Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Ved Stortingets vedtak 11. desember 1992 (jf. St.prp. nr. 25 (1992-1993), Innst.S.nr.71 (1992-1993)) fekk Finansdepartementet fullmakt til å ta opp kortsiktige lån i dei internasjonale marknadene innanfor ei samla ramme på 75.000 mill. kroner. Denne fullmakta har ikkje vore nytta, men Finansdepartementet har på grunnlag av fullmakta godkjent at Noregs Bank kan ta opp lån under sine avtalar med nordiske sentralbankar. Under eiga fullmakt, jf. Stortingets vedtak 9. april 1991, Innst.S.nr.113 (1990-1991), har Finansdepartementet tidlegare godkjent at Noregs Bank trekkjer inntil ECU 2.000 mill. under avtalar med sentralbankane i EU.
Finansdepartementet har også arbeidd med eit beredskapsopplegg der ein i løpet av kort tid kan utstede kortsiktige verdipapir i stort omfang. I lys av den positive utviklinga i forholda som verkar inn på eit slikt lånebehov har Finansdepartementet ikkje gjeve prioritet til dette. Det kan likevel bli aktuelt å sluttføre arbeidet, herunder å prøve dette i praksis ved f.eks. å utstede kortsiktige verdipapir i form av såkalla commercial paper i USA og i europ- marknaden i avgrensa omfang.
Denne fullmakta vart gjeven utan tidsavgrensing og ein ber difor ikkje om fornya fullmakt.
Komiteen har ingen merknader.