Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Departementet orienterer om at utgifter til AFIS-tilskot ved Notodden lufthavn, om lag 250.000 kroner, blir dekt innanfor ramma av løyvinga på kap. 1311, post 60 tilskot til ikkje-statlege flyplassar, i 1995.
Det vert i denne samanheng vist til at ved handsaminga av St.meld. nr. 15 (1994-1995) Om statens engasjement i regional luftfart, jf. Innst.S.nr.128 (1994-1995), ber samferdselskomiteen om at ein opprettheld AFIS-tilskotet til Notodden lufthavn til forhandlingane med flyselskapet Teddy Air om ny rutedrift er avslutta, i inntil 1/2 år.
Komiteen har ingen merknader.
Samferdselsdepartementet foreslår at Hasvik kommune kan forskottere inntil 5 mill. kroner til asfaltering av rullebana ved Hasvik lufthavn, mot refusjon, utan renter, i 1996.
Dersom rullebana skal stå ferdig med asfalt til sommaren 1996, er det nødvendig med tilsegn og gjennomføring av arbeidet sommaren 1995. Ved handsaminga av St.meld. nr. 15 Om statens engasjement i regional luftfart, jf. Innst.S.nr.128 (1994-1995), slutta Stortinget seg til at staten tar opp forhandlingar med Hasvik kommune med sikte på statleg overtaking av flyplassen i Hasvik.
Komiteen har ingen merknader.
Under luftfartsformål blir det gjort framlegg om revisjon av budsjettet for 1995 for Luftfartsverket.
Totalt blir overslag inntekter auka med 16,7 mill. kroner. Det blir foreslått å trekkje 77,5 mill. kroner frå reguleringsfondet, av dette går 14,6 mill. kroner til å dekkje auka driftsutgifter og 62,9 mill. kroner til dekning av framskunda investeringar. Reguleringsfondet vil med dette bli på om lag 136,5 mill. kroner ved utgangen av 1995.
Driftsutgiftene aukar med 31,3 mill. kroner. Hovudårsaka er naudsynt auke i mannskapet som følgje av vekst i flytrafikken og tilgang på nye bygningsareal og anlegg. I tillegg har det oppstått høgare kostnader i samband med intensivert utdanning av flygeleigarar.
Det vert vidare foreslått å auke avsetninga til investeringsformål med 62,9 mill. kroner. Beløpet kjem fram ved følgjande disponeringar:
| - | Forsert overtaking av privat grunn på Gardermoen med 56,0 mill. kroner. |
| - | Forsert forlenging av rullebana på Vigra med 21,5 mill. kroner og |
| - | Generell reduksjon av investeringsramma med -14,6 mill. kroner. |
Komiteen har ingen merknader.
Staten v/Samferdselsdepartementet har 6.290.839 aksjar à kr 25 i Det Norske Luftfartsselskap A/S. Dette svarar til 50 % av aksjekapitalen i selskapet.
Til generalforsamlinga i selskapet 11. mai 1995 har styret gjort framlegg om eit utbytte på kr 7,- pr. aksje. Med atterhald om at generalforsamlinga seier seg samd i framlegget, blir det på nytt kap. 5623 Aksjar i Det Norske Luftfartsselskap A/S, post 80 Utbytte, ført opp ei løyving på kr 44.036.000.
Komiteen har ingen merknader.