Innstilling frå næringskomiteen om reindriftsavtalen 1994-95, om dekking av kostnader når det gjeld radioaktivitet i reinkjøt og om endringar i statsbudsjettet for 1994.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 167 (1993-1994)
  • Kildedok: St.prp. nr. 32 (1993-1994)
  • Utgiver: næringskomiteen
  • Sidetall: 7

1. Samandrag

Regjeringa legg i proposisjonen fram reindriftsavtale for 1994-95 og gjer framlegg om dekking av kostnader når det gjeld radioaktivitet i reinkjøt.

       Forhandlingar om ny reindriftsavtale blei innleidde 10. januar 1994. Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) la da fram sitt krav til ramme og fordeling. Staten fremma sitt tilbod i møte 31. januar. Etter tingingar 10. og 11. februar kom partane fram til avtale 28. februar 1994.

       I forhandlingane la partane vekt på å følgje opp St.meld. nr. 28 (1991-1992) En bærekraftig reindrift. Vidare vart det lagt vekt på synspunkt frå Sametinget og frå styret for Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark. Hovudtyngda i forhandlingane vart lagt på tilpassing av budsjett og regelverk for dei ulike ordningane under reindriftsavtalen i høve til utviklinga i næringa.

       I tillegg til dei økonomiske krava fremma NRL krav om rettshjelpfond for reindrifta, redusert pensjonsalder for reindriftssamar, gjeninnføring av stemplingsplikt og gjennomgang av skatte- og avgiftsmessige tilhøve.

       Avtala har ei ordinær ramme på 77,0 mill. kroner. Det er ein reduksjon på 4,0 mill. kroner i høve til avtala for 1993-1994.

       Totalrekneskapen for reindrifta for 1992 og budsjettet for 1994 viser hovudtrekka i utviklinga i næringa. Landbruksdepartementet gjer merksam på at inntektstala for 1990 og 1991 i tabell 1 i proposisjonen ikkje er lik tilsvarande tal i St.prp. nr. 66 (1992-1993). Ved ein feil var tidlegslakttilskotet ikkje inkludert i prisane i totalrekneskapane for åra 1987-89. Det var heller ikkje inkludert i tamreinlaga sine prisar for 1990 og 1991. Etter nye utrekningar er talmaterialet korrigert i denne proposisjonen.

       Slakteuttaket var 97.600 dyr i 1992 mot om lag 109.000 dyr i 1991. Årsaka til det store slakteuttaket i 1991 var i hovudsak den sterke forskyvinga frå slakting etter jul til før jul.

       Sjølv om talet på slakta dyr gjekk ned med om lag 10 % frå 1991 til 1992, auka inntektene frå kjøt- og biprodukt med 5,1 %. Kjøtprisen auka samstundes som gjennomsnittsvekta på slaktedyra har auka. Lønsemda er fortsatt lågast i dei områda i Finnmark som har størst problem med dårlege beitetilhøve.

       Etterspurnaden i marknaden er framleis på eit stabilt og høgt nivå, og det er mogeleg at prisane kan halde fram å auke også i 1994 saman med ei heving av kvaliteten på reinen.

       Kostnadene i næringa viser for første gong nedgang. Frå 1991 til 1992 vart samla kostnader redusert frå 69,35 mill. kroner til 63,91 mill. kroner. I førebels rekneskap for 1993 er det rekna med auka kostnader, men dei vil framleis liggje under 1991-nivå.

       Nettoproduktet viser klar betring frå 1991 til 1992 som resultat av moderat auke i dei totale inntektene og reduksjon i dei samla kostnadene. Men resultatmåla « vederlag til arbeid og kapital » og « vederlag til arbeid og eigenkapital » viser ein markert nedgang frå 1991 til 1992. Det heng saman med nedgangen i statstilskota som følgje av lågare satsar.

       Arbeidsforbruket i reindrifta viser ein svak tilbakegang, men det er som tidlegare år store skilnader mellom område når det gjeld arbeidsforbruk.

