1. Innleiing

1.1 Samandrag

Regjeringa legg i proposisjonen fram forslag til endringar i legemiddelloven, lov om medisinsk utstyr og apotekloven. Det blir fremja forslag til endringar i legemiddelloven § 6 som presiserer at det er stegprismodellen som skal nyttast til å fastsetje prisen på lækjemiddel som kan bytast. Det blir òg fremja forslag til heimel for å skrive ut tvangsmulkt etter lov om medisinsk utstyr og at det skal tas inn i lova ei føresegn om kontrolltaking og testing. Vidare blir det lagt fram forslag om heimel i legemiddelloven ny § 33 og apotekloven ny § 9-4 til at Statens innkrevjingssentral kan tvangsinndrive krav på vegner av Statens lækjemiddelverk. Endeleg blir det foreslått ein del tekniske endringar i legemiddelloven.