbestemte forlengingar av forbodet.

Departementet vil vurdere utviklinga på fagfeltet jamleg og utarbeide forslag til permanent regulering av xenotransplantasjon dersom fagutviklinga skulle tilseie det. Departementet ønskjer å vidareføre ei ordning med eit interimsorgan som skal fungere som eit rådgivande ekspertorgan for departementet i det vidare arbeidet med fagfeltet.

Forslaget om å innføre eit tidsubestemt mellombels forbod mot xenotransplantasjon kjem ikkje til å få økonomiske eller administrative konsekvensar. Utgiftene til å vidareføre Helse- og omsorgsdepartementet sitt interimsorgan for xenotransplantasjon blir dekte innanfor rammene departementet har.