       Reintalet har gått ned dei seinare åra, slik målet har vore med dei verkemidla som er sette inn gjennom reindriftsavtala. Det er framleis nødvendig å redusere reintalet i mange sentrale område for å sikre den langsiktige utviklinga. Talet på næringsutøvarar må ned for at reintalet i Indre Finnmark skal gå ned, da det er ei grense for kor langt ned ein kan presse reintalet utan at det blir færre utøvarar. Det blir lagt vekt på å nå måla gjennom Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark.

       Den økonomiske og sosiale situasjonen for reineigarar i Finnmark er fortsatt vanskeleg. Det går fram av totalrekneskapen at dei økonomiske resultata er svært dårlege. Det forverrar situasjonen i regionen at det er vanskeleg å finne alternativ inntekt og sysselsetjing. Det er risiko for ny overetablering i næringa før problema med påkjenning på beita er løyst.

       Dei siste to åra har ein ved hjelp av økonomiske verkemiddel fått ei systematisk forskyving av slaktetidspunktet frå vinter til haust i dei sentrale reindriftsområda. Det er slik oppnådd kraftig reduksjon i slitet på vinterbeita.

       Som ledd i Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark er det skipa ei ordning med omstillingsløn til reineigarar som avviklar drifta. Det blir lagt opp til særleg tilpassa utdanningstilbod og tilrettelegging av sysselsetjing for tidlegare reindriftsutøvarar og ungdom frå reindrifta.

       Til utgangen av 1993 har 23 driftseiningar med til saman 5.188 dyr avvikla. Ordninga vil bli vidareført fram til 1. januar 1995. Landbruksdepartementet vil saman med styret for Omstillingsprogrammet gjere ei evaluering av ordninga på bakgrunn av erfaringane til no.

       I avtala for 1992 blei systemet for marknadsregulering av reinkjøt endra. Saman med betra marknadssituasjon for reinkjøt har det ført til at etterspurnaden etter reinkjøt er større i dag enn tidlegare. Som eit resultat av dette kan løyvinga til marknadsfremjande tiltak reduserast til 2,5 mill. kroner frå 4,0 mill. kroner.

       Det er framlegg om å setje av 32,6 mill. kroner til Reindriftens Utviklingsfond. Det gir rom for auka satsing på utvikling og investeringar i næringa. 6,5 mill. kroner av desse midlane blir sett av til forsking og rettleiing etter framlegg frå Reindriftens Forskningsutvalg.

       Partane er samde om å halde løyvinga til prammetenesta til Forsvaret på same nivå.

       Løyvinga til organisasjonsarbeid blir sett ned til 4,3 mill. kroner som ei tilpassing til føringane om gradvis reduksjon i tilskot til organisasjonsarbeid i St.meld. nr. 28 (1991-1992). Løyvingane til medlemsavgift til folketrygda og sjukepengeordninga blir vidareført uendra med 1,2 mill. respektive 0,6 mill. kroner.

       Løyvinga til distriktstilskot blir sett ned til 9,0 mill. kroner. Til tilskotsordninga til driftseiningar og tamreinlag, som omfattar produksjonstilskot og kalveslakttilskot, blir det sett av 14,7 mill. kroner. Det er ein reduksjon på 1,3 mill. kroner i høve til avtala for 1993-1994. Produksjonstilskotet blir auka frå 23.000 kroner til 29.000 kroner pr. driftseining, og det blir delt likt mellom ektefeller/sambuarar som driv felles reindrift. Kalveslakttilskotet blir sett til null i Troms og Finnmark, men er uendra i resten av landet. Vektgrensa for å få kalveslakttilskot blir auka frå 14 til 16 kg. Reineigarar i Troms og Finnmark får tidlegslaktetilskot i staden for kalveslakttilskot. Dette har hatt god verknad på fordeling av slaktinga. Det blir sett av 7,8 mill. kroner til ordninga i 1994-1995, og vektgrensa for å få tilskotet blir heva som for kalveslakttilskotet. Under frakttilskotsordninga blir tilskot til transport av levande rein avvikla.

       I samband med forhandlingar om prisar blei partane 28. august 1992 samde om å løyve eit tilskot på 200 kroner pr. dyr til driftseiningar i Aust- og Vest-Finnmark som avviklar. Det blir ikkje sett av midlar til ordninga for 1994-1995, da midlar frå førre året vil vere tilstrekkjeleg.

