Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om forslag fra Johs. Andenæs, vedtatt sett fram av Jo Benkow, til ny § 75 bokstav l i Grunnlova.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 171 (1994-1995)
  • Kildedok: Dokument nr. 12:9 (1991-92)
  • Dato: 30.05.1995
  • Utgiver: kontroll- og konstitusjonskomiteen

1. Innledning

   Til Stortinget.

       Det ovanfor nemnde grunnlovsforslaget er sett fram av representanten Jo Benkow på vegne av Johs. Andenæs, og tek sikte på å grunnlovfeste ordninga med Stortingets obodsmann for forvaltninga (Sivilombodsmannen).

       Sivilombodsmannsordninga har i dag sitt rettslege grunnlag i lov av 22. juni 1962 nr. 8 og Stortinget sin instruks av 19. februar 1980.

       Ombodsmannen er Stortinget sin tillitsmann og har som oppgåve å søkje å sikre at det i den offentlege forvaltninga ikkje skjer urett mot den einskilde borgaren. Oppgåva til Ombodsmannen er for det meste å gjere undersøkingar og handsame klager frå publikum, men Ombodsmannen kan også ta opp saker på eiga hand. Dersom Ombodsmannen blir merksam på manglar ved lover, føresegner eller administrativ praksis, kan han gi vedkomande departement melding om det. Ombodsmannen gir Stortinget årleg melding om verksemda si. Får Ombodsmannen kjennskap til forsømming eller feil av større omfang eller rekkjevidde, kan han gi Stortinget og vedkomande forvaltningsorgan særskilt melding om det. Ombodsmannen skal vere ein nøytral og uavhengig kontrollinstans.

       Det heiter i grunngjevinga for grunnlovsforslaget at denne ordninga no bør kunne grunnlovfestast. Ordninga har verka i over 30 år og har vakse inn i og vorte ein naturleg del av det norske styringssystemet. Då Ombodsmannen er Stortinget sin tillitsmann og har som oppgåve å kontrollere den offentlege forvaltninga, vil det vere naturleg at ordninga får si forankring i Grunnlova. Det blir hevda at dette vil vere med på å markere den vekta vår forfatning legg på rettstryggleiken for den einskilde borgaren og verdien av å føre ein løpande kontroll med verksemda til forvaltninga.

       Det heiter vidare i grunngjevinga at ei slik grunnlovfesting vil vere i samsvar med det som er situasjonen i Danmark, Finland og Sverige, samt i ei rekkje andre land som har skipa parlamentariske ombodsmannsordningar. Det blir vidare synt til at ei slik grunnlovfesting også vil vere ei oppfølging av dei internasjonale freistnadene som går føre seg for å styrkje dei demokratiske institusjonane i det store og heile og den parlamentariske ombodsmannsordninga spesielt.

       Forslagsstillaren syner til at den norske ombodsmannsordninga har den danske ordninga som sitt næraste førebilete. Den danske Grundlova av 1953 § 55 lyder:

       « Ved lov bestemmes, at Folketinget vælger en eller to personer, der ikke er medlemmer av Folketinget, til at have indseende med statens civile og militære forvaltning. »

       Det føreliggjande forslaget er likevel nærare knytt til formuleringane i den norske ombodsmannslova og til den føreliggjande ombodsmannspraksisen.

       Forslaget er utforma i to alternativ.

       I Grunnlova vert det foreslått følgjande endringar:

Alternativ I:

       I § 75 gjøres følgende endringer:

I.

Bokstav l skal lyde:

       « at vælge en Person, der ikke er Medlem af Storthinget, til, paa en Maade som er nærmere bestemt i Lov, at have Indseende med den offentlige Forvaltning og alle som virker i dens Tjeneste, for at søge at sikre at der ikke øves Uret mod den enkelte Borger; »

II.

Nåværende bokstav l blir bokstav m.

Alternativ II:

       Som alternativ I med den endring at det i stedet for å vælge står udnævne.

2. Merknader frå komiteen

   Komiteen viser til at ombodsmannsordninga skal vera med på å styrkja og tryggja den enkelte si rettsstilling i høve til forvaltinga. Sivilombodsmannsordninga skal vera ein rettstryggleiksgaranti for den einskilde innbyggjar, og fyller såleis ein viktig funksjon i demokratiet vårt.

       Komiteen legg i si vurdering til grunn at ei grunnlovfesting av ordninga vil medverka til at ombodsmannsordninga vert ein fast del av styringssystemet vårt, og såleis vil medverka til å forsterka denne ordninga.

       Komiteen viser til at den svenske ombodsmannsinstitusjonen er heimla i den svenske forfatninga, jf. Regjeringsformen kap. 12 § 6. I Danmark vart ei føresegn om ombodsmannsordninga teke inn i Grundlova av 1953, jf. § 55.

       Komiteen finn det naturleg at ombodsmannsordninga i Norge får det same formelle rammeverk som i Danmark og Sverige, sett i høve til vesentlege likskapar elles i organisering og mynde.

       Komiteen viser vidare til den internasjonale ombodsmannskonferansen i Madrid i 1992, kor det i ei felles fråsegn vart lagt til grunn at ombodsmannsordninga i dei einskilde landa burde gjevast ei fast lovmessig forankring. Etter komiteen si meining talar dette også for at ordninga vert grunnlovfesta.

       Ei grunnlovfesting vil kunne medverka til auka medvit om og kjennskap til ordninga, noko som er viktig for at ordninga skal kunna fylla funksjon sin med å vera garantisten åt den enkelte mot vilkårleg framferd og urett i møte med forvaltninga. I så måte er det viktig at ordninga vert gjort mest mogeleg kjent for ålmenta.

       Komiteen viser til at ombodsmannsordninga har verka i over 30 år, og at det har vore ei stadig auke i talet på dei som vender seg til Sivilombodsmannen. På bakgrunn av både dei positive erfaringane med ordninga, og utviklinga av eit omfattande offentleg byråkrati, samt den klåre trongen for ei slik ordning, meiner komiteen at ordninga bør takast inn i Grunnlova.

       Komiteen meiner det er naturleg å få same ordbruk som gjeld for Riksrevisor i Grunnlova, der det heiter at Stortinget udnævner Riksrevisor.

3. Komiteen si tilråding

   Komiteen viser til det som er sagt i merknadene og rår Stortinget til å gjera følgjande

vedtak:

       Forslag nr. 9 alternativ II i Dok.nr.12:09 (1991-1992) - om ny § 75 bokstav l i Grunnlova - vert vedteke.

       Forslag nr. 9 alternativ I i Dok.nr.12:09 (1991-1992) - om ny § 75 bokstav l i Grunnlova - vert ikkje vedteke.

Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 30. mai 1995.

Petter Thomassen, Rita Tveiten, Kjellbjørg Lunde,
leiar. ordførar. sekretær.