Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling frå samferdselskomiteen om endra løyvingsvedtak m.v. for 1994 under Samferdselsdepartementet.

Innhold

Nasjonal trenings- og kompetansesenter for sivil luftfart

       Samferdselskomiteen har i B.innst.S.nr.14 (1993-1994) tatt inn merknad vedkomande oppretting av eit trenings- og kompetansesenter for sivil luftfart.

       Luftfartsverket har i brev av 14. januar 1994 gitt ein stautsrapport samt skissert planar for arbeidet med eit slikt trenings- og kompetansesenter framover.

       Det er sett av midlar på Luftfartsverkets budsjett til vidareføring av prosjektet i 1994.

       Samferdselsdepartementet er samd med Luftfartsverket i at det i første omgang bør opprettast eit mindre kompetansesenter i regi av Luftfartsverket og at dette om naudsynt blir bygd trinnvis ut i takt med det reelle behovet som måtte melde seg etter kvart.

       Det er ein føresetnad at kompetansesenteret er sjølvfinansiert ved direkte brukarbetaling og driv si verksemd slik at det ikkje oppstår habilitetsproblem.

       Departementet er òg samd i at Luftfartsverket arbeider vidare med spørsmålet om å etablere kompetansesenteret som ei verksemd på høgre nivå, der ein vurderer ulike former for tilknyting til høgskulesystemet.

       Endeleg standpunkt i saka kan ikkje takast før Luftfartsverket si utgreiing ligg føre og er handsama. Dette gjeld òg spørsmålet om korleis eit trenings- og kompetansesenter skal finansierast.

Komiteens merknader

       Komiteen, medlemmene Ragnhild Barland, Aud Blattmann, Johan M Nyland, Ola Røtvei, Solveig Torsvik og Magnar Sætre fra Arbeiderpartiet, lederen, Johanne Gaup og Terje Sandkjær fra Senterpartiet, Ole Johs. Brunæs, Oddvard Nilsen og Thorhild Widvey fra Høyre, Inge Myrvoll fra Sosialistisk Venstreparti og May-Helen Molvær Grimstad fra Kristelig Folkeparti, har merka seg at det er enighet om at et nasjonalt trenings- og kompetansesenter kan medvirke til å styrke kompetansenivået vedrørende flysikkerhet.

       Komiteen slutter seg til departementets vurdering om at det i første omgang opprettes et mindre kompetansesenter i regi av Luftfartsverket og at senteret drives med inntekt fra brukerne.

       Komiteen slutter seg videre til departementets vurdering om at det bør arbeides videre med spørsmålet om å etablere kompetansesenteret som ei bedrift på høgre nivå og tilknytning til høgskolesystemet i denne forbindelse.

Oslo lufthavn, Fornebu - Interimstiltak i tilknytning til Pir C/Satellitt C

       Da Stortinget 25. november 1993 handsama løyvingar på statsbudsjettet 1994 for Samferdselsdepartementet, blei det gjort følgjande vedtak:

       « Stortinget ber Regjeringen vurdere utbygging av satellitt C på Fornebu etter alternativ B (flyttealternativet). »

       Bygningen som går under namnet satellitt C, blei reist av SAS i 1984 for å betre ekspedisjonstilhøva for utanlandspassasjerane.

       Tilhøva i satellitt C og heis- og trappesambandet til Pir C er ikkje tilfredsstillande. Luftfartsverket har utarbeidd to alternative løysingar for å betre tilhøva for passasjerane og dei tilsette.

- Alternativ A (rehabiliteringsalternativet) stipulert til ca. 10 mill. kroner.
- Alternativ B (flyttealternativet) stipulert til ca. 24 mill. kroner. Dette alternativet går ut m.a. på å reise ein ny bygning på 1.100 m2 i ein etasje, plassert som ei forlenging av Pir C.

       SAS og AOC som er eit organ for dei utanlandske flyselskapa på Fornebu, går sterkt inn for alternativ B.

       Braathens SAFE går inn for alternativ A.

       Etter ei samla vurdering er Samferdselsdepartementet kome fram til at alternativ B bør gjennomførast innafor ei kostnadsramme på 24 mill. kroner.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til forslaget.

       Komiteen vil likevel undertreke at det bare skal gjennomføres helt nødvendige tiltak på Fornebu i interimsperioden fram til ny hovedflyplass for Oslo-området står ferdig på Gardermoen.

Vegtrafikklova § 33 nr. 5

       Samferdselsdepartementet fremja i Ot.prp. nr. 61 (1989-1990) ei tilråding om lov om endringar i vegtrafikklova av 18. juni 1965 nr. 4, sjå lov av 4. juli 1991 nr. 49. Lovvedtaket endra mellom anna ordlyden til vegtrafikklova § 33 nr. 5. Endringa blei sett i kraft frå 1. april 1992.