       Det følgjer tre protokollar som vedlegg til avtala. Protokoll 1 omhandlar oppnemning, mandat og samansetjing av Reindriftens Fagråd. Dette skal erstatta Reindriftens Forskningsutvalg frå og med neste avtaleperiode.

       Protokoll 2 omhandlar reduksjon i reintalet i kvar driftseining. Landbruksdepartementet arbeider med revisjon av reindriftslova, der det vil bli framlegg om ei progressiv beiteavgift. For å ha verkemiddel å setje inn allereie i slaktesesongen 1994- 95, er partane samde om å innføre eit system med stigande slaktekrav med talet på rein i driftseiningar med meir enn 400 dyr. Dei største driftseiningane må slakte meir enn tilveksten for å få tilskot.

       Protokoll 3 omhandlar finansiering av tiltak mot radioaktivitet i reinkjøt og prinsippa for vidareføring av slike tiltak neste slaktesesong.

       Staten dekkjer kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka. Det prinsipielle utgangspunktet er det vedtaket om økonomisk skadeløyse som regjeringa fatta 31. juli 1986.

       Endeleg dekking av kostnadene har vore gjort etterskotsvis. Dei siste åra har det vore gitt ei disposisjonsløyving for å gi førebels dekking for gjennomføring av tiltaka. Samla kostnader for slaktesesongen 1993-1994 er venta å bli 3,776 mill. kroner. Det står 2,276 mill. kroner til disposisjon for slaktesesongen 1993-1994. Det er derfor nødvendig med ei løyving på 1,5 mill. kroner til endeleg finansiering av slaktesesongen 1993-1994.

       Ei arbeidsgruppe som blei sett ned etter forhandlingane i 1992 har sett på budsjettstyring og verknader av ulike verkemiddel for å redusere tiltakskostnadene. Den tilrår fortsatt tidlegslakting som hovudverkemiddel, men avgrensa til kalv. Når tidlegslakting ikkje er nok, bør vomtablettar og nedfôring brukast. Konklusjonane til arbeidsgruppa vart lagt til grunn i samband med tiltakspakka for slaktesesongen 1993-1994, og vil vere retningsgivande også neste slaktesesong. Det er framlegg om ei disposisjonsløyving på 5,0 mill. kroner mot 3,0 mill. kroner i 1993. Årsaka til auken er at tiltaksgrensa for omsetnad av reinkjøt blir senka frå 6.000 Bq/kg til 3.000 Bq/kg, og at ein ventar at tiltakskostnadene frå no vil synke seinare enn tidlegare. Det er òg framlegg om å omdisponere inntil 1 mill. kroner frå post 80 Direkte og kostnadssenkande tilskot til dekking av kostnader som gjeld tiltak mot radioaktivitet.

       Som følgje av reindriftsavtalen for 1994-1995 vil det bli ein reduksjon i budsjettpostar på kap. 1151 på 0,45 mill. kroner i 1994. I tillegg er det framlegg om at løyvinga til å dekkje kostnader som følgje av Tsjernobyl-ulykka i slaktesesongen 1993-1994, samt førebels tiltak for sesongen 1994-1995, blir sett til 6,5 mill. kroner.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, viser til at partane, staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL), har kome fram til semje om reindriftsavtale for 1994-1995 med ei ramme på 77,0 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på 4,0 mill. kroner i høve til 1993-1994.

       Komiteen viser til at Hovudavtala for reindrifta i § 4 har føresegn om at Sametinget skal ha høve til å uttale seg om reindriftsavtalen før den vert handsama i Stortinget. Slik samlingane i Sametinget er lagt i høve til drøftingene mellom partane om avtale, vil Landbruksdepartementet ikkje kunne vente på Sametinget før proposisjonen vert lagt fram for Stortinget. Komiteen har lagt vekt på å kome fram til rutiner for handsaming av reindriftsavtalen som gjer at føresegna om Sametinget sin uttalerett vert oppfylt. Komiteen meiner rutinen kan følgjast også seinare år.

       Komiteen viser til Innst.S.nr.193 (1992-1993) der eit fleirtal i landbrukskomiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, peika på at det er viktig at Sametinget får gi sine synspunkt når det gjeld verknadene av avtala for den samiske befolkninga, da reindriftsnæringa har mykje å seie for den samepolitiske utviklinga.

