Innstilling frå samferdselskomiteen om ein del løyvingsendringar m.v. på Samferdselsdepartementets område.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 179 (1994-1995)
  • Kildedok: St.prp. nr. 53 (1994-95)
  • Dato: 01.06.1995
  • Utgiver: samferdselskomiteen

Innledning

     Til Stortinget.

       Samferdselsdepartementet viser til at løyvingsendringane som vert foreslått i proposisjonen må sjåast i samanheng med Regjeringa sitt samla opplegg for vidareføring av ein stram finanspolitikk, og som går fram av St.prp. nr. 51 (1994-1995) Ompriorteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 1995.

       Samla blir det gjort framlegg om ein netto auke av utgiftsløyvingane med 81,8 mill. kroner, og av inntektsløyvingane med 224,436 mill. kroner.

1. Luftsfartsformål

1.1 Kap. 1311 Tilskot til ikkje-statlege flyplassar

AFIS-tilskott til Notodden lufthavn

       Departementet orienterer om at utgifter til AFIS-tilskot ved Notodden lufthavn, om lag 250.000 kroner, blir dekt innanfor ramma av løyvinga på kap. 1311, post 60 tilskot til ikkje-statlege flyplassar, i 1995.

       Det vert i denne samanheng vist til at ved handsaminga av St.meld. nr. 15 (1994-1995) Om statens engasjement i regional luftfart, jf. Innst.S.nr.128 (1994-1995), ber samferdselskomiteen om at ein opprettheld AFIS-tilskotet til Notodden lufthavn til forhandlingane med flyselskapet Teddy Air om ny rutedrift er avslutta, i inntil 1/2 år.

       Komiteen har ingen merknader.

Asfaltering av rullebana ved Hasvik lufthavn

       Samferdselsdepartementet foreslår at Hasvik kommune kan forskottere inntil 5 mill. kroner til asfaltering av rullebana ved Hasvik lufthavn, mot refusjon, utan renter, i 1996.

       Dersom rullebana skal stå ferdig med asfalt til sommaren 1996, er det nødvendig med tilsegn og gjennomføring av arbeidet sommaren 1995. Ved handsaminga av St.meld. nr. 15 Om statens engasjement i regional luftfart, jf. Innst.S.nr.128 (1994-1995), slutta Stortinget seg til at staten tar opp forhandlingar med Hasvik kommune med sikte på statleg overtaking av flyplassen i Hasvik.

       Komiteen har ingen merknader.

1.2 Kap. 2450 Luftfartsverket (jf. kap. 5450, 5491 og 5603)

       Under luftfartsformål blir det gjort framlegg om revisjon av budsjettet for 1995 for Luftfartsverket.

       Totalt blir overslag inntekter auka med 16,7 mill. kroner. Det blir foreslått å trekkje 77,5 mill. kroner frå reguleringsfondet, av dette går 14,6 mill. kroner til å dekkje auka driftsutgifter og 62,9 mill. kroner til dekning av framskunda investeringar. Reguleringsfondet vil med dette bli på om lag 136,5 mill. kroner ved utgangen av 1995.

       Driftsutgiftene aukar med 31,3 mill. kroner. Hovudårsaka er naudsynt auke i mannskapet som følgje av vekst i flytrafikken og tilgang på nye bygningsareal og anlegg. I tillegg har det oppstått høgare kostnader i samband med intensivert utdanning av flygeleigarar.

       Det vert vidare foreslått å auke avsetninga til investeringsformål med 62,9 mill. kroner. Beløpet kjem fram ved følgjande disponeringar:

- Forsert overtaking av privat grunn på Gardermoen med 56,0 mill. kroner.
- Forsert forlenging av rullebana på Vigra med 21,5 mill. kroner og
- Generell reduksjon av investeringsramma med -14,6 mill. kroner.

       Komiteen har ingen merknader.

1.3 Kap. 5623 Aksjar i Det Norske Luftfartselskap A/S

       Staten v/Samferdselsdepartementet har 6.290.839 aksjar à kr 25 i Det Norske Luftfartsselskap A/S. Dette svarar til 50 % av aksjekapitalen i selskapet.

