2. Endringar i lov om legemiddel – prising av generiske lækjemiddel

2.1 Samandrag

Når eit lækjemiddel går av patent, kan ulike produsentar tilby likeverdige lækjemiddel. Lækjemiddelprisane frå produsent til grossist fell normalt sterkt når den opphavlege produsenten mister monopolet på omsetninga. For å sikre at dei reduserte prisane på lækjemiddel frå produsentar blir følgde opp i utsalsprisane til apoteka vart stegprismodellen innført med verknad frå 1. januar 2005. Ordninga går ut på at folketrygda refunderer ein fastsett pris (stegpris), og at apoteka er pålagde å levere minst eitt lækjemiddel innanfor kvar bytegruppe til denne prisen. Stegprisen blir fastsett ved at ein reduserer prisen på eit lækjemiddel med gitte prosentsatsar det første året med generisk konkurranse. Den innførte modellen er basert på ein avtale mellom departementet og Norges Apotekforening. Avtalen vart forskriftsfesta hausten 2004, og grossistane gav ein einsidig garanti for at dei ville følgje opp modellen under desse føresetnadene.

Det blir gjort greie for endringar i stegprismodellen sidan 2005 med nye stegsatsar.

Departementet har vurdert det slik at dagens forskriftsregulering av stegprismodellen har tilstrekkeleg heimel i lov. Etter departementets vurdering vil det likevel vere ønskjeleg å endre legemiddelloven. Slik ordlyden er i gjeldande lov, blir det gitt inntrykk av at det er indeksprissystemet som blei nytta før 2005, som regulerer prisinga av lækjemiddel som kan bytast. Forslaget frå departementet sikrar at det går tydeleg fram av ordlyden i lova at det er stegprismodellen som skal liggje til grunn for å fastsetje prisar på generiske lækjemiddel.

Forslaget til lovendring får ingen økonomiske eller administrative konsekvensar.

2.2 Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jorodd Asphjell, Jan Bøhler, Sonja Mandt-Bartholsen, Gunn Olsen og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet, Jan-Henrik Fredriksen, Vigdis Giltun og lederen Harald T. Nesvik, fra Høyre, Inge Lønning og Sonja Irene Sjøli, fra Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Saxi, fra Kristelig Folkeparti, Laila Dåvøy, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og fra Venstre, Gunvald Ludvigsen, anser forslag til endring i legemiddelloven, knyttet til prising av generiske legemiddel, for å være en hensiktsmessig presisering av hva som skal ligge til grunn for prising av generiske legemiddel.