       Medlemen frå Sosialistisk Venstreparti vil peike på at eit første steg kan vere at Sametinget utnemner fleirtalet i Reindriftsstyret. Denne medlemen vil kome attende til dette ved handsaminga av reindriftsloven.

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av Framstegspartiet, syner til fleirtalsmerknadene i samband med innstillinga til St.meld. nr. 28 (1991-1992) En bærekraftig reindrift (Innst.S.nr.167 (1991-1992)) og Innst.S.nr.193 (1992-1993) til reindriftsavtalen 1993-1994, der det vert understreka at samisk reindrift er ein berande faktor i samisk kultur.

       Fleirtalet har merka seg at det økonomiske resultatet for reindriftsnæringa samla sett framleis er svakt, men har synt ei betring. Fleirtalet har merka seg at etterspurnaden etter reinkjøt har auka, og meiner det ligg potensiale for vidareutvikling av næringa, både når det gjeld kjøt og bearbeidde produkt.

       Fleirtalet ser det som viktig at ein i samband med tingingane om ny reindriftsavtale legg stor vekt på å styre dei økonomiske verkemidla slik at ein får eit reintal og ein flokkstruktur som er tilpassa beitegrunnlaget.

       Spesielt i Finnmark har beitepresset gjennom fleire år vore stort, og det kan verte nødvendig å setje i verk ekstraordinære tiltak for å redusere reintalet. Det er viktig at næringsutøvarane aktivt følgjer opp tiltaka. Fleirtalet viser til at ein slik reduksjon er nødvendig også for å betre kjøtkvaliteten og dermed lønsemda i sentrale reindriftsområde i Finnmark og Troms, der prisar og lønsemd har vore låge. Fleirtalet peikar på at partane følgjer opp føringane frå Stortinget si handsaming av reindriftsavtalen for 1993-94 med omsyn til utjamning og tilpassing av reintalet til beiteressursane. Fleirtalet ser i den samanheng positivt på at partane er samde om at det skal setjast inn verkemiddel allereie komande slaktesesong for å redusere reintalet ytterlegare.

       Fleirtalet ser det som positivt at partane i protokoll 2 frå møtet 28. februar 1994 er samde om å utgreie konsekvensane og kva verkemiddel som er best eigna for å oppfylle målsettinga fleirtalet i landbrukskomiteen uttrykte i innstillinga til reindriftsavtalen 1993 ( Innst.S.nr.193 (1992-1993)), der fleirtalet, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, sa seg samd i fråsegn frå Sametingsrådet:

       « Den ressurssituasjon som næringen befinner seg i, særlig i Finnmark, gjør det nødvendig å vurdere sterkere virkemiddel for å begrense reintall pr. driftsenhet - i alle fall over en viss tid. »

       Fleirtalet meiner det no er viktig å få ei bonitering av beita. Særleg der beitepresset er stort, er det nødvendig å få ei biologisk vurdering av beitebruken, slik at ein med større fagleg forvissning kan fastsetje reintalet for kvart einskild distrikt. For å få ein produksjon av reinkjøt med god kvalitet, må det vera ei reindrift som er grunna ut frå økologisk berekraft.

       Fleirtalet viser til at etter at Stortinget hadde handsama St.meld. nr. 28 (1991-1992) En bærekraftig reindrift, bad Landbruksdepartementet om at Reindriftsadministrasjonen gjorde framlegg om ny administrativ inndeling av reinbeitedistrikta og reindrifta si framtidige utnytting av beiteland m.m. Fleirtalet er kjent med at utgreiinga no er ferdig og sendt ut til høyring med frist for uttale til 1. mars 1995.

       Fleirtalet viser til at tilskot til transport av levande rein skal avviklast så snart det er etablert feltslakteanlegg som gjer det mogeleg å slakte utan lang transport av levande dyr. Av sjølve avtalen går det fram at tilskotet vert avvikla frå 1. juli 1994 for Finnmark og Troms. Fleirtalet er kjent med at det i einskilde område som ligg langt frå permanent slakteri, enno ikkje er etablert feltslakteanlegg. Bortfallet av transporttilskotet vil derfor gje ekstra kostnader for reineigarane. Fleirtalet går ut frå at departementet/ Reindriftsadministrasjonen kan vise fleksibilitet for å finne løysingar i slike høve. Det må likevel ikkje føre til at transportane er dyrevernmessig uforsvarlege.