       Til generalforsamlinga i selskapet 11. mai 1995 har styret gjort framlegg om eit utbytte på kr 7,- pr. aksje. Med atterhald om at generalforsamlinga seier seg samd i framlegget, blir det på nytt kap. 5623 Aksjar i Det Norske Luftfartsselskap A/S, post 80 Utbytte, ført opp ei løyving på kr 44.036.000.

       Komiteen har ingen merknader.

2. Vegformål

2.1 Reduksjon av løyvingane til riksvegsinvesteringar

       Som ein del av det finanspolitiske opplegget som Regjeringa legg fram i samband med revidert nasjonalbudsjett 1995, gjer Samferdselsdepartementet framlegg om ei innstramming på 95 mill. kroner i investeringane til riksvegar. I tillegg kjem ein reduksjon på 3,6 mill. kroner som har si årsak i redusert arbeidsgiveravgift frå 1. janaur 1995. Departementet gjer framlegg om at investeringane over kap. 1322 blir redusert med i alt 98,6 mill. kroner. Reduksjonen blir fordelt med 50 mill. kroner på prosjekt som får ei seinare framdrift i 1995 enn tidlegare rekna med eller som først kjem i gang i 1996.

Komiteens merknader

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, viser til at det i samband med B.innst.S.nr.II (1994-1995) blei vedtatt en bevilgning på 10 mill. kroner til E18 i Østfold på strekningen Ørje-Mysen.

       Flertallet vil på dette grunnlag gå inn for at bevilgningen på 10 mill. kroner til E18 på strekningen Ørje-Mysen opprettholdes.

       Flertallet slutter seg for øvrig til proposisjonen og vil derfor sette fram følgende forslag:

« Kap. 1322 Statens veganlegg (jf. kap. 4322)
   30  Riksveganlegg,
      kan overførast, blir redusert med
kr 88.600.000


       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil imidlertid streke under at dette ikke medfører en forsering av E18 i Østfold i høve til NVVP 1994-97.

       Komiteens medlem frå Kristeleg Folkeparti vil peike på at det hastar med å starte utbygginga av E18 i Østfold på strekninga Ørje-Mysen.

       Komiteens medlemer fra Senterpartiet går inn for å oppretthalde løyvinga til riksvegar og viser til dei store behova det er for utbetring og styrking av vegnettet generelt.

       Desse medlemene viser vidare til at det også er store behov for større investeringar i fylkesvegnettet.

       Desse medlemene vil peike på at dersom plansituasjonen ikkje er avklart på E6, E16, E18, rv 174 og rv 190 som er nemnde i proposisjonen, kan midlane overførast til andre parsellar på dei same vegane.

       Desse medlemene vil føreslå at inntil 50 mill. kroner vert ført over frå kap. 1322 Statens veganlegg til kap. 1323 Tilskot til fylkesveganlegg.

       Desse medlemene vil støtte forslaget om ein reduksjon på 3,6 mill. kroner som ein konsekvens av redusert arbeidsgjevaravgift frå 1. janaur 1995.

       Desse medlemene fremjer difor følgjande forslag:

« Kap. 1322

Statens veganlegg (jf. kap. 4322)
30 Riksveganlegg, kan overførast, blir redusert
med kr 53.600.000

Kap. 1323

Tilskott til fylkesveganlegg
60 Tilskott til fylkesveganlegg og Aksjon skoleveg mv,
kan overførast, vert auka med kr 50.000.000

       Komiteens medlemmer fra Høyre har gjennom flere budsjetter pekt på behovet for økte investeringer i vegsektoren for gjennom det å bedre framkommeligheten og redusere transportkostnadene.

       Disse medlemmene har derfor i budsjettet for 1995 ikke kunnet støtte flertallets forslag om reduserte bevilgninger på riksvegbudsjettet.

       Disse medlemmene viser i denne sammenheng til Høyres forslag til investeringer i vegsektoren B.innst.S.nr.14 (1994-1995), et forslag som ville gitt betydelig økning i bevilgningene til investeringer til riksveger.

