1. Sammendrag

Til Stortinget.

       Stortingsrepresentantene Lisbeth Holand og Inge Myrvoll har den 11. mars d.å. sett fram følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen foreslå endringer i offentlighetsloven og andre lover for å sikre innsyn i offentlige organers saksbehandling. »

       I grunngjevinga for framlegget heiter det m.a. at fordi stadig fleire offentlege oppgåver dei siste åra er lagde til statsføretak, aksjeselskap og liknande selskap, har innsynet i forvaltninga vorte redusert. Tilpasninga av særlovgjevinga til kommunelova har hatt ein tilsvarande effekt. Eit døme på at innsynet i kommunane har blitt dårlegare, er at administrasjonssjefen sitt framlegg til budsjett ikkje vert offentleggjort før etter at formannskapet har handsama budsjettet.

       I dokumentet vert det vist til at størst mogleg innsyn i offentleg teneste er ei svært viktig målsetting, og at det kan synest som om omsynet til innsyn dei siste åra har måtta vike for effektivitetsomsyn.