       Komiteen er under arbeidet med innstillinga gjort merksam på at brukarane av dei ymse ordningane under reindriftsavtalen saknar informasjon om sine rettar. Komiteen vil peike på at at informasjon er svært viktig, og ber departementet vere særleg merksam på dette området.

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av Framstegspartiet, har merka seg at avløysarordninga over reindriftsavtalen ikkje vert vidareført som særskild ordning. Men fleirtalet er merksam på at ordninga frå 1993 er lagt inn under distriktstilskotet, og at dette i år er auka frå 2.500 kroner til 4.500 kroner for kvar driftseining. Fleirtalet er kjent med at mange innan reindrifta ikkje er merksame på omlegginga som skjedde i 1993, og fleirtalet vil igjen vise til at informasjon er svært viktig. Særleg ut frå likestillingssynspunkt er det vesentleg at dei som har bruk for avløysar ved mellombels omsorgsoppgåver og svangerskapspermisjon, vert kjende med at det er fullt mogeleg for distriktsstyra å gje avløysartilskot.

       Fleirtalet ser det som positivt ut frå likestillingssynspunkt at produksjonstilskotet skal delast likt mellom ektefeller/sambuande som har felles reindrift.

       Fleirtalet viser til Innst.S.nr.167 (1991-1992), der landbrukskomiteen ba om ein gjennomgang og endring av gjeldande skattereglar for reindrifta, slik at faktiske kostnader i næring kjem til frådrag i næringsinntekta. Fleirtalet meiner reindrifta må likestillast med andre næringar, og at departementet og næringsorganisasjonane arbeider vidare med dette spørsmålet for å finne løysingar som ivaretek både næringa og miljøet.

       Fleirtalet har merka seg at løyvinga til organisasjonstilskot, som vart auka i 1993 pga. at oppgåver knytt til fagleg utvikling og servicekontorer førast på denne posten, no vert sett ned igjen. Fleirtalet meiner at BES ut frå dei oppgåvene organisasjonen utfører for reindriftsavtalen, skal få del i organisasjonstilskotet som vert gjeve over avtalen. Fleirtalet viser i den samanheng til at landbrukskomiteen i merknad i Innst.S.nr.153 (1992-1993) gjekk ut frå at tilskot til BES vert justert i høve til medverknaden frå organisasjonen i tingingane.

       Komitémedlemene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Framstegspartiet viser til merknad frå dei same partia i Innst.S.nr.167 (1991-1992) om likestilling av dei to reindriftsorganisajonane NRL og BES i forhandlingssamanheng. Desse medlemene ser det som rimeleg at dei to organisasjonane er likestilte når det gjeld forhandlingar med staten og ber departementet ta omsyn til dette ved seinare forhandlingar.

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av Framstegspartiet, registrerer at det er rekna med at kostnadene med tiltak mot radioaktivitet vil auka noko, m.a. som følgje av at tiltaksgrensa blir sett ned frå 6.000 Bq/kg til 3.000 Bq/kg kjøt. Fleirtalet viser til at det er semje mellom avtalepartane om at det er mogeleg å nå den tiltaksgrensa som er fastsett i samråd mellom Landbruksdepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Statens næringsmiddeltilsyn. Fleirtalet har merka seg at det er framlegg om å omdisponere 1 mill. kroner frå post 80 Direkte og kostnadssenkande tilskot til dekking av kostnader som gjeld tiltak mot radioaktivitet. Fleirtalet legg til grunn at ein finn løysingar for ekstrakostnader reineigarar vert påført ved nedfôring.

       Fleirtalet har merka seg at etterspurnaden etter reinkjøt har auka, og at det i periodar har vore naudsynt med suppleringsimport. Fleirtalet er merksam på at kvantitativt importvern vert oppheva ved tilslutning til ny GATT-avtale. Og fleirtalet reknar med at omlegging til importvern som byggjer på høge tollsatsar, vert utforma slik at det har den ønska effekten.

