1. Om samtykke til ratifikasjon av ein frihandelsavtale med tilhøyrande vedlegg og protokollar mellom EFTA-statane og Slovenia

      Til Stortinget.

       Proposisjonen viser innleiingsvis til at frihandelsavtalane mellom EFTA-statane og dei sentral- og austeuropeiske landa - medrekna Slovenia - har som hovudmålsetjing å stø opp om dei økonomiske reformprosessane, medverke til omlegging til marknadsøkonomi og intergrere dei nye demokratia i europeisk økonomisk samarbeid. Med avtalane ønskjer EFTA-statane å gi eit handfast tilskot til oppbygginga av ein breiare samarbeidsstruktur i Europa når det gjeld økonomi og handel.

       I dei frihandelsavtalane som EFTA-statane har gjort med sentral- og austeuropeiske land er det lagt vekt på mest mogleg parallellitet med EU sine Europa-avtalar med dei same landa. På det tidspunktet EFTA innleidde forhandlingar med Slovenia hadde ikkje EU byrja forhandlingar med Slovenia om ein Europa-avtale. Opninga av forhandlingar mellom EU og Slovenia vart i ein periode blokkert av Italia på grunn av tvisten med Slovenia om eit eventuelt vederlag i samband med eigedommar som gjekk tapt etter den andre verdskrigen. Etter at frihandelsavtalen mellom EFTA og Slovenia var forhandla fram, fann ein likevel ei løysing på problemet, og EU og Slovenia har innleidd forhandlingar om ein Europa-avtale. Når EU har forhandla fram avtalen med Slovenia, blir eksportbedriftene i EFTA og EU gjennom sine respektive avtalar sikra mest mogleg like konkurransevilkår på den slovenske marknaden. For Slovenia sin del vil det føre til innføring av eit tilnærma likt handelsregime i høve til EFTA- og EU-området.

       Det blir i proposisjonen opplyst at frihandelsforhandlingane mellom EFTA-statane og Slovenia har gått føre seg på grunnlag av ei fråsegn om økonomisk samarbeid som vart underskriven i Reykjavik 20. mai 1992. Denne samsvarar med dei fråsegnene som EFTA tidlegare skreiv under med andre sentral- og austeuropeiske land og som legg grunnlaget for eit økonomisk og handelsteknisk samarbeid innanfor prioriterte handelsrelaterte område (korg II-programmet) og for å gjere ein frihandelsavtale (korg I). På det andre møtet i Den blanda komiteen under samarbeidsfråsegna mellom EFTA og Slovenia i november 1993 vart det vedteke å byrje arbeidet med å førebu forhandlingar om ein frihandelsavtale, med forhandlingsstart i januar 1994. Etter møtet i januar 1994 vart det likevel vedteke å utsetje forhandlingane om ein frihandelsavtale, noko seinare også forhandlingane om ein bilateral landbruksprotokoll. Dei viktigaste årsakene til dette var at EFTA ønskte å vente på ei avklaring i forhandlingssituasjonen mellom EU og Slovenia (på bakgrunn av tvisten med Italia) og på utfallet av spørsmålet om EU-medlemskap for dei fire EFTA-statane, ettersom nye EU-medlemmer må ta over alle avtalane som EU har med tredjeland.

       Slovenia hadde på si side alt i desember 1994 bede EFTA om nærare tilknytingar til dei fire attverande EFTA-statane. Under ministermøtet i EFTA 13.-14. desember 1994 vart det derfor semje om at EFTA skulle ta eit snarleg initiativ med sikte på å forhandle fram ein frihandelsavtale med Slovenia. Etter intense forhandlingar i perioden 20.-23. februar vart den føreliggjande frihandelsavtalen parafert i Genève 23. februar 1995.

       Det blir i proposisjonen peika på at frihandelsavtalen mellom EFTA-statane og Slovenia er forhandla fram i medhald av artikkel XXIV i GATT (Generalavtalen om tolltariffar og handel) om skiping av frihandelsområde og tollunionar. Avtalen byggjer i hovudsak på den avtaleforma som EFTA-statane nyttar i frihandelsavtalane sine med Polen, Ungarn, Den tsjekkiske republikken, Slovakia, Romania og Bulgaria, men er på visse punkt oppjustert i lys av utviklinga både innanfor EU når det gjeld opphavsreglar, og i tråd med vedtak under WTO.

