Vedlegg 12: Telefax til Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité fra Kåre Torvholm, datert 29. oktober 1994.

« Om sosiale ordningar for fiskarar. »

       Eg viser til min telefax dagsett 23. oktober 1994 og telefonsamtale den 25. oktober der eg kanselerte oversending av omtalte årsrekneskap frå salgslag grunna den frist som blei sett. (25. oktober).

       Komiteen har no utsett slutthandsaminga i 2 veker, og det resulterte i større oppslag i media den 28. oktober:

       I « Sunnmørsposten », i NRK Møre og Romsdal der også komiteens formann kom med kommentarar til NRK sin reportar som påstod at Kystfiskarlaget hadde lagt fram berre påstandar for komiteen. NRK sin seriøsitet om påstandar og manglande dokumentasjon frå Kystfiskarlaget skal eg avstå frå å kommentere då komiteen vil finne at Kystfiskarlaget har ovesendt « Verditallene i Fiskeridirektoratets sluttseddelsystem som blir kvalitetssikret ved at en foretar en avstemning mot salgslagets regnskap. » (Sitat frå Telefax frå Fiskeridirektoratet).

       Om landingar i utlandet « utenom salgslagene » slår Fiskeridirektoratet også fast i nemde Telefax sitat: « Landinger i utland, som Fiskeridirektoratet - via opplysninger fra utenlandske myndigheter, har oppdaget ikke er registrert via salgslagene på det tidspunkt Fiskeridirektoratet foretar avstemming av statistikken på årsbasis ». Sitat slutt.

       I vedlagte utskrift av Fiskeridirektør Viggo Jan Olsen i « Radio Nordkyn » konstaterer Fiskeridirektøren at dei omsetningstala Kystfiskarlaget har lagt fram for komiteen er dokumentasjon på at den omtalte kolonnen i Riksrevisjonens Dok.nr.1:03 på 1.126,7 mill. som det ikkje er trekt avgift av er; « Svartfisk » - i statistikken » fordi salgslag ikkje har utført sin plikt og trekt lovbestemte avgifter av landingar i utlandet. Landingar som Fiskeridirektoratet sjølv har oppdaga at dei ikkje er registrert i salgslagsrekneskapet, kalenderåret etter at salgslagsrekneskapet er avslutta, revidert og kontrollert. (Sjå vedlagte eksemplar av salslags rekneskap.)

       Radio Nordkyn viser til at: « det har her blitt lagt lokk over fra Finansdep. og fiskeriorganisasjonane sin side » og spør om Viggo Jan Olsen har « fått oppgitt noen begrunnelse til hvorfor denne her saken skulle dysses ned ». Dette medførte et kontant - NEI - og « at det ikke er noe lokk på vår database ». Komiteen er orientert om at det blir lagt lokk på den såkalla « Danmarksaka » i September 1990, med påtaleunnlatelse som var grunna i at det var salgslaget som hadde ansvaret for at « svartfisken » ikkje vart trekt avgifter av, for det at salgslaga ikkje utførte sin plikt etter lova.

       Veit komiteen no om at i dei 340,8 mill. kroner som Riksrevisjonen har trekt ifrå for 1986 og 87, ligg også verdien av svartfisken i « DANMARKSAKA »? Dok.nr.1 (1990-1991) viser at berre 3 fartøyer hadde levert for 30 millionar utenom salslaga og at salslaga viste det, før Tolletaten - etter melding i frå Fiskeridirektoratet. Det slår Finans og Fiskeridep. fast i « STATUSRAPPORTEN » den 4. september 1990. Vil komiteen slutthandsame saka og ettertida kan vise at « DANMARKSAKA » er med?

       Det er soleis ikkje Kystfiskarlaget som påstår, men Riksrevisjonen som dokumenterer at det er titalls millionar kvart einaste år, og frå 1982-1990 er det minst 1000 millionar som er unndratt omsetningsavgifta, sjølv om lova krev utpanting for manglande avgift. Vidare slår Riksrevisjonen fast i Dok.nr.1:03 side 29 siste avsnitt: « - omsetning utenom salgslagene bygger delvis på oppgaver fra utenlandske myndigheter og kan inneholde omsetning det ikke er betalt produktavgift for. » Kvar er produktavgifta frå 1990 som ikkje Riksrevisjonen fann i bøkene pr. 31.12.1992?

       Overnemnde henvisningar om svartfisk og at « omsetning utenom salgslaga » er utelatt av salgslags reviderte rekneskap, er det ført bevis for i vedlegg, og det er ikkje påstandar, i så fall må Fiskeridirektøren trekke sin uttale og Fiskeridirektoratet sin dokumentasjon. Her bør no Fiskeridep. og Sosialdep. erkjenne at Fiskeridirektoratets dokumentasjon er rett. SAKA » er no farleg enkel og ute i mellom folk på grasrota, folk kan tenkje sjølve seiast det.

       Kystfiskarlagets troverdighet - er tragisk hevder bladet Fiskaren på lederplass. Eg vil vise til eit avsnitt ad. Riksrevisjonens Dok.nr.1:03: « Her står det klart at departementene har gått god for salgslagens praksis om å trekke omsetning utenom lagene, tang og tare, laks og ørret og pristilskuddet fra beregningsgrunnlaget for omsetningsavgiften, noe Stortinget også har godtatt i og med behandlingen av Riksrevisjonens rapport ». Fiskaren hevdar så at det er tragisk at Kystfiskarlaget likevel påpeikar feil eller lovbrot.

       Kven som er truverdig får andre ta stilling til, men har Stortinget no godtatt brot på lover Stortinget sjølv har vedtatt og sementerer som rett at svartfiskleveransen fekk fortsette etter 1990, og skal fortsette ved å forandre reglar og ikkje lov, så det er tragisk. Dette vil i så fall være alvorlig om Stortingets truverdigheit er borte, og at store delar av media no lukkast med det som synes å være fiskerimafiaens mål: Lokk på korrupsjon og økonomisk kriminalitet i fiskerinæringa med Stortinget som endeleg « lokk leggar ».

       Eg ber komiteen merke seg vedlegga og så medvirke til at all dokumentert omsetning utanom salgslaga blir avgiftlagt og skattelagt etter lova, som Stortinget sjølv har vedteke. Et anna utfall, det vil vere tragisk.