       Disse medlemmene kan ikke støtte en trend mot reduserte bevilgninger innen vegsektoren gjennom en ytterligere reduksjon på 95 mill. kroner, slik det legges opp til i proposisjonen. Disse medlemmene vil stemme mot en slik reduksjon av post 1322.

       Disse medlemmene vil støtte forslaget om en reduksjon på 3,6 mill. kroner som en konsekvens av redusert arbeidsgiveravgift fra 1. januar 1995.

       Disse medlemmene fremmer derfor følgende forslag:

« Kap. 1322

Statens veganlegg (jf. kap. 4322)
30 Riksveganlegg, kan overførast, blir redusert
med kr 3.600.000

2.2 Fastlandssamband til Lofoten

       Samferdelsdepartementet orienterer om ei ny utgreiing om fastlandssambandet til Lofoten.

       I St.meld. nr. 32 (1988-1989) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1990-93 blei Stortinget orientert om planarbeidet med fastlandssamband til Lofoten (Lofast). Ved behandlinga gjekk komiteen inn for at Nordre trasé skulle veljast, jf. Innst.S.nr.214 (1988-1989). I det vidare planarbeidet vart derfor det andre hovudalternativet med tunnel under Hadselfjorden utelukka.

       I proposisjonen vert det orientert om planarbeidet og framdrifta av sambandet.

       Av høyringsfråsegnene til konsekvensutgreiinga om Nordre trasé går det fram at det ikkje lenger er lokal semje i saka. Vesterålen regionråd og kommunane i Vesterålen inkl. Hadsel kommune, går inn for å byggje Hadselfjordtunnelen før resten av Lofast. Lofotrådet og kommunane i Lofoten, med unntak av Hadsel, går inn for å byggje ut Lofast mot Gullesfjordbotn eller Kanstad/Lødingen.

       Med dei store naturvernkonfliktane i området ligg det til rette for eit særs komplisert arbeid med fylkesdelsplan og seinare reguleringsplan, med moglegheiter for motsegner på begge nivå. Kryssing av Hadselfjorden er no bragt inn i denne prosessen lokalt. Ei vidare planlegging berre for Nordre trasé vil bli ytterlegare komplisert utan klargjering av dette alternativet. På bakgrunn av dette gjer Samferdselsdepartementet framlegg om at konsekvensutgreiinga må supplerast med vurdering av ein tunnel under Hadselfjorden. Det må etter det gjennomførast ei ny høyring.

       Med bakgrunn i dei samla konsekvensutgreiingane og høyringa vil departementet på vanleg måte vurdere dei ulike alternativa for fastlandssamband eller kombinasjon av løysingar.

       Departementet reknar ikkje med at ferdigstillinga av Lofoten sitt fastlandssamband blir seinka sjølv om ein i denne fasen nyttar ekstra tid til konsekvensutgreiing av Hadselfjordtunnelen.

Komiteens merknader

       Komiteen viser til følgjande merknader frå samferdselskomiteen i Innst.S.nr.214 (1988-1989) Om Norsk veg- og vegtrafikkplan 1990-93:

       « Komiteen har merket seg den enighet det er på det lokale og fylkeskommunale plan i valg av trase for å få en fastlandsforbindelse til Lofoten.
       Komiteen er enig i at Nordre trase velges og oppstart skjer i perioden. »

       Komiteens fleirtal, medlemene frå Senterpartiet, Høyre og Kristeleg Folkeparti, viser til at grunnlaget for Stortinget sitt val av Nordre trase var den store semje om dette linevalet lokalt.

       Fleirtalet meiner at dersom ein skal utgreie tunnel under Hadselfjorden som alternativ traseval, må det ligge føre ein politisk uttale frå Nordland fylkeskommune i saka.

       Fleirtalet er kjent med at Nordland fylkesting er samla til møte 12. juni d.å.

       Fleirtalet meiner difor at ein uttale frå fylkestinget kan liggje føre før Stortinget slutthandsamar denne saka.