       Vegtrafikklova § 33 nr. 5 inneheld reglar om politiet sin rett til beslag av førarkort ved mistanke om straffbart tilhøve som kan føre til inndraging av førarkort. Tidlegare var regelen at politiet, om innehavaren ikkje samtykte i slikt beslag, berre kunne halde førarkortet beslaglagt i 3 veker utan orskurd frå forhøyrsretten. Etter endringa 1. april 1992 er regelen at politiet må oversende spørsmålet om vidare beslag til forhøyrsretten innan 3 veker. Politiet kan etter endringa altså halde på førarkortet ut over 3 veker når saka er oversendt retten innan fristen.

       Det har i ettertid blitt klart at det er ønskjeleg å avgrensa bruken av retten til å halde tilbake førarkortet, og det blir i proposisjonen gjort greie for korleis Samferdselsdepartementet og Justisdepartementet meiner at heimelen bør nyttast.

       For at lova ikkje skal praktiserast på ein uheldig måte, planlegg Justisdepartementet eit rundskriv til politiet som vil presisere politiet sin handhevingsinstruks på dette punktet.

       Etter presisering i rundskrivet vil politiet no totalt kunne halde på eit beslaglagt kort i inntil 4 veker i dei tilfella forhøyrsretten si avgjerd fyrst ligg føre etter at fristen på 3 veker er løpt ut.

       Samferdselsdepartementet meiner det ikkje er naudsynt med lovendring for å endre praksisen etter vegtrafikklova på dette punktet.

       Komiteen har ingen merknader.

Hovudavtale om statstilskott til drift av riksvegferjesamband

       I St.prp. nr. 1 (1993-1994) frå Samferdselsdepartementet blei det m.a. gjort greie for at Rederienes Landsforening og Vegdirektoratet var blitt samde om hovudavtale for riksvegferjedrifta. Samferdselsdepartementet har no godteke framlegget frå partane til hovudavtale.

       I St.prp. nr. 1 (1992-1993) frå Samferdselsdepartementet blei det informert om vanskar knytta til styremaktas vilkår om at det berre er drifta av ferjene som kan gi selskapa høve til forteneste. I visse tilfelle vil selskapa ifølgje den godkjende hovudavtala få disponert heile eller delar av salsvinsten.

       Komiteen har ingen merknader.

Flytting av riksvegferjesambandet Mortavik-Skudeneshavn til Randaberg-Skudeneshavn

       I St.prp. nr. 1 (1993-1994) går det fram at fylkestinget i Rogaland med vedtak av 8. juni 1993 har rådd til at ferjesambandet Mortavik-Skudeneshavn blir flytta til strekninga Randaberg-Skudeneshavn.

       Samferdselsdepartementet har med avgjerd av 14. januar 1994 slutta seg til tilrådinga om å flytte sambandet.

       Føresetnaden for flyttinga er at det m.a. blir innkrevjing av bompengar til Rennfast på ferja, som medfører noko høgare takstar for både kjørety og passasjerar.

       Komiteen har ingen merknader.

Kap. 4330 Flytransport og Hurtigruten (jf. kap. 1330)

Post 72 Avgift til finansiering av kjøpav flytransporttenester

       I og med avreguleringa av flyrutenettet i Noreg 1. april 1994, er det lagt til grunn å innføre ei særskilt avgift på kr 10 pr. seteavgang på innanlands flyruter frå same dato, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 7 (1993-1994).

       Flyselskapa sine planar frå 1. april 1994 gir etter Samferdselsdepartementet sitt syn heile landet eit tenleg flyrutenett med ein standard om lag på same nivå som før avreguleringa.

       Samferdselsdepartementet vil derfor vente med å bruke heimelen til å krevje inn avgift til det eventuelt blir naudsynt for å sikre eit tilfredsstillande flytilbod.

       Samferdselsdepartementet vil først i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 1994 kome attende til forslag om endra løyving på kap. 1330, post 72, og kap. 4330, post 72.

Komiteens merknader

       Komiteen har merka seg at departementet ikke ser grunn til å kreve inn seteavgifta nå, ut fra at ruteopplegget er om lag på samme nivå som før dereguleringa.

       Komiteen forutsetter at departementet følger denne utviklinga og er lydhør for reaksjoner om redusert rutetilbud fra distriktene.

Kap. 1370 Statens teleforvaltning (jf. kap. 4370)

       I St.prp. nr. 1 (1993-1994) blei det lagt til grunn at reguleringsfondsordninga for Statens teleforvaltning blei vidareført i 1994. I budsjettproposisjonen var det ikkje med noko forslag til vedtak om vidareføring til og frå fondet i 1994. Ein viser til utkast til vedtak.

       Komiteen har ingen merknader.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       Statens teleforvaltning gis fullmakt til i 1994 å overføre inntil 10 mill. kroner til eller frå reguleringsfondet.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 26. april 1994.

Magnus Stangeland, Ragnhild Barland, Solveig Torsvik,
leiar. ordførar. sekretær.