2. Merknader frå komiteen

     Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Magne Aarøen, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, syner til at i Ot.prp. nr. 86 (1993-1994) gjekk Regjeringa inn for å overføra ansvaret for tilsynet med importkontrollen og større næringsmiddelverksemder til Statens næringsmiddeltilsyn (SNT). Dette skjedde som direkte følgje av EØS-avtalen, der Norge vart forplikta til å endra ei rekkje lover og forskrifter for å harmonisera desse med EU-lovgiving. EØS-avtalen pålegg staten eit generelt ansvar for tilsyn med produksjon av animalske næringsmidlar. Det var dessutan ønskje om ein meir samordna og effektiv kontroll.

       Komiteen syner til at endringane i ansvaret for næringsmiddeltilsynet er omtala i St.prp. nr. 1 (1994-1995). Her er det streka under at den kommunale næringsmiddelkontrollen (KNT) fortsatt skal gjennomføra kontrollen, men på oppdrag frå SNT.

       Komiteen har i Innst.O.nr.3 (1994-1995) understreka verdien av at norsk næringsmiddelkontroll fortsatt skal byggja på eit desentralisert system. Likeins at det faktiske tilsynet med verksemda skal utøvast av det lokale apparatet og den kompetansen som KNT representerer.

       Komiteen har merka seg Kommunenes Sentralforbund (KS) sine synspunkt i brev til komiteen av 26. oktober 1994 og 11. mars 1995. Der vert det peika på at kommunar utan importkontroll og med få eller ingen store bedrifter, vert trekte for store beløp i sine statstilskot utan at dei får reduserte oppgåver. Breva frå KS følgjer innstillinga som vedlegg.

       Komiteen syner til at Landbruksdepartementet i brev av 7. april 1995 til komiteen har gjort nærare greie for nyordninga. Brevet frå Landbruksdepartementet følgjer innstillinga som vedlegg.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Fremskrittspartiet, tar ikke stilling til de ulike synspunktene som har framkommet, men ber om at Regjeringen lar Kostnadsberegningsutvalget vurdere de ulike økonomiske følgene ved omleggingen. Flertallet viser til en enstemmig innstilling fra næringskomiteen i Innst.O.nr.3 (1994-1995) hvor man la til grunn at en omlegging av tilsynsstrategien skulle skje innenfor de nåværende ressursmessige rammer for tilsynsmyndighetene. Flertallet vil understreke at kostnadsberegning ikke må føre til en utsettelse av gjennomføringen av fase II eller at næringsmiddelkontrollen er et statlig ansvar.

       Komitémedlemene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti syner til dei reaksjonane som er komne frå kommunesektoren på inndraging av rammetilskotet til kommunane som følgje av omorganiseringa av KNT. Desse medlemene er samde i å be Regjeringa la Kostnadsberekningsutvalet vurdera dei økonomiske følgjene ved omlegginga.

       Komiteen ber om at Stortinget vert informert om resultatet av vurderinga frå Kostnadsberekningsutvalet på ein høveleg måte.