       Fleirtalet vil sette fram følgjande forslag:

       « Stortinget tek stilling til utgreiing av Hadselfjordtunnelen når saka er politisk handsama i Nordland fylkeskommune. »

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til de miljø- og naturvernkonflikter som en videreføring av nordre trase til Gullesfjordbotn eller Kanstad/Lødingen vil møte. Disse medlemmene viser her til Direktoratet for naturforvaltning og fylkesmannen i Nordland. Disse medlemmene viser videre til vegsjefens skissering av alternativer som bringer nye moment inn i saken.

       Disse medlemmene ser det som svært uheldig at disse nye elementer i saken ikke har fått en politisk behandling av Nordland fylkesting. Men en utsetting av stortingsbehandling av saken vil føre til ytterligere forsinkelse, noe disse medlemmene finner uforsvarlig.

       Disse medlemmene gir sin tilslutning til departementets forslag om utredning av tunnel under Hadselfjorden.

       Disse medlemmene forutsetter at når utredningen er fullført og valg av løsning er gjort, vil det medføre vegutløsning for befolkninga på østsida av Raftsundet, enten ved at Lofast videreføres over Raftsundet eller ved lokal vegutløsning etter lavere standard dersom tunnel under Hadselfjorden blir valgt.

2.3 Nordhordlandsbrua - alternativ seglingslei gjennom Bognøystraumen

       Samferdselsdepartementet orienterer om ei alternativ seglingslei gjennom Bognøystraumen i samband med Nordhordlandsbrua.

       Utgreiingar konkluderer med at Bognøystraumen slik den er i dag berre har kapasitet til å ta skip opp til 10.000 tdw. Det blir vidare konkludert med at leia bør ha ein kapasitet på 30.000 tdw. I St.prp. nr. 106 (1986-1987) Flytebru over Salhusfjorden i Hordaland var lagt opp til ei seglingslei med kapasitet til å ta skip opp til 70.000 tdw.

       Prosjektet er delt inn i to byggjetrinn. Kostnadene for 1. byggjetrinn er rekna til om lag 25 mill. kroner, dvs. ei innsparing i høve til overslaget på 42 mill. kroner for eit tilsvarande 1. byggjetrinn i St.prp. nr. 1 (1994-1995). 2. byggjetrinn omfattar sprenging av heile skjeret Blodflua m.m. og kostnadene er rekna til 50 mill. kroner.

       Samferdselsdepartementet syner til vurdering frå Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforskning (SNF) i Bergen om at første byggjetrinn kan vere samfunnsøkonomisk lønsamt, og at brukarar og utbyggjar er samde om ei løysing der utsprenginga av første byggjetrinn blir starta som planlagt i september 1995. Eit eventuelt 2. byggjetrinn vil bli vurdert når ein har nok røynsle med 1. byggjetrinn.

       Komiteen har ingen merknader.

2.4 Fastlandssamband til Hitra og Frøya i Sør-Trøndelag, forskottering av delprosjektet Hitra - Frøya

       Samferdselsdepartementet foreslår at Hitra - Frøya Fastlandssamband AS kan forskottere staten sin del i prosjektet Hitra - Frøya, mot refusjon, utan renter, i perioden 1998-2000.

       Fastlandssambandet til Hitra og Frøya omfattar tre delprosjekt: Hitra - Fjellværøy (opna 1992), Hitra - fastlandet (opna desember 1994) og Hitra - Frøya. Prosjektet avløyser tre ferjesamband. Dei totale kostnadene var opprinneleg rekna ut til om lag 800 mill. 1995-kroner.

       Prosjektet blir finansiert gjennom ein kombinasjon av statlege løyvingar, bompengar og tilskott frå Sør-Trøndelag fylkeskommune og kommunane Hitra, Frøya og Snillfjord. I St.prp. nr. 97 (1989-1990) var det føresett at om lag 512 mill. 1995-kroner skulle finansierast gjennom statlege løyvingar, om lag 200 mill. kroner gjennom innkrevjing av bompengar og om lag 87 mill. kroner gjennom lokale tilskott.

       Kostnadene for Hitra - Fjellværøy og Hitra - fastlandet har blitt 119 mill. kroner lågare enn føresett i St.prp. nr. 97 (1989-1990). Innsparingane har ført til lågare opptak av lån enn opprinneleg føresett.

