Vedlegg 2: Brev til næringskomiteen fra Kommunenes Sentralforbund, datert 11. mars 1995:

Finansiering av det kommunale næringsmiddeltilsyn - statleg overtaking

       Styret i Kommunenes Sentralforbund har på møte 07.03.95 vedteke følgjande fråsegn:

       « Kommunenes Sentralforbund viser til vedtaket i Stortinget om overføring av ansvaret for importkontroll og tilsynet med næringsmiddelverksemder som har regional, landsdekkjande eller eksportretta karakter, til staten.

       Kommunenes Sentralforbund finn det heilt meiningslaust at den statlege overtakinga av delar av næringsmiddelkontrollen skal finansierast ved å redusere rammetilskotet til kommunane slik det er gjort i statsbudsjettet for 1995. Kommunar utan importkontroll, og med få eller ingen animalieverksemder vart frå 1.1.95 fråtekne ressursar - på grunn av oppgåver dei aldri har gjort, eller fått betalt for tidlegare. Trekket som er gjort i rammetilskotet er dessutan større enn det dette tilsynet samla har kosta.

       KS krev at fase 2 - overføring av ansvaret for kjøttkontrollen og tilsynet med verksemder som har regional, landsdekkjande eller eksportretta karakter - ikkje vert finansiert på same måte som fase 1. Det vil i så fall føre til svært sterke reaksjonar i komunesektoren. Vi ber om at fordeling av ressursar mellom kommunane vert meir i samsvar med slik oppgåvene er fordelt, og at det vert tilført « friske » midlar til omorganisering av næringsmiddeltilsynet i fase 2. »