       Avtalen mellom EFTA og Slovenia femner med få unntak om industrivarer, foredla landbruksprodukt, fisk og fiskevarer. Handelen med uforedla landbruksvarer er forhandla fram i særskilde nasjonale avtalar mellom kvar EFTA-stat og Slovenia. Desse utgjer ein viktig og integrert del av forhandlingsresultatet. Frihandelsavtalen og dei bilaterale landbruksavtalane blir lagde fram samla for WTO. I frihandelsavtalen med Slovenia har EFTA-statane godteke å avvikle all importtoll og avgifter med tilsvarande verknad, med unntak for visse sensitive produkt. For Noreg fører dette til ein overgangsperiode for tollavviklinga på visse tekstilprodukt. Tollen for desse varene skal gradvis reduserast og avskaffast heilt frå 1. januar 1999.

       Det blir vidare vist til at frihandelsavtalen mellom EFTA og Slovenia er asymmetrisk, liksom dei andre frihandelsavtalane mellom EFTA og sentral- og austeuropeiske land. Det fører med seg ikkje-gjensidige letnader i ein overgangsperiode ved at Slovenia skal avskaffe toll frå avtalen blir sett i verk, med unntak for ein del varer (sjå vedlegg i undervedlegg 4.2 i proposisjonen). Tollen på desse varene skal setjast ned etter fastlagde tidsplanar. Når overgangsperioden tek slutt 1. januar 2002, reknar ein med at det er innført full og gjensidig frihandel mellom EFTA-statane og Slovenia.

       Opphavsreglane i protokoll B er sette opp etter mønster av tilsvarande reglar i protokoll 4 i EØS-avtalen. Det fører til at protokoll B i frihandelsavtalen mellom EFTA og Slovenia er vidareutvikla i høve til tilsvarande protokollar i tidlegare EFTA-frihandelsavtalar. Dette er eit viktig steg mot ei harmonisering og liberalisering av opphavsregelverket og gir betre vilkår for kumulasjon med sikte på å utvikle eit alleuropeisk frihandelsområde. EU er også i gang med å oppgradere dei delane av Europa-avtalane med sentral- og austeuropeiske land som gjeld opphavsreglar, etter same mønster. På EU-toppmøtet i Essen hausten 1994 vart det semje om ein stegvis strategi for einsarta opphavsreglar i Europa. Noreg og dei andre EFTA-statane er svært interesserte i ei utvikling mot ei harmonisering av opphavsregelverket og eit alleuropeisk frihandelsområde som opnar for at økonomiske aktørar over heile Europa kan gjere bruk av europeisk materiale og importere og eksportere europeiske produkt utan omsyn til kva land i Europa varene kjem frå, eller kvar i Europa dei skal vidare i handel eller produksjon.

       Fisk og fiskevarer høyrer inn under frihandelsavtalen med eit vareomfang som svarar til vareomfanget i EFTA. Slovenia vil med visse unntak gje Noreg full frihandel for fisk og fiskevarer. Når det gjeld foredla landbruksvarer, har Slovenia gjeve tollkonsesjonar slik det er oppført i dei nasjonale varelistene. Noreg skal gje Slovenia tollreduksjonar på linje med letnadene i frihandelsavtalen med EF av 1973 (protokoll 2). Slovenia har på si side forplikta seg til å jamstelle import av oppgitte varer frå EFTA-land med tilsvarande import frå EU-land. Det er vidare ein føresetnad at partane inntil vidare skal kunne halde fram med ordninga med råvarepriskompensasjon (RÅK) for foredla landbruksvarer. RÅK-ordninga må på eit seinare tidspunkt takast opp til ny vurdering under frihandelsavtalen med Slovenia, i lys av at Noreg frå 1. juli 1995 innfører den nye WTO-avtalen for foredla landbruksvarer. Naudsynlege endringar følgjer òg av forhandlingsresultatet med EU innanfor ramma av EØS-avtalen om det framtidige RÅK-systemet.

       Ei sentral målsetjing for Slovenia under forhandlingane var å få best mogleg tilgang på EFTA-marknadene for landbruksprodukta sine. EFTA har gått med på slik tilgang innanfor ramma av den nasjonale landbrukspolitikken i EFTA-statane. Parallelt med frihandelsavtalen har dei ulike EFTA-statane forhandla fram bilaterale landbruksavtalar med Slovenia. I den bilaterale landbruksavtalen med Noreg, som femner om ein del uforedla landbruksvarer, har Slovenia fått einsidige tollkonsesjonar på grunnlag av oppmodingane sine.