       Dei tre delprosjekta var føresette gjennomførte etter kvarandre med eit opphald i anleggsdrifta på eitt år mellom kvart av dei tre prosjekta. Det var føresett anleggsstart i 1990 med fullføring i 2000, men både frå fagleg og politisk hald har ein sett det som nyttig med kontinuerlig gjennomføring av prosjekta.

       Samferdselsdepartementet ser det som umogleg å gje ekstra statlege løyvingar til prosjektet i vegplanperioden 1994-97. Ei framskunding er derfor avhengig av at bompengeselskapet forskotterer staten sin del av investeringane. Hitra Frøya Fastlandssamband AS har søkt om løyve til å forskottere staten sin del av investeringane ved bygging av delprosjektet Hitra - Frøya, mot refusjon i åra 1998, 1999 og 2000.

       Økonomien til bompengeselskapet må vurderast som svært god, går det fram av proposisjonen. Det er planlagt start på anlegget hausten 1995 eller så snart godkjent plan ligg føre, og trafikkopning i 1998.

       Staten sin del av kostnadsoverslaget for delprosjekt Hitra - Frøya varierer frå om lag 170 mill. kroner til om lag 210 mill. kroner, avhengig av kva for trasealternativ som blir valt. I tillegg kjem uvisse knytta til kostnadene for sjølve tunnelen.

       Utrekningane gjort av Vegdirektoratet gir som resultat at gjelda til bompengeselskapet vil vere nedbetalt i 2005-2006. Dette gir ein samla bompengeperiode på om lag 15 år, inkludert perioden med førehandsinnkreving. I St.prp. nr. 97 (1989-1990) var det føresett ein samla bompengeperiode på 21 år.

       I samband med forskotteringa er det naudsynt å utvide låneramme for bompengelånet. Sør-Trøndelag fylkeskommune og kommunane Hitra, Frøya og Snillfjord har fatta dei naudsynte garantivedtaka, men dette er enno ikkje avklara med Kommunal- og arbeidsdepartementet.

       Garantiansvaret er førebels avgrensa til 180 mill. 1995-kroner og fordelt mellom fylkeskommune og kommunar etter opprinneleg fordelingsplan.

       Så snart endeleg forskotteringssum og refusjonsplan er avklara, vil Vegdirektoratet inngå ny avtale med Hitra Frøya Fastlandssamband AS etter revidert standardavtale.

       Komiteen har ingen merknader.

3. Jernbaneformål

3.1 NSB sitt fiberkabelnett - samarbeidsavtale mellom NSB og Telenor AS om kommersiell utnytting av kapasitetsoverskotet i nettet

       NSB har i samarbeid med Telenor AS planlagd, utbygd og halde ved like eit fiberkabelanlegg langs med NSB sine jernbanetrasear sidan 1986. Fiberkabelanlegget er utbygd langs banestrekningane med om lag 2200 km pr. 31. desember 1994. Når nettet etter gjeldande planar er ferdig utbygd i år 2001, vil det dekkje stort sett alle jernbanestrekningar (om lag 4000 km).

       NSB sine fiberressursar blir nytta dels til overføring av signalinformasjon knytta til sikringa av tryggleiken i togdrifta, dels til annan intern kommunikasjon knytta til jernbanedrifta.

       Den delen av kommunikasjonen som er tryggleiksvár legg i dag beslag på eitt fiberpar som dermed ikkje kan nyttast til andre føremål. Ved tilknyting til moderne transmisjonsutstyr vil kapasiteten på det andre fiberparet overstige NSB sitt eige behov og vil kunne utnyttjast kommersielt.

       Kommersiell utnytting kan frigjere kapital i NSB, medan det for Telenor AS vil vere føremålstjenleg å kunne utnytte allereie eksisterande nettkapasitet, framfor å byggje nye fiberkabelanlegg i eigen regi.

       NSB og Telenor AS har forhandla fram ein ferdig avtale om leige av kapasitetsoverskottet i eksisterande nett, og om samarbeid om utbygging av nye fiberkabelanlegg m.v. Avtalen skal gjelda for ein periode på 15 år. I fyrste omgang skal Telenor AS leige overskottskapasitet i NSB sitt til ei kvar tid eksisterande nett i ein periode på 10 år mot ein leigepris på 220 mill. kroner. Leige og betalingsvilkår for dei 5 siste åra er fastsett til 110 mill. kroner.

