1. Innledning

  Til Stortinget.

       Stortingsrepresentant Reidar Johansen har sett fram følgjande framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringen legge fram forslag til mer rettferdig finansieringssystem for de kommunale næringsmiddeltilsyn, i forbindelse med omleggingen av næringsmiddeltilsynet i Norge. »

       I grunngjevinga for framlegget er det vist til at det i samband med regelendringar som følgje av EØS-avtalen, i budsjettet vart vedteke å overføra ansvaret for tilsynet med større næringsmiddelverksemder og for importkontrollen med næringsmiddel, til Statens næringsmiddeltilsyn. Kommunane fekk trekk i inntektssystemet på 32,5 mill. kroner rekna etter folketal. Dei kommunane som har oppgåver på dei aktuelle områda, vil få betalt frå desse midlane. Ifølgje forslaget har ordninga ført til problem med å følgja opp det lovpålagte tilsynet med alle næringsmiddelbedrifter og vil svekkja det lokale førebyggjande helsearbeidet.

       Vidare er det i framlegget vist til at tilsynet etter næringsmiddellova har vore eit kommunalt ansvar. Staten har aldri gitt kommunane øyremerkte tilskott til arbeidet. Dei kommunane som ikkje har importkontroll eller « EØS-bedrifter » har mist ei viktig finansieringskjelde, utan at oppgåvene er reduserte. Folketal som kriterium for inndraging slår negativt ut spesielt for kommunar med få innbyggjarar.