       Komitémedlemene frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at utviklinga i næringa og den generelle samfunnsutviklinga har svekt kvinnene sine interesser og posisjonar, både økonomisk og sosialt. Desse medlemene viser til at bare 10 % av driftseigarane er kvinner. For å betre likestillinga må det gjerast endringar som gjer at det blir fleire kvinnelege eigarar.

       Desse medlemene peikar på at reindriftsnæringa er ein viktig del av den samiske kulturen, og den må bli definert som noko meir enn bare kjøtproduksjon. Det er uheldig om det blir skapt eit kunstig skilje mellom kjøtproduksjon og husflidsproduksjon. Desse medlemene vil difor streke under kor viktig det er at dei oppgåvene kvinnene utfører, medrekna samisk husflid (duodji), blir likestilt og sett på som ein integrert del og kulturberar i næringa.

       Desse medlemene ser det som naudsynt at kvinnene får rett til tilskot over reindriftsavtalen for sitt arbeid på lik linje med kjøtproduksjon. Ei slik ordning vil kunne medverke til reell likestilling mellom menn og kvinner i næringa, og på slik måte gje tradisjonelt kvinnearbeid høgare status.

       Desse medlemene viser til at det framleis er naudsynt med tiltak og omstillingar i Finnmark for å få ei økonomisk og økologisk berekraftig reindrift. Det er viktig at flest mogeleg i reindrifta forpliktar seg til å følgje opp desse tiltaka. Desse medlemene meiner det vil vere lettare å gjennomføre omstillingane om BES får forhandlingsrett med staten, og blir forhandlingspart, likestilt med NRL i høve til avtalen.

       Komitémedlemen frå Sosialistisk Venstreparti viser til landbrukskomiteen sine merknader i Innst.S.nr.193 (1991-1992), kor den viser sterk skepsis til omfattande gjerdebygging og den sterke mekaniseringa i reindriftsnæringa. Den omfattande gjerdebygginga som skjer i dag, gjev både store beiteskader og eit press for å privatisere beiteressursane. Denne medlemen vil difor foreslå stopp i vidare gjerdebygging og tiltak for å fjerne dei gjerda som allereie er sette opp, og gjer slikt framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa stoppe vidare bygging av reinsperregjerder og å setje i verk tiltak for å fjerne dei sperregjerdene som er reist i einskilde reinbeitedistrikt i Vest-Finnmark sidan 1990. »

       Komitémedlemene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti viser til merknadene i Innst.S.nr.193 (1991-1992) om den sterke mekaniseringa i næringa. Dette gjeld både utstrakt snøskuterbruk, barmarkskøyring og bruk av helikopter. Desse medlemene ser det som naudsynt med ei sterk avgrensing i bruken av fly og helikopter i reindrifta.

       Komitémedlemen frå Sosialistisk Venstreparti ser snøskuteren som naudsynt arbeidsreiskap i reindrifta. Det er likevel viktig å halde fram arbeidet med å regulere og avgrense bruken av motoriserte kjøretøy på vidda. Dette kan ein gjere ved å setje tak for bruk av snøskuter, m.a. bør departementet vurdere ei ordning der kvar yrkesutøvar får disponere berre ein snøskuter. Dette ville regulere talet på snøskuterar, men eit slikt tiltak inneber endringar i avgiftspolitikken.

       Denne medlemen viser til at det i dag er lagt ei avgift på snøskuter på line med personbil. Eingongsavgifta er på 30 %. Denne medlemen meiner at ein reindriftsutøvar i dag er avhengig av snøskuter på same måten som ein bonde er avhengig av traktor. Det er ikkje importavgift på kjøp av traktor, og det verkar difor urimeleg at det skal vere skilnad til snøskuter.

       Denne medlemen ser det som ønskeleg at det vert differensiert avgift ved kjøp av skuter. Slik differensiering må skilje mellom skuter til næringsføremål og til fritidsbruk.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet er grunnleggende uenig i den politikk som føres overfor reindriftsnæringen og viser til at det økonomiske resultat for næringen samlet sett fortsatt må karakteriseres som meget svakt.

       Dette medlem mener reindrift må behandles mest mulig likt annen næringsvirksomhet. Den bør utøves friest mulig samtidig som det offentliges ansvar begrenses til en fornuftig ressursforvaltning av beitemarkene.