       Samferdselsdepartementet ser positivt på avtalen.

       Telenor har i dag einerett på infrastruktur med nokre få unnatak. Denne eineretten er heimla i telegrafloven. I EU er det vedteke ein rådsresolusjon (ikkje-bindande rettsakt) som varslar oppheving av eineretten til infrastruktur i 1998. Dette spørsmålet er drøfta i framlegg til ny telelov, jf. Ot.prp. nr. 36 (1994-1995) Lov om telekommunikasjon.

       NSB kan sjølv ikkje leige ut linekapasitet til andre. Utleige kan difor berre skje til Telenor, i kraft av Telenor sin einerett til utbygging og drift av infrastruktur. Telenor AS skal sikre open og ikkje-diskriminerande tilgang til nettressursar og tenester som skal omfattast av eineretten.

       Utbygginga av NSB sine fiberkabelanlegg er finansiert over NSB sine budsjett og utgiftene har siden innføringa av nytt økonomisk styringssystem for NSB i 1990, blitt dekt fullt ut over kap. 1350 Statsbananes køyreveg. Mellom anna for at NSB skal ha incitament til å utnytte sine disponible ressursar best mogleg, meiner Samferdselsdepartementet at inntektene som følgje av avtalen må kome NSB til gode.

       Samferdselsdepartementet legg etter dette opp til at leigeinntektene på 110 mill. kroner som følgje av avtalen for 1995 vert bruttoført på kap. 4350, ny post 04 Leigeinntekter, samstundes med at vedteke budsjett for 1995 på kap. 1350 Statsbananes køyreveg blir auka med 110 mill. kroner. Samferdselsdepartementet foreslår at inntektene for 1995 på kap. 1350 blir disponert slik:


Mill. kr

Post 23 Drift og vedlikehald

Fjerning av kreosothaldige massar på Lillestrøm 18

Post 30 Investeringer i lina

Bergensbanen, Tunga-Finse/Gråskallen 20
Østfoldbanen, Dilling-Såstad-Haug (Råde) 15
Drammensbanen, Skøyen stasjon 10
Investeringar i mindre tiltak for å betre driftsforholda
på eksisterande infrastruktur 47 92

Sum kap. 1350 Statsbananes køyreveg 110


Komiteens merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre, viser til at Telenor AS har enerett til utbygging og drift av infrastruktur.

       Flertallet slutter seg avtalen som er inngått mellom NSB og Telenor AS.

       Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at utviklingen ute i verden går mot mer deregulering innen tele- og databransjen. Dette skjer fordi en gjennom konkurransen ønsker å gi forbrukerne de beste og billigste tjenestene.

       Disse medlemmene ser denne utviklingen som et viktig virkemiddel til bedret konkurranseevne, produktutvikling og økt sysselsetting .

       Disse medlemmene ser det fremlagte forslaget som et skritt mot ytterligere å forsterke Telenors dominans over teledatanettet. Disse medlemmene er imot en slik utvikling som vil føre til en ytterligere monopolisering med negative følger for forbrukerne.

       Disse medlemmene mener hensynet til forbrukerne må komme i første rekke. Disse medlemmene mener departementets linje i denne saken vil påføre forbrukerne et løpende tap.

       Disse medlemmene mener videre at markedsverdien på NSBs fiberkabelnett kan være langt høyere enn den fastsatte leiepris til Telenor. Dette til tross for dagens monopol på leide linjer. Dette blant annet fordi leide linjer er selve konstruksjonselementet i et fremtidig avmonopolisert marked og av den grunn vil kunne ha stor strategisk interesse for aktuelle markedsaktører. Disse medlemmene mener en derfor burde ha åpnet for andre anbydere enn Telenor.

       Disse medlemmene vil derfor gå imot det fremlagte forslaget og vil fremme følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen medvirke til at overskuddskapasiteten i NSBs fiberoptiske kabelnett legges ut på anbud slik at NSB kan velge sin forretningsforbindelse etter normale forretningsøkonomiske kriterier. »

       Disse medlemmene vil stemme imot forslagene til endringer på kap. 1350, postene 23 og 30, og kap. 4350, (ny) post 04.

