1. Innledning

    Til Stortinget.

       Stortingsrepresentant Jan Simonsen har sett fram følgjande framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endring av lov av 31. mai 1974 nr. 19 om konsesjon og om forkjøpsrett for det offentlige ved erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) slik at fylkeslandbruksstyrene har avgjørelsesmyndighet med klageadgang til Landbruksdepartementet kun for konsesjonssøkeren. »

       I grunngjevinga for framlegget vert det vist til at når staten nyttar forkjøpsretten sin, grip den inn i den friviljuge avtala mellom kjøpar og seljar, og set på den måten til side den private eigedomsretten. Konsesjonslova er først og fremst ein styringsreiskap for byråkratiet. Føremålet er å overprøve dei val einskildmenneske gjer, og den umyndiggjer ei heil næring.

       Aktuelle saker har vist at Landbruksdepartementet gjennom si praktisering av lova kan setje til side samrøystes vedtak gjort av lokale forvaltingsorgan og som er til fordel for konsesjonssøkaren, etter klage frå personar som kjøpsavtala ikkje vedkjem. Forslagsstillaren meiner at berre dei som avtala direkte gjeld, skal ha klageadgang. Om fylkeslandbruksstyra kan avgjere konsesjonssøknaden, vil det styrkje det lokale sjølvstyret.