       Avtalen har føresegner som gjeld handelsrelaterte område som konkurransereglar, statsstønad, statsmonopol, offentlege innkjøp og immateriell eigedomsrett, og har bygd inn generelle og meir særskilde verneartiklar som m.a. kan brukast for å verne miljøet. Dersom det melder seg alvorlege betalingsproblem, kan mottiltak setjast i verk. Ein utviklingsklausul gjer det mogleg å utvide avtaleomfanget til nye område som ikkje er dekte av avtalen. Vidare er avtalepartane samde om at gjennomføringa av frihandelsavtalen skal forvaltast av Den blanda komiteen som vart skipa mellom EFTA-statane og Slovenia i 1992. Komiteen har høve til å setje ned særskilde arbeidsgrupper som skal hjelpe til i arbeidet.

       Det blir i proposisjonen peika på at det for første gongen i ein EFTA-frihandelsavtale er vedteke å ta inn ei føresegn om at usemje mellom avtalepartane om tolkinga eller bruken av avtalen som ikkje er løyst gjennom forhandlingar i Den blanda komiteen, skal gå til skilsdom. Avtalepartane skal melde frå til kvarandre om iverksetjing av tiltak knytta til statsstønad, betalingsbalanseproblem, konkurransereglar for føretak, dumping, krisetiltak mot import av visse produkt, vidareeksport og alvorleg varemangel og oppfylling av skyldnadene i avtalen. I tilknyting til avtalen er det også utferda ein tilleggsprotokoll (« Record of Understandings ») som er ei politisk forståing av korleis somme sider ved avtalen skal gjennomførast.

       EFTA-avtalen er forhandla fram som ein multilateral avtale mellom Slovenia på den eine sida og EFTA-statane samla på den andre. Folkerettsleg er avtalen bindande mellom kvart EFTA-land og Slovenia gjennom identiske tekstar. Avtalen regulerer likevel ikkje det handelspolitiske samkvemmet EFTA-statane imellom.

       Proposisjonen minner om at lausrivinga av Slovenia frå det tidlegare Jugoslavia førte med seg store økonomiske kostnader til m.a. oppbygging av eit nasjonalt administrativt apparat og omstilling av det økonomiske rammeverket. Trass i dette har landet langt på veg greidd å gjennomføre ei vellykka omstilling og plasserer seg etter fire års sjølvstende mellom dei mest framståande reformlanda i Sentral- og Aust-Europa. Slovenia bør derfor ha utsikt til å bli ein sentral partnar i den framtidige samhandelen med EFTA-statane.

       Slik det er føresett i proposisjonen vart frihandelsavtalen mellom EFTA-statane og Slovenia underskriven i Bergen i tilknyting til ministermøtet i EFTA 13.-14. juni 1995. Den bilaterale landbruksavtalen mellom Noreg og Slovenia gjort ved brevveksling, blei underskriven samstundes. Frihandelsavtalen tek til å gjelde 1. juli 1995 for dei avtalepartane som innan denne datoen har deponert ratifikasjons- eller godkjenningsdokumenta sine hos regjeringa i Noreg som depositarstat. Denne og den bilaterale landbruksavtalen gjeld for Noreg heilt til Slovenia og/eller Noreg seier opp avtalen. Ettersom frihandelsavtalen først blei underskriven like før han skal ta til å gjelde, har Regjeringa sett det naudsynt å be Stortinget om samtykke til ratifikasjon før avtalen blei underskriven.

       Proposisjonen gjev ein detaljert gjennomgang av dei einskilde artiklar i avtalen, vedlegg og protokollar. Vedlagt er avtrykk av den paraferte avtaleteksten i engelsk originalversjon og norsk omsetjing, likeins for tilhøyrande vedlegg og protokollar til avtalen, og brevvekslinga mellom Noreg og Slovenia om landbruksvarer. Det er òg vedlegg med informasjon om dei økonomiske reformene i Slovenia (D), om handelen mellom Slovenia og EFTA-statane (E) og tilhøvet mellom frihandelsavtalen og det norske GSP-system (F).

       Spørsmålet om ratifikasjon er lagt fram for Finansdepartementet, Fiskeridepartementet, Landbruksdepartementet og Næringsdepartementet, som alle rår til samtykke. Utanriksdepartementet er samd i dette, heiter det i proposisjonen.