4. Post

4.1 Kap. 2452 Postverket (jf. kap. 5452, 5491 og 5603)

4.1.1 Endring av budsjettfullmakt

       Ved handsaminga av statsbudsjettet for 1995 fekk Postverket mellom anna fullmakt til å fråvike sitt driftsbudsjett og fråvike sitt investeringsbudsjett med inntil 50 mill. kroner utan framlegg for Stortinget, dersom reguleringsfondet ikkje blir redusert under ei minimumsgrense på 200 mill. kroner.

       Det er naudsynt at Postverkets reguleringsfond har eit visst nivå for at Postverket framleis skal ha handlefridom. Samferdselsdepartementet kan likevel ikkje sjå at det er naudsynt å ha ei serskilt nedre grense for storleiken på reguleringsfondet i samband med ovannemnde fullmakt.

       Departementet foreslår at Postsverkets fullmakt til å gjere endringar på drifts- og investeringsbudsjettet får følgjande ordlyd:

       « Postverket kan i 1995, utan framlegg for Stortinget, dersom det kan dekkjast av reguleringsfondet:
a) fråvike sitt driftsbudsjett
b) fråvike sitt investeringsbudsjett med inntil 50 mill. kroner.
Komiteens merknader

       Komiteens fleirtal, alle unntatt medlemene frå Høyre, viser til merknader i B.innst.S.nr.14 (1994-1995):

       « Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre, vil understreke nødvendigheten av at reguleringsfondet er av en slik størrelse at det sikrer Postverket en forsvarlig økonomisk handlingsfrihet og beredskap.
       Flertallet vil vise til at både samfunnets behov for et landsdekkende godt tilbud, ønsket om å motivere til en effektiv drift og det faktum at Postverket møter sterkere konkurranse på alle sine områder, forutsetter størst mulig sikkerhet for rammevilkårene utover budsjettåret. »

       Fleirtallet vil peike på dei store utfordringane Posten har i samband med auka konkurranse og den raske utviklinga innanfor elektronisk formidling.

       Fleirtalet viser vidare til at Stortinget ved fleire høve har peika på at Posten bør ha eit reguleringsfond på 600-800 mill. kroner.

       Fleirtalet meiner at det må vere eit mål å oppretthalde reguleringsfondet på dette nivået. Det må såleis vere heilt unntaksvis at reguleringsfondet blir redusert til under 200 mill. kroner.Fleirtalet slutter seg med grunnlag i dette til departementets forslag til endring av budsjettfullmakten og er samd i at det ikkje er nødvendig med ei nedre grense for storleiken på reguleringsfondet i samband med denne fullmakten.

       Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at partiet gjentakende ganger har fremmet forslag om å omgjøre Postverket til et A/S.

       Disse medlemmene mener en slik styringsform vil gi Postverket den nødvendige handlefrihet som er nødvendig i en stadig hardere konkurranse. Disse medlemmene har konstatert at regjering og stortingsflertallet ikke har villet bidra til en slik positiv løsning som foreslått av Høyre.

       Disse medlemmene mener det fremsatte forslaget om å ta bort den nedre grense på reguleringsfondet i stor grad bærer preg av en tilleggsbevilgning som ikke innebærer noen økt varig handlefrihet for Postverkets styre og ledelse.

       Disse medlemmene vil derfor gå imot det fremlagte forslag IV i proposisjonen.

5. Telekommunikasjonar

5.1 Kap. 1390 (ny) Etablering av Telenor AS (jf. kap. 4390)

       Samferdselsdepartementet foreslår nokre mindre budsjettendringar av meir teknisk art i samband med opningsbalansen for Telenor AS.

       Justeringar når det gjeld effekt av forkorta ferieår 1988 og etterrekningsavtalen med Tele-mobil AS, fører til at eigedelar og gjeld i opningsbalansen bør auke med i alt 7,5 mill. kroner. Departementet foreslår at dette blir gjort ved å auke fordringane og den langsiktige gjelda til staten. Dette inneber større nedbetaling i 1995, tilsvarande auken i gjelda på 7,5 mill. kroner.

