Brev fra Kunnskapsdepartementet v/statsråden til familie- og kulturkomiteen, datert 4. juni 2008

Følgjeendringar av ny formålsparagraf for barnehagen

Eg viser til brev frå Familie- og kulturkomiteen av 4. juni 2008. Eg visar og til brev frå komiteen mottatt 22. mai og til svar datert 23. mai.

Om den nye formålsparagrafen vert vedtatt ser eg per i dag for meg eit behov for å vurdere endringar i gjeldande barnehagelov § 2 Barnehagens innhold og § 3 Barns rett til medvirkning. Enkeltheitar i desse paragrafene vert foreslått regulert i den nye formålsparagrafen. Departementet må såleis vurdere behovet for endringar i desse paragrafane. Det må utredast og vurderast om gjeldande § 1 tredje og fjerde ledd om reservasjonsretten og moglegheita til å fastsetje særlege reglar om livssynsformål skal vidareførast. Vidare kan det vere behov for justeringar i barnehageloven § 7 Barnehageeierens ansvar der det i fjerde ledd bokstav b vises til reservasjonsretten i § 1 tredje ledd.

Korleis det lovteknisk vil vere hensiktsmessig å eventuelt vidareføre gjeldande § 1 tredje og fjerde ledd, må ein kome tilbake til. Eksempelvis kan det tas inn som eit nytt ledd i formålsparagrafen eller det kan vidareførast i ein eigen paragraf.

På det noverande tidspunkt må det tas atterhald om dette da endringane må utredast og sendast på offentleg høyring før endeleg forslag kan fremmast.