       Dette medlem mener tilskudds- og reguleringsordningene har virket mot sin hensikt. Ved å rette næringssubsidiene mot reindriften ble utviklingsmulighetene svekket. Resultatet ble oppbyggingen av et for høyt antall dyr i forhold til beiteressursene. Store ungdomskull som gikk inn i næringen med høye økonomiske forventninger opplevde at fortjenesten ble kraftig redusert, og noen står nå igjen med en bunnløs gjeld.

       Dette medlem vil hevde at en overgang til et markedsstyrt system vil sikre en nødvendig flokkreduksjon i forhold til tilgjengelige beiteressurser. Et slikt system vil medføre en nødvendig slanking av næringen. Samtidig vil de gjenværende yrkesutøvere kunne bygge opp sikrere arbeidsplasser med synkende avhengighet av offentlig støtte.

       Dette medlem vil blant annet vise til de økonomiske virkemidlene som skal bidra til høyt slakteuttak, tidligere gjennomføring av slaktingen og satsing på utviklings- og investeringstiltak.

       Dette medlem mener at en overgang fra slike planøkonomisk styrte tiltak og over til et marked med reelle priser vil gi både en positiv effekt inntektsmessig og være mindre konfliktfylt enn en rekke tvangstiltak.

       Dette medlem viser til at den økte etterspørselen etter reinkjøtt de siste årene har ført til en underdekning i markedet som har åpnet for en nødvendig suppleringsimport.

       Dette medlem hevder at denne typen skjermingsstøtte hører til en gruppe tiltak som det må være en oppgave å fjerne. Den tjener ikke samenes langsiktige interesser.

       Dette medlem imøteser den nye GATT-avtalens ikrafttredelse med omlegging til et tollbasert importvern og mener det er et skritt i riktig retning mot en friere verdenshandel.

       Dette medlem har merket seg at det er foreslått å avsette et større beløp som følge av radioaktivt nedfall. Alle reinsdyr som inneholder mer enn 3.000 Bq/kg skal omfattes av tiltak som reduserer radioaktiviteten.

       Dette medlem har registrert at det etter hvert har blitt en fast overføring til næringen, tilsynelatende uten å ha gjennomgått den nødvendige kritiske vurdering. Fremskrittspartiet har ved flere anledninger stilt spørsmålstegn ved om man er i ferd med å innføre en ny subsidieordning kamuflert som et tilskudd mot radioaktivitet.

       Dette medlem viser for øvrig til tidligere merknader og forslag, samt Fremskrittspartiets merknader knyttet til St.meld. nr. 28 (1991-1992) En bærekraftig reindrift.

       Dette medlem går imot de foreslåtte økte bevilgninger som følge av årets reindriftsavtale.

3. Framlegg frå mindretal

Framlegg frå Sosialistisk Venstreparti:

       Stortinget ber Regjeringa stoppe vidare bygging av reinsperregjerder og å setje i verk tiltak for å fjerne dei sperregjerdene som er reist i einskilde reinbeitedistrikt i Vest-Finnmark sidan 1990.

4. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ikkje merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

       På statsbudsjettet for 1994 vert det gjort følgjande endringar:

Kap. 1151

Til gjennomføring av reindriftsavtala
51 Tilskot til Reindriftens Utviklingsfond, vert auka med kr 450.000
frå kr 31.700.000 til kr 32.150.000
72 Tilskot til organisasjonsarbeid, vert sett ned med kr 150.000
frå kr 4.600.000 til kr 4.450.000
74 Tilskot til marknadsfremjande tiltak, kan overførast, vert sett ned med kr 750.000
frå kr 4.000.000 til kr 3.250.000
82 (Ny) Kostnader med radioaktivitet i reinkjøt, vert løyvt med kr 6.500.000

II.

       Stortinget samtykkjer i at det til dekking av kostnader som gjeld radioaktivitet i reinkjøt kan omdisponerast 1,0 mill. kroner frå kap. 1151 post 80 til kap. 1151 post 82.

Oslo, i næringskomiteen, den 3. juni 1994.

Svein Ludvigsen, Lars Gunnar Lie, William Engseth,
leiar. ordførar. sekretær.