       Komiteen har ingen merknader.

6. Forslag fra mindretall

Forslag frå Senterpartiet:

Forslag 1

Kap. 1322

Statens veganlegg (jf. kap. 4322)
30 Riksveganlegg, kan overførast, blir redusert
med kr 53.600.000

Kap. 1323

Tilskott til fylkesveganlegg
60 Tilskott til fylkesveganlegg og Aksjon skoleveg mv,
kan overførast, vert auka med kr 50.000.000

Forslag fra Høyre:

Forslag 2

Kap. 1322

Statens veganlegg (jf. kap. 4322):
30 Riksveganlegg, kan overførast, blir redusert
med kr 3.600.000

Forslag 3

       Stortinget ber Regjeringen medvirke til at overskuddskapasiteten i NSBs fiberoptiske kabelnett legges ut på anbud slik at NSB kan velge sin forretningsforbindelse etter normale forretningsøkonomiske kriterier.

7. Komiteens tilråding

     Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

       I statsbudsjettet for 1995 vert det gjort følgjande endringar:

I.
Utgifter:

Kap. 1322

Statens veganlegg (jf. kap 4322:
30 Riksveganlegg, kan overførast,
blir redusert med kr 88.600.000

Kap. 1350

Statsbananes køyreveg (jf. kap. 4350):
23 Drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast
under post 30, blir auka med kr 18.000.000
30 Investeringar i lina, kan overførast, blir auka
med kr 92.000.000

Kap. 2450

Luftfartsverket (jf. kap. 5450, 5491 og 5603):
24 Driftsresultat:
  Driftsinntekter kr -2.373.500.000
  Inntekter ikkje-statlege
  flyplassar kr -53.300.000
  Frå reguleringsfondet kr -77.500.000
  Driftsutgifter,
  overslagsløyving kr 1.213.200.000
  Avskrivningar kr 380.000.000
  Renter av statens kapital kr 57.200.000
  Kostnader ikkje-statlege
  flyplassar kr 49.000.000
  Til investeringsformål kr 783.900.000 kr -21.000.000
30 Flyplassanlegg, kan overførast, blir auka
med kr 62.900.000

Kap. 1390

(ny) Etablering av Telenor AS (jf. kap. 4390):
91 Langsiktig lån, blir løyvd med kr 7.500.000

Inntekter:

Kap. 5450

Luftfartsverket (jf. kap. 2450):
35 Til investeringsformål (overført frå kap. 2450,
post 24 Driftsresultat), blir auka med kr 62.900.000

Kap. 4350

Statsbananes køyreveg (jf. kap. 1350 og 1351):
04 (ny) Leigeinntekter, blir løyvd med kr 110.000.000

Kap. 4390

(ny)  Avslutning av forvaltningsbedriften Televerket
(jf. kap. 1390):
91 Overdraging av eigedelar, blir løyvd med kr 7.500.000

Kap. 5623

(ny) Aksjar i Det Norske Luftfartsselskap A/S:
80 Utbytte, blir løyvd med kr 44.036.000

II.

       Stortinget samtykkjer i at Hasvik kommune kan forskottere inntil 5 mill. kroner til asfaltering av rullebana ved Hasvik lufthavn, mot refusjon, utan renter, i 1996.

III.

       Stortinget samtykkjer i at Hitra Frøya Fastlandssamband AS kan forskottere staten sin del i prosjektet Hitra - Frøya, mot refusjon, utan renter, i perioden 1998-2000.

IV.

       Stortinget samtykkjer i at Postverket kan i 1995, utan framlegg for Stortinget, dersom det kan dekkjast av reguleringsfondet:

a) fråvike sitt driftsbudsjett
b) fråvike sitt investeringsbudsjett med inntil 50 mill. kroner.

V.

       Stortinget tek stilling til utgreiing av Hadselfjordtunnelen når saka er politisk handsama i Nordland fylkeskommune.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 1. juni 1995.

Magnus Stangeland, Solveig Torsvik,
leiar